Ålhus kyrkje
Datering
2007
Fotograf
Arne Kvernhusvik
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
CC BY-SA

Grunnlovsjubileum – 1814 i Jølster prestegjeld

1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. - Jølster prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars.

Jølster prestegjeld 1814

Jølster prestegjeld bestod i 1814 av sokna Helgheim og Ålhus. Det var i hovudsak identisk med det som i dag er Jølster kommune. I 1801 hadde prestegjeldet nær 1900 innbyggjarar. Jølster var ei bygd heilt dominert av landbruk som næringsveg. Som det einaste prestegjeldet i Sunnfjord utan samband til sjøen, ser fisket ut til å ha vore av lite omfang.

Ålhus kyrkje

Ålhus kyrkje vart bygd i 1795, og er såleis ei av valkyrkjene våre frå 1814 som framleis eksisterer. På same staden stod det ei stavkyrkje frå mellomalderen. Ho hadde lenge vore falleferdig då det vart vedteke å byggje eit nytt gudshus på Ålhus.

Kyrkja på Ålhus er ei tømra langkyrkje. På 1860-talet vart det gjennomført ein del restaureringsarbeid. Mellom anna vart det lagt ny kledning, og innvendig vart stolane skifta ut. I 1871 vart det sett opp galleri.

Ein del av inventaret stammar frå den gamle stavkyrkja. Det gjeld til dømes altertavla frå 1691, som viser Jesus på krossen. Også preikestolen, døypefonten og ein del anna inventar vart flytta over i den nye kyrkja, då den stod ferdig i 1795.

Soknepresten i Jølster i 1814

Andreas Doth vart fødd 21. januar 1742 i Bergen. Faren, Willads Pedersen Doth, var lærar ved fattigskulen Christi Krybbe. Andreas tok teologisk eksamen i 1767. Han var så kapellan nokre år i Vikøy i Hardanger, før han i 1784 vart utnemnd til sokneprest i Jølster. I 1792 fekk han presteembete i Tysnes, men han blei buande i Jølster til 1817. Andreas gifta seg i 1780 med Emerentze Blytt. Han døydde 8. mars 1819 i Bergen.

Andreas Doth var kjend som ein dyktig predikant. Biskop Hagerup gav han denne attesten då han besøkte Vikøy i 1777: «Andreas Doth prædikede grundig og opbyggelig over 1. Kor. 3, 11.» Biskop Brun noterte òg mykje positivt om Doth i visitasmeldingane sine: «Grundig, fromt og med en frimodighed som ikke er vanlig, talte han over Joh. 17, 3. Likeledes er han en fortrinlig sanger for alteret og tilhørerne særlig kjær»

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Jølster brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Fullmakt

Indlagt underdanigst Addresse til Norges Riges Regent, Hans Høyhed Prints Christian Frederik, som herved i dybeste underdanighed overleveres.

Fra Menigheden i Jülster Præstegjeld og Bergens Stift.

Samtlige Indvaanere og Jordbrugere af Jülster Præstegield i Bergens Stift, med deres Præst, som Fredagen den 18de Martii indeværende Aar 1814 i Hoved Kirken Aalhuus med høytidelig og hellig Eed har forpligtet sig til at hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod, for det elskede Fædreneland, bemyndiger hermed de tvende Gaardbrugere af dette Præstegield, som er over 25 Aar,

Johannes Erichs: Nedrebøe,
Forligelses Commissair
Ole Nilsen Huus,
Gaardmand

At møde paa Folkets Vegne paa det af Amtet berammede Stæd Wigøren i Wiigs Præstegield, den 30te Martii førstkommende, for der at stemme ved den berammede Forsamling med de øvrige Menighedernes Afsendte og for at vælge tre af Amtets mest oplyste Mænd at møde i Eidsvold den 10de April, hvor disse tre Mænd, med de flere haver at antage paa Nationens Vegne Kongeriget Norges Regjæringsform, som sammesteds bestemmes og antages af Regenten Hans Høyhed Prints Christian Frederik, i hvis høye Haand denne addresse underdanigst overleveres. Ham Gud den Allerhøyeste i Naade opholde og bevare for det Nordske Folk!

Aalhuus i Jülster Præstegield d. 18de Martii 1814
i dybeste Underdanighed

A. Doth, Stedets Præst
Ole Ellingsen Nærbøe, Lensmand 
Johannes Er: Nedrebøe, Forligelses Commissair 
Søren K: Soelhiem, Klokker 
Torgier Dan: Løvsæter, p: medhielper
Anders Chr. Eichaas p: medh
Johannes Tolevs: Skreed 
Niels Jachobsen Fladjord 
Ole Nielsen Sandnes 
Johanes Nielsen Sandal 
Johannes Ellefsen Aalhuus 
Anthon Knudsen Søre Navn Løes.
Ole Nielsen Hus 
 

Dei som skreiv under

Det ser ut til at alle så nær som presten var bønder. Det gjev i så fall ein bondedel på 92%, langt over snittet elles for amtet, som låg på 75%. Begge valmennene skreiv under. I hovudsak inneheld underskriftslista namn frå heile prestegjeldet, men det er ingen namn frå dei avsidesliggjande gardane inst i Kjøsnesfjorden.

Valmennene

Johannes Eriksson Nedrebø
Johannes vart fødd i 1760, og døydde 90 år gammal i 1850. Han gifta seg fyrste gong med Brita Andersdotter Gjesdal. Ho fall frå i 1821, og Johannes gifta seg på ny med ei Søgnille Tollefsdotter. I alt fekk Johannes 20 born. På stormøtet i Vik vart han vald til suppleant (varamann) til riksforsamlinga på Eidsvoll. I 1814 var han forlikskommisær, noko som tyder på at han var ein respektert mann som hadde stor tillit i bygda.

Ola Nilson Hus
Ola vart fødd i 1757, og døydde i 1832. Han var svogeren til Johannes, den andre valmannen frå Jølster. Anders Klakegg opplyser dette om Ola i bygdeboka for Jølster: «Denne Ola N. hadde vore med i ein svenske-krig og kom heimatt med ein offisers sabel som lærar Sigurd Hus i ætta hans skjenkte til Sunnfjordmuseet.»

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow
 

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Takke- og Bede-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde Norges Regent, prins Christian Frederik, til konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. På andre søndag etter «Trinitatis» (19. juni 1814) står det notert i kyrkjeboka for Helgheim:

«2d. Sønd i Trinit Eom:96 prædiket Ps. 125 v.1 – i anledning af kongens Christian Frederics tronbestigelse»

Val til omframt Storting

Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober 1814 for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Desse representantane kom inn frå Sogn og Fjordane:

• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
• Nils Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.
 

  • Aaraas, Margrethe Henden [et al]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord. Førde : Selja forl., 2000
  • Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
  • Brun, Johan Nordahl: Visitats-journal 1794-1812. Oslo : I kommisjon hos Jacob Dybwad, 1951
  • Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46
  • Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster: ættesoge 1801-1974. Jølster kommune, 1985
  • Olafsen, O.: Kvam i fortid og nutid. [Kvam] : Kommunen, 1921
  • Sogn og Fjordane fylke, Ålhus i Jølster, Ministerialbok nr. A 5 (1790-1821)
  • Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1821)
  • Digitalarkivet: Folketeljinga 1801