Krise
Henrik Ibsen (1828 - 1906) var i åra kring 1860 i ei djup krise, både personleg, kunstnarleg og økonomisk. Etter nokre gode år som sceneinstruktør ved Den norske Theater i Bergen, flytta Ibsen til Kristiania i 1857. Opphaldet i Kristiania vart ei tung tid. Han hadde stor personleg gjeld, og opplevde seg sjølv som mislukka i Noreg. Han begynte og å tvile på sitt eige diktarkall. Teatret han var direktør for, Kristiania Norske Theater, gjekk konkurs 1862. Året etter flytta Ibsen til Italia. Det fekk han sitt store gjennombrot med Brand og Peer Gynt. Og sidan kom alle hans verdsberømte samtidsdrama.
Stipendsøknaden
Med seg til Italia hadde Ibsen med seg sterke minne frå sine fotturar i Noreg. Blant dei sterkaste var det han opplevde på sin lengste ferd, sommaren 1862.
Den 14. mars sende Henrik Ibsen følgjande søknad til Universitetet i Kristiania:
Til det akademiske kollegium!
Hermed tillater jeg mig ærbødigst at ansøge det høje kollegium om, at de til videnskabelige reiser i Norge bevilgede midler, at måtte erholde et stipendium, stort 120 sped., for et tidsrum af 2 sommermåneder at foretage en reise i det ytre Hardanger samt i distriktene omkring Sognefjorden, videre nordover til Molde og tilbage gennem Romsdalen, i det øiemed at samle og optegne, hvad der af folkeviser samt af ældre og yngre sagn ennu måtte være at forefinde. Nogen mer detaljeret reiseplan vil det på forhånd være umuligt at fræmlægge, da de på ethvert sted må komme til at øve overveiende indflydelse på den videre fortsættelse af undersøgelsens retning. Min agt er imidlertid, såfremt mit andragende indvilges, fornemme at undersøge de ydre sødistrikter, der, i det af mig antydede øiemed, hidindtil mindst har været påagtede.
Ærbødigst
Henr. Ibsen
Han fekk svar 24. mai, og vart innvilga eit stipend på 110 spesidalar. Men han endra noko på reiseopplegget. I staden for å reise igjennom ytre Hardanger og Sogn, tok han turen over Sognefjellet og vitja indre og midtre Sogn.
Reisevener i Gudbrandalen
Den 24. juni 1862 sette han seg på toget til Eidsvoll. Reisa var begynt. Ibsen tok hjuldamparen ”Dronningen” på Mjøsa opp til Lillehammer. Først nå starta den lange vandringa. Opp heile Gudbrandsdalen og over til Vågå. Med seg på denne etappen hadde han skodespelaren Andreas Isachsen (1829-1903). Dei skilde lag på skysstasjonen Skard i Vågå. På prestegarden i Lom trefte han to andre fjellvandrarar: den katolske presten Christopher Holfeldt-Houen (1820-1890) frå Bergen og juristen Ludvig M. B. Aubert (1838-1896). Det var desse to han slo følgje med over Sognefjellet.
Ferda over Sognefjell
Tidleg laurdag morgon, 5. juli kl. 0400 starta dei tre bykarane ferda over Sognefjellet. Dei starta frå Presteseter i Bøverdalen, og brukte i alt 16 timar på marsjen over fjellet. Kl. 2000 om kvelden kom dei fram til Skjolden, inst i Lustrafjorden.
Dei tre hadde med seg fjellføraren Sølfest E. Søvde (1819-1882) frå Fortun. Sonen hans, Eirik E. Søvde (1861-1935), fortalde i 1932 om turen over fjellet til konservator Kristofer Visted (1873-1949) i Aftenposten. Søvde fortel at Henrik Ibsen og følgjet hans vart overraska av eit forbigåande uver, men nådde fram til Hervabua. Der venta dei til det verste veret var over. Seinare heldt dei fram nedover til Turtagrø, der dei tok ein rast.
I brosjyren ”Sognefjellet over Norges tak” som er lagt ut på nettstaden http://www.turistveg.no går det fram at Ibsen og reisevenene hans måtte vente 3 døgn i Hervabua pga uver. Ut frå våre opplysningar er ikkje dette korrekt. Det var truleg maks tre timers venting på Hervabua. Heile etappen over Sognefjellet, frå Bøverdalen og til Skjolden tok i alt 16 timar, i følgje Ibsen si eiga reisedagbok.
