Grodås i Hornindal.
Datering
2019
Fotograf
Arne Myklebust

Grodås, Dosabruket, Døsi og Døskeland

Alle desse namna er gardsnamn eller bruksnamn, og har eitt ord til felles – Oluf Rygh forklarar det norrøne ordet «dys f» = «sammenkastet Stenhob, især om Gravrøser fra hedensk tid». Alf Torp definerer det slik: «liten Stenhob, gravhaug av stener». I stadnamna finn vi ordet skrive i ulike former og på fleire måtar: «dys», «døs», «dos», «dås», «dysje», «dysse» og «døsje».

Ordet er nok svært gammalt, gravrøysene stammar frå heidensk tid, men seinare har nok nemninga vore brukt om vanlege steinrøyser, moreneryggar og jamvel høystakkar. Ordet har nok i svært lang tid vore ute av dagleg bruk. Kjenner ikkje folk ordet og tydinga av stadnamna, diktar dei opp andre forklaringar. Slik kan det forvekslast med «ei dos» = kort skjørt til kvardagsbruk.

Gardsnamnet Grodås

Dette er opphavleg eit gardsnamn, men er utvida til å bli namnet på kommunesenteret i Hornindal kommune (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Bygdasenteret blir lokalt også kalla Sanden, av di det her ligg ei sandstrand langs vatnet, i austre enden av Hornindalsvatnet. Lokalt vart gardsnamnet tidlegare uttala /Grøddes/, dette namnet finn vi framleis bruk om setra deira, Grøddessetra.

Grodås er ikkje namn på ein «ås», men sisteleddet er «dys f». Namnet vert i Bergens Kalvskinn skrive «Groodys», seinare Gradis, Grodus, Graadaas m.fl. Føreleddet er truleg kvinnenamnet Groa. Oluf Rygh skriv: «Er Forklaringen rigtig, maa der i gammel Tid have været en Gravrøs paa Gaarden, hvori man har ment at en Kvinde af dette Navn laa begravet.» Namnet har hatt utviklinga Grodys > Grodøs > Grødøs.

 

Image
Singerhuset i Olden ligg på Dosa (Stryn kommune).
Datering
2018
Fotograf
Kristian Solvang

Dosabruket ligg i Olden

På garden Muri i Olden ligg Dosabruket. Der garden ligg, heiter det Dosa. Garden ligg sentralt i bygda og er nok svært gammal. Han har vore kyrkjestad, det har stått 3 kyrkjer der, den eldste var ei stavkyrkje. I dag står framleis Olden gamle kyrkje frå 1759. På garden er det også gjort fleire oldtidsfunn. Føreleddet er skrive «Dosa-» og uttala /'dO:sa/. Lyden /O/ er ein open o-lyd, nesten ein ø-lyd, og er typisk for dialekten i Indre Nordfjord. Her finn vi og Dosakjelda, ei oppkome, og Dosavegen. Turistattraksjonen Singerheimen står på Dosa. Kunstnaren William Henry Singer (målar) bygde atelier og villa her i åra 1914-1921.

Ordet «dos f» vert lett forveksla med klesplagget. På garden Visnes i Stryn finn vi Dosabakken. Her går setrevegen opp til Årheimssetra, og om lag halvvegs ligg denne bakken. Lokalt meiner dei at namnet kjem av at seterjentene bytte klede her, på veg til og frå setra. Eg meiner dette er ei typisk folkeetymologisk forklaring, fordi dei ikkje skjønar det gamle ordet «dos f». Det same trur eg gjeld forklaringa til namnet Dosevollen i Askvoll: «liten voll, ikkje større enn ei dos = skjørt». Men nemninga «dos f» vart og brukt om andre ting på gardane. På Breim var det også namn på «hå som stod i stakk ute.»

 

Image
Garden Døsa, Nedrebø på Ålhus.
Datering
2008
Fotograf
Arne Myklebust

Garden Døsi eller Døsen i Luster og bruket Døsa i Jølster

På garden Nedrebø i Jølster ligg bruket Døsa. I nærleiken finn vi Bentsendøsa. Den sistnemnde staden var ein dyrka teig, sikkert namna etter brukaren på Bentsenbruket. Døsa var tidlegare beite for krøttera til driftekarane. Der var det steingjerde rundt heile beitet. I Dale i Luster ligg garden Døsi. Dei som kjem derifrå, skriv seg for Døsen, det skriv og Oluf Rygh i «Norske Gaardnavne». Endinga -i viser at dette er eit hokjønnsord, det same som «dys f». Ned frå fjellet renn Døsjaelvi.

Ein tidlegare frukthage og slått, som ligg like ved fjorden i Leikanger, har også namnet Døsen. På garden Kyrkjeeide i Stryn er Heimedøsa og Norddøsa namn på moreneryggar ganske høgt til fjells.
Uttalen av ordet varierer mellom /-y-/, /-ø-/ og /-O-/ i fylket vårt, vi finn jamvel /-å-/. I Bremanger ligg Dåsavarden og i Vik Dåsen. Og i Hornindal altså Grodås = Gro-dås. Stadnamna har både ulik uttale og ulik skrivemåte.

 

Image
Døsi i Luster.
Datering
16.07.2019

Dys, Dysing og Dysingemyra

På garden Hopland i Stryn finn vi namnet Dys /dø:s/. Segna seier at det her var ein gammal bustad. Staden ligg vest for Hoplandselva, ganske høgt oppe. Stadane Dysing, Dysingenakken og Dysingemyra ligg i nærleiken. Men i dei 3 siste namna har føreleddet kanskje ei anna tyding. Aasen skriv at «Dysing m» kan vere det same som «Dusing m», som kjem av verbet «å duse» = kvile, stanse, sitje stille. I nyare norsk kallar vi det «å døse». Kanskje kan Dysingemyra ha noko med kvile i gjere. Og til sist - verbet «duse» kan og tyde «falle, styrte» - som vi brukar i uttrykket «leve i sus og dus». Tydinga av desse namna får stå open inntil vidare.

 

Image
Døskelandlandslia i Gaular.
Datering
Ca 1958
Fotograf
Johan Garnes
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Garden Døskeland

ligg i Sande i Gaular. Oluf Rygh føreslår skrivemåten Dysjeland, som også er eldre uttale av gardsnamnet. Den første skriftfestinga (ca.1350) er «Dysiarlande», seinare «Dysseland» og «Døsseland». Føreleddet «Dysjar-» er genitiv eintal av «dys f» = gravrøys. Gardsnamnet er ikkje eineståande, det finst bl.a. på fleire gardar på Sørvestlandet: Dysjaland, Dyskeland, Døsland og Døske.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Bergens Kalvskinn. (2016), Kildeutgivelser fra Riksarkivet, Oslo, utg. av Ole-Jørgen Johannesen, Oslo
Rygh. Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S (Digital utgave)
Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon, 2.utgåva. Oslo, Det norske Samlaget
Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag (Digital utgave)
Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug (Digital utgave)
Nynorskordboka (1986), Definisjons- og rettskrivningsordbok. Oslo, Det norske Samlaget (Digital utgave)
Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn. Bind II. Utgjeven av ei nemnd. (Digital utgave)
Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget
Gamle ord og uttrykk frå Breim (1998). Utgjeven av ei nemnd. (Digital utgave)

Sjå også