Innvik kyrkje. Bygd i 1822. Kyrkjebygninga som vart nytta til eidsavlegging i 1814 vart riven året før og var "een smuk Stave Bygning med et Schriftekammer bag Choret, og ett Taarn, samt et Waabenhuus og en Stiesvale på Nordre Side. Kirchen overalt tægt med Bod" (Stiftskrivaren i Bergenhus Stiftamt, 1721)

The octagonal church at Innvik has a unique style. Compared with the Loen church there can be no doubt whatsoever that this is a more elegant church building.

Datering
2003
Fotograf
Svein F. Rønne
Eigar
Stryn fellesråd

Grunnlovsjubileum – 1814 i Innvik prestegjeld

1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Innvik prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.

Særskild bededag – Innviksavlegging og val

 Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Image
Prins Christian Frederik (1786-1848), dansk tronfølgjar, portrettert av Johan Ludvig Lund i 1813 før han kom til Noreg som statthaldar sommaren same året. Christian Fredrik nekta å godta Kielfreden der Frederik 6. avstod Noreg til kongen av Sverige. Han var Noregs regent frå 16. februar, vart vald til konge i Noreg av riksforsamlinga på Eidsvoll 17. mai og abdiserte 8. oktober.
Datering
1814
Fotograf
Ukjend, http://creativecommons.org/publicdomain/mark/1.0/deed.no
Eigar
Eidsvoll 1814

 Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg Innvik på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

 Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Innviksvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 av «Menighedens Agtverdigste Mænd».

 Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

 Innvik prestegjeld 1814

Innvik prestegjeld i 1814 omfatta omtrent det geografiske området som i dag i hovudsak utgjer Stryn kommune. Det var heile 6 kyrkjer i prestegjeldet, organisert i eitt hovusokn, Innvik og 5 «annekssokn»: Utvik, Olden, Loen, Oppstryn og Nedstryn.

Prestegjeldet hadde 3898 innbyggjarar i 1801 og 4059 i 1815. Olden var det mest folkerike soknet i prestegjeldet.

Innvik var etter måten eit stort og folkerikt prestegjeld. Soknepresten på denne tida var Johan Sigfried Cammermeyer (1757-1744). Med seg i prestegjerninga hadde han ein residerande kapellan, som heldt til på prestegarden i Visnes i Stryn. I året 1814 var dette Bendix Bendixen Røtting (1775-1846). Han var residerande kappelan i åra 1808-1816. Deretter vart sokneprest i Ulvik prestegjeld i Hardanger.

Innvik hadde på denne tida inga fast skule, men 10 lærare heldt omgangsskule i dei 6 sokna i prestegjeldet. Skuleåret var mykje kortare enn i dag: om hausten 14. oktober – 15. desember, og om våren: 15. januar og utover, alt etter kor lenge ein fann det naudsynt. Det viktigaste elevane skulle lære var å lese, og derigjennom få kunnskap om huspostill, bibel og salmebok. Opplæring i «skrivekunsten» var det heller skralt med. Det kom inn i ordna former først seinare i hundreåret.

Innvik kyrkje

Kyrkjebygningen som i 1814 vart nytta til eidsavlegging og val til amtsmøte, eksisterar ikkje lenger. Ho vart riven i 1822. Kyrkja stod på same stad som kyrkja i dag, på garden Hilde i Innvik, tett ved prestegarden.

Det var ein stavkyrkje. Vi veit ikkje kor gammal denne kyrkja var, men truleg vart ho bygd kring år 1300. Vi har ikkje bilete av kyrkja, men i synfaringsrapportar som er oppbevart på Statsarkivet i Bergen kan vi danne oss eit inntrykk av kyrkja. I 1721 skildrar stiftsskrivaren i Bergen følgjande kyrkja på følgjande måte:

«[…Innvik kyrkje er] een smuk Stave Bygning med et SchrifteCammer bag Coret, og ett Taarn, samt et Waabenhuus og en Stiesvale på Nordre Side. Kirchen over alt tægt med Bord»

Det var ein stor stavkyrkje. Ho var i alt 61 alner lang (37 meter). I følgje Jacob Aaland var ho den neste største stavkyrkja i landet.

Soknepresten i Innvik 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. I Innvik var Johan Sigfried Cammermeyer (1757-1744) sokneprest i grunnlovsåret. Han kom som nemnt til Innvik i 1806, og var Innvik sin sokneprest i heile 36 år, til 1843. Då fekk han avskil i nåde i 1843, og døydde i Innvik året etter. Cammermeyer var gift tre gonger, og fekk i alt 13 born, 9 av dei voks opp. Heile 4 små born døydde i ekteskapet med første kona, Anna Jokumine.