Turtagrø og Skjolden
Etter ei lang og slitsam ferd ned mot Sognefjorden, kom dei fram til Skjolden kl. 2000 om kvelden 5. juli. Dei ville fjella og den farlege nedstiginga mot Skjolden må ha gjort sterkt inntrykk. Fleire ibsenforskarar peiker på at dei kan sjå diktaren omsmeltar opplevingane sine dikterisk i fleire av sine kjende verk, særleg Brand og Peer Gynt. I diktet ”Dølafjellet” (som er eit anna namn på Sognefjellet) gjev han eit levande bilete av dette:
Det går ei banet vei i dette strøg,
der er et vildsomt land for fod og tanke;
snart hvirvler bræen som en skovbrands røg,
snart ligger den som lin i folder slanke,
snart nikker nøgne nuter over heien,
snart hylder de sig tæt i skoddens slør,
en enlig stav, en stenrød viser veien
igjennem skaret, stengt mot nord og sør.
Då han var komen fram til kyrkja i Fortunsdalen (passar betre med dei øvste gardane opp frå Fortun) var det enno langt att til fjorden:
Men tro ei du er ved fjorden fremme,
hvor spredte sjele bor som grænseskjell
imellem liv på vang og død på fjeld, -
hvor sol er kold, hvor armodsdom har hjemme.
De nedre galler må du nedad stige,
der ser du bygder af et andet slags;
på favnestore agre gulner aks,
der modner frugt, dernede bor de rige.
Ibsen må ha vore eit syn for gudar der han kom traskande ned til Skjolden. Han hadde klipt av buksebeina etter inspirasjon frå ein annan fjellvandrar han møtte i Gudbrandsdalen – Yngvar Nielsen (1843-1916). Andreas Isachsen fortel i eit attendeblikk om Ibsens framtoning med Einar Østvedt sine ord:
Det var et underlig syn sogningene møtte da Ibsen kom ned fra høyfjellet. En tettbygd, liten mann i trettiårsalderen, med et mektig brunrødt skjegg. Iført et par tunge, tettsittende ullvams og en gammel filthatt – og på ryggen en firkantet skinnsekk som gav plass for proviant, skrivetøy og malersaker, som han alltid brakte med seg på sine utferder. Dertil knortekjepp og fiskestang, som svaiet i takt med gangarten.
Med «Framnæs» til Vadheim
Frå Skjolden reiste Ibsen og sine reisevener vidare til Lærdal med båt, truleg med ”Framnæs”. Ibsen skriv i dagboka: ”Rejste derfra med dampskibet ganske tidligt om Søndagsmorgen den 6te juli, og laa over i Lærdal fra Formiddagen til Kl. 12 om natten.”
Dett var ikkje første gong at Ibsen hadde vore i Sogn og Fjordane. I Lærdal hadde han vore fleire gonger, då på gjennomreise. I perioden 1852-1857, då han var sceneinstruktør i Bergen, reiste han fleire gonger til Kristiania via den mykje brukte reiseruta inn Sognefjorden - Lærdal – Filefjell – Valdres – Kristiania.
Ferda gjekk vidare via Aurland og Nærøyfjorden og til Vadheim. Der skilte dei tre reisevenene lag. Aubert og Holfeldt-Houen skulle vidare til Bergen, Ibsen skulle vidare nordover i fylket, til Sunnfjord og Nordfjord. Han overnatta måndag 7. juli på skysstasjonen i Sande i Gaular, og gjekk dagen etter vidare til Vassenden i Jølster.
I dagboka hans les vi kor ferda gjekk derifrå: ”Onsdagen 9. Juli til Rebakken eller Reed over Jølstervandet, gjennem Førdeurden, en forferdelig Dal eller snarere Kliperevne og over Breedhejmsvandeet.”
”bugtende, uhyre, sønderrevne fjeldmure og fyldt med nedstyrtede tinder”
I Breim gjorde og naturen eit sterkt inntrykk på Ibsen. Han publiserte ein serie reiseskildringar i bladet ”Illustrert Nyhedsblad”, som vart redigert av hans gode ven Paul Botten-Hansen (1824-1869). Ibsen skriv:
I strøget omkring den øvre ende af Bræheimsvandet [?, passar betre med Jølstravatnet] har man en af de i vort land sjeldne udsigter, hvor høifjeldsnaturen i sin vildeste vinterskikkelse lukker for lavlandet. Her kan man, ligesom langs Ullensvangstranden i Hardanger, gåe under blomstrende frugttrær og see mægtige jøkler lyse gjennem løvet. Det er Nordfjordsbræen, en arm af Jostedalsbræen, som her skyder ned i dalene. Bræheimsvandet, som med sine omgivelser vistnok er mindre besøgt af tourister end det fortjener, tager sin begyndelse en god halv mil ovenfor Jølstervandet; men denne lille veistrækning har et parti at opvise, som i storartet vildhed fuldkommen kan stilles ved siden af Romsdalen eller de mærkelige punkt i Bøverdalen, hvor alle udveie synes at stænges af fjeldsiderne.