Cammermeyer fekk i samarbeid med kapellanane Dietrichson og Magelson etablert fast skule i prestegjeldet; det første av det slaget i Nordfjord. Det var i 1833.

Underskriven adresse og fullmakt frå Innvik 18. mars 1814

På den særskilt tillyste bededagen, fredag 18. mars, samlast folk frå heile prestegjeldet i hovudkyrkja i Innvik.

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Innviksvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Innvik prestegjeld har denne ordlyden:

Undertegnede Johan Siegfried Cammermeyer Sognepræst til Indvigens Præstegjeld, Gulbrand Aamodt, Kancellieraad og Sorenskriver udi Nordfjord, Christian Uchermann Regimentschirurg og Districtslæge Bendix Røtting Residerende Capellan til Indvigen og 12 Mænd af Indvigs Præstegield, befuldmægtige herved de tvende af Indvigs Præstegields Almue i Dag ved Bededagshøjtideligheden udvalgte Mænd Lensmand Rasmus Rasmusen Kirkhorn og Bondemand Lasse Abrahamsen Ophejm — at overbringe denne Addresse, og at møde og stemme ved den for nordre Bergenhuus Amt den 30te i denne Maaned i Wigøren i Wigs Præstegjeld berammede Forsamling til Valg af 3de af Amtets mest oplyste Mænd til Møde i Ejdsvold for at antage en Regjeringsform for Norge.

Indvigens Præstegaard den 18de Martii 1814.
J. S. Cammermeyer. Aamodt.
Uchermann. B. Røtting.

R. Kirkhorn. Peder Rasmussen Bruland, (mpp)
Abel Aarem, (mpp)
Johannes Tjugen, (mpp)
Lasse Abrahamsen Opeim, (mpp)
Rasmus Jacobsen Aarholen, (mpp)
Rasmus Hanssen Erdal, (mpp)
Ole Anderssen Steensager, (mpp)
Østen Thorsen Grov, (mpp)
Lars Zachariassen Grov, (mpp)
Jørgen Erichsen Boelstad, (mpp)
Jens Jacobsen Indre Bøe, (mpp)

Image
Adressa (fullmakta) frå Innvik prestegjeld til prins Christian Frederik, Norges Regent, datert 18. mars 1814.
Datering
1814
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

«med paaholden Pen»

Når det gjeld fullmakta frå Innvik, er det særleg to ting som vi legger merke til. Det einer er kor tørr, kortfatta og avmålt fullmakta er utforma. Det står i kontrast til mange andre av fullmaktene frå Sogn og Fjordane, som – i tråd med tidens litterære stil - i blomstrende ordelag delte ut både smiger til Christian Frederik, og kom ofte sterke verbale kjensleutbrot om Noregs fridom og sjølvstende. Slikt er totalt fråverande i fullmakta frå Innvik.

Det andre vi legger merke til, er kor få som faktisk skreiv under dokumentet personleg. Heile 11 av 15 personar omtalt i dokumentet skreiv under «med paaholden Pen» (mpp). Av dei var 4 embetsmenn og ein lensmann. Resten, altså bøndene, skreiv ikkje under dokumentet med eigen penn. Fullmakta frå Innvik skil seg også på denne måten frå dei andre i fylket, der som regel berre 1-3 var oppført med påhalden penn. Kvifor vart det slik i Innvik? Kunne dei ikkje skrive namnet sitt? Var dei bortreiste på dagen? Var dei skeptiske til å skrive under på ein slik fullmakt?

Vi har ikkje sikker kunnskap om dette. Men det er grunn til å tru at dei aller fleste med namnet sitt på dokumentet kunne skrive namnet sitt; dei var framståande bønder i bygda, og eit namnetrekk kunne dei nok alltids krote ned. Det er og sjølvsagt mogeleg at dei all var bortreiste eller at det av praktiske grunnar ikkje let seg gjere å få underskriftene.

I Bjørgvin bispedømme sitt arkiv, finst det eit brev frå Claus Frimann, prest i Davik, til biskop Johan Nordahl Brun, datert 9. mai 1814. Der kjem det fram opplysningar som tyder på at prosessen rundt eidsavlegging og fullmakt ikkje var så beint fram i Innvik:

Bededagen, den 11. Martii, blev i min Kirke holdt med største Høitidelighed og Orden; - i Eids og Sellø Kirker ligesaa; derimod i Indvigs og Gloppens Kirker, da Eeden skulde giøres meget slet. Faa eller ingen vilde giøre Eeden der; skammeligt og harmeligt at saadanne hord[…] gaar igjennem med sligt. Jeg frygter meget for Bondens Selvraadighed herefter.

Dei to valmennene frå Innvik

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Aurland valde ein embetsmann (soknepresten) og ein bonde. Dei to valmennene var:
1. «Lensmand Rasmus Rasmusen Kirkhorn»
2. «Lasse Abrahamsen Ophejm»

Rasmus Rasmussen Kirkhorn (1765-1841) var bygselsmann på bruk nr 4 på garden Rise i Nedstryn Sokn, i noverande Stryn kommune. Han var lensmann i Innvik.

Lasse Arbrahamsen Ophejm (1764-1829), var frå bruket «Utigarden» på Opheim i Loen, ligg dagens Stryn kommune. Han var bonde og døydde barnlaus, 65 år gamal i 1829. Gift med Sigrid Andersdatter.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

« [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow»

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Innviksvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Nils J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Image
Huset på Vange der det vart halde to amtsval i 1814, først 30. mars på tre utsendingar til riksforsamlinag på Eidsvoll, og 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset vart bygt kring 1715 av major Wilhelm Coucheron. Huset hadde namnet Lyche-huset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884.
Datering
Ca 1910
Fotograf
Utsnitt av postkort, Stavanger forenede fotografer
Eigar
Vik lokalhistorisk arkiv

«Takke- og Bede-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Innviksvoll valde Norges Regent, prins Christian Frederik, til konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Image
Hovudhuset på Askelund i Balestrand, bustad for amtmann Treschow 1813-1814. Biletet er teke kring 1900. Seinare har det kome til nokre endringar; to små arkar, med skorsteinane og rundt vindauga i mønet på arken.

<p>Huset p&aring; Vange der det blei halde to amtsval i 1814, f&oslash;rst 30. mars p&aring; tre utsendingar til riksforsamlinga p&aring; Eidsvoll, og 23. september p&aring; fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset blei bygt kring 1715 av major Coucheron. Huset hadde namnet Lychehuset etter kaptein Lyche som var i Vik fr&aring; 1845 til 1884.</p>

Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Innviksvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på «stemmeberettigede»; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Innviksvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Innviksvolls-mennene vart valde til omframstortinget.

Erik Nord (1780-1858) vart vald inn som representant frå Nordfjord. Han var og ein av dei som skreiv under på adressa frå Innvik 18. mars 1814. Erik Nord var soldat i krigen 1807-1814, og fekk utmerkinga «Dannebrogs-ordenen» av danskekongen for fremdragande innsats . Nord var bonde, klokkemakar og våpensmed, og busette seg i sine gamle dagar i Ålesund.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Innvik prestegjeld, Nordfjord.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814. Krigen enda med våpenstillstand og traktaten kjent som Konvensjonen på Moss, datert 14. august, som Stortinget godkjende i oktober.

Image
Fredsavtalen mellom Norge og Sverige, Mossekonvensjonen av 14. august 1814, fastsette at eit storting skulle koma samen siste dato i september eller ein av dei første åtte dagane i oktober
Datering
1814
Fotograf
Faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i i Sogn og Fjordane

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. På Nordfjordeid vart det reist eit minnesmerke i 1914 som representerte dei mange hundre nordfjordingane som deltok i krigen 1807-1814. Bautasteinen vart avduka 24. juni 1914 med fleire hundre tilskodarar. Innskripsjonen på steinen lyder:

innestein for dei nordfjordingar som i krigsaari 1807-1814 ofra liv og blod for fridom og fedraland

 


Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914.
Margrethe Henden Aaraas [m.fl.]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. (Selja forlag 2000)
Digitalarkivet: Skanna kyrkjebøker. Kyrkjebok for Innvik Prestegjeld, 1806-1815.
Aaland, Jacob: Nordfjord. Frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder Innvik-Stryn, I. og II: (Sandane 1973)
Svarstad, Paul: Innvik. Eit prestegjeld gjennom 200 år. Ein sparebank gjennom 100 år. (Ålesund 1981)
Vangberg, Dag (red.): Skulehistorie for Innvik. 1739 – 1993 (Innvik 1993)
Vangberg, Dag (red.): Innvik kyrkje 175 år. (Innvik 1999)