Dalføret her er igrunden ikke andet end en revne mellem de bugtende, uhyre, sønderrevne fjeldmure og fyldt med nedstyrtede tinder og bergstykker, så store at man kunde udhule en heel domkirke i mange af dem. Den samme vilde charakteer beholder Bræheimsvandet den første miil opover, men derfra vider stranden sig du til flade, dyrkede strækninger.
Ferda gjekk så vidare over Utvikfjellet:
Fra skysskiftet Reed går postveien over et høifjeld omkring 2000 fod iveiret. Opstigningen kan være besværlig nok, men nedstigningen på den anden side er dog verre. Angre touren vil man imidlertid ikke, og er man først kommen frem, så vil man dernede, i Utvigen, hos stedets landhandler, Hr. Hammer, en dannet og forekommende mand, kunne få tilfredsstille enhver fordring, som den reisende i vort land med nogen billighed kan gjøre krav på.
Hornindal og Hellesylt
Derifrå tok han båtskyss over til Faleide, og vidare til fots til Hornindal. Den 11. juli kom Ibsen til Hellesylt. Det vart han verande i heile fem dagar. I verket ”Brand” frå 1866 er det mange likskapar mellom naturen og i Hellesylt og den vi finn i hans dramatiske dikt.
Han brukte dagane til å reise rundt å snakke med folk og samle inn segn- og folkeviser. Han drog og attende til Nordfjord. Ibsen mintest denne turen mange år seinare:
Jeg reiste fra Sunnylven til Nordfjord en dag. Det var temmelig kaldt. Oppe i Hornindal tok jeg inn på et skysskifte og satte meg i en stor tom stue. ”Det er så kaldt. Kan du selge meg en dram?” spurte jeg skyssholderen. ”Jeg kan nok ikke selge deg noen dram. Det har jeg ikke rett til”, svarte mannen og forsvant gjennom døren. Men straks etter kom han tilbake, og nå hadde han med seg en brennevinsflaske og et drammeglass, som han uten å si ett ord satte fra seg i vinduskarmen. Deretter forsvant han. Jeg forstod hans vink, slukte en god dram og la en ort etter meg, før jeg forlot stedet.
16. juli 1862 reiste han med dampskip frå Hellesylt (?) til Sjøholt i Ørskog. Han vart buande på garden Solnør, som gjest hjå sakførar Ludvig Daae, søskenbarn til kona hans, Suzannah. På Solør samla han inn mykje. Seinare reiste han til Vestnes. Vi veit lite om resten av ferda og heimreisa til Kristiania. Den knappe dagboka sluttar i Solnør. Truleg gjekk reisa gjennom Romsdalen til Dombås og vidare Gudbrandsdalen og til Kristiania. Dit kom han fram i byrjinga av august.
Resultata frå samlarferda
I mars 1863 sende Ibsen inn rapport til det akademiske kollegium om samlarferda. Der fortel han at han hadde fått ”optegnet 70-80 forskjellige og hidtil utrykte folkesagn, hvoraf flere har været trykt i ’Illustreret Nyhedsblad’”. Folkesegnene var hovudsakleg samla inn i Nordfjord og på Sunnmøre.
Samstundes søkte han om stipend til ei samlarferd i ”de trondhjemske fjord- og sødistrikter, samt om muligt i det nordlandske”. Han fekk eit stipend på 100 spesidalar, men turen vart aldri noko av. Han brukte i staden pengane til å rette opp sin eigen svært vanskelege økonomi.
Dei 70-80 folkesegnene han opplyste han hadde samla inn, vart aldri publisert, bortsett frå fire segner og fire illustrasjonar i ”Illustrert Nyhedsblad”. Det var lite nytt og originalt i det som han samla inn; det meste var kjend stoff frå før.
Men turen må likevel vore utbytterik: personane han trefte, hendingane undervegs, den storslagne og kontrastfulle vestlandsnaturen, alt saman brende seg inn i minnet. I hans seinare geniale verk finn vi mange referansar til vestlandsnaturen og folket der.