Aviser i Sogn og Florø
I 1934 kom det ut fire aviser i Sogn: Høyanger Avis i Høyanger (onsdag og laurdag), Sogningen i Balestrand, Sogns Avis i Vik og Sogns Tidende i Sogndal.
Florø hadde to aviser, Fylkestidende (tidlegare Nordre Bergenhus Amtstidende) og Firda Folkeblad.
Små og seine oppslag
Alle avisene i Sogn hadde oppslag om det tyske krigsskipet, sameleis ei av Florø-avisene. Men bortsett frå avisa i Florø, hadde dei lite å fara med og det vesle dei skreiv, kom seint. Eit 10 000 tonn stort krigsskip - som i alle høve tre av redaktørane hadde høve til å sjå med eigne auge - kan ikkje ha vekt den heilt store interessa. Heller ikkje at den etter kvart godt kjende rikskanslaren Adolf Hitler var om bord.
Bygdenytt-notis i Sogningen
At redaktør Richard Knoff i Sogningen berre spanderte fire korte liner under spalta "BYGDENYT." kan vel for ein del forklarast med at i Balestrand var folk vande med besøk av store skip, ikkje minst tyske krigsskip, sjølv om det i 1934 var tjue år sidan den tyske keisaren Wilhelm var der siste gongen med den på det næraste årvisse eskadren sin. Heller ikkje kryssaren "Deutschland" hadde "nyhetens interesse" for balestrendingane om vi skal tru Sogningen dagen etter, fredag 13. april:
"Deutschland", det 10 000 tonn store tyske krigsskib som besøkte oss i fjor, passerte torsdag Balestrand i 11-tiden med kurs for Indre Sogn."
Hitler om bord
Men det Sogningen ikkje visste dagen etter "Deutschland" stima inn og ut fjorden, var at sjølvaste Adolf Hitler stod på brua og tok den tidlegare keisaren sitt paradis i augesyn. I det neste nummeret, tysdag 17. april, stod dette stykket:
"Hitler i Sogn!
Om bord i "Deutschland" som torsdag var en svipptur til Sogn, befant sig ingen mindre enn den tyske rikskansler, Adolf Hitler. Skibet gjorde vendereise i Nærøyfjorden og fortsatte til Hardanger og direkte tilbake til Hamburg."
"imponera over den storfelde naturi"
Sogns Avis melde om besøket 17. april med Bergens Tidende som kjelde:
"Hitler i Sogn.
Torsdag fyrre vika var eit stort tysk krigsskip "Deutschland" i Sognefjorden. Fredag var skipet i Hardanger. Umbord var ingen mindre enn den tyske rikskanslaren Adolf Hitler. Både han og fylgjet hans var imponera yver den storfelte naturi på Vestlandet.
Dette er fyrste utanlandsturen Hitler fyretek. Det er verdt å merka seg at den går til dei norske fjordar, der keisar Wilhelm kom kvar sumar, ogso på si siste utanlandsreise fyre krigen, skriv Bergens Tidende."
"sakte forbi Fridtjofsstytta"
Sogns Tidend si melding, også tysdag 17. april:
"Hitler hev vore i Sogn.
Rikskanslar Hitler saman med ein del andre tyskarar hev fyrre vika vore i Sogn med panserskipet "Deutschland". Skipet vitja Aurland og Nærøyfjorden og gjekk sakte forbi Fridtjofsstytta på Vangsnes. Skipet gjekk herfrå og til Hardanger.
Som ein ser stemner Hitler fram i keisar Wilhelms kjølfar i dei norske fjordane. Hitler si ferd var ikkje gjord kjend fyreåt."
Høyanger Avis sist ute.
Lokalavisa i Høyanger var sist ute med nyhendet om Hitler-besøket. Det stod ikkje eit einaste ord i avisa som kom ut to dagar etter, laurdag 14. april. Onsdag 18. april stod fylgjande nederst på side to:
"Adolf Hitler på fransk visitt til Vestlandet.
Torsdag dampet innover Sognefjorden et stort tysk panserskib. Det var "Deutschland" som var på en snarvisitt til vestlandsfjordene med rikskansler Adolf Hitler. Skibet gikk inn til munningen av Nærøfjorden og vendte omtr. med engang utover. Hitler var ikke i land noget sted.
Senere meldes at "Deutschland" også har været inne i Hardangerfjorden."
Hitler imponert over "skjønnheten i Balholm"
Fylkestidende i Florø kom seint men godt. I ein to-spalter fredag 20. april kunne avisa m.a. attgje eit intervju med ein av dei norske losane, Martin Karlsen frå Fedje losstasjon.
"Hitler har vært i Norge.
Han var begeistret som en guttunge over Vestlandets fjorder. Losen fra Fedje fikk inntrykk av at rikskansleren var en hyggelig og gemytlig mann.Om bord på det tyske panserskib "Deutschland" besøkte rikskansler Hitler både Sognefjorden og Hardangerfjorden like inn til Odda i forrige uke. Det er rikskanslerens første utenlandsreise efterat han var blitt Tysklands diktator.
En av T.T.'s medarbeidere hadde en samtale med los Martin Karlsen på Fedje losstasjon, som var den som først fikk se panserskibet "Deutschland" og gikk om bord på dette, og loset det under dets besøk i fjordene på Vestlandet.
-Talte De med rikskansleren? spør bladet.
-Talte så meget med ham gjorde jeg ikke, men jeg hilste på ham ved flere anledninger. Han stod for øvrig praktisk talt den hele tid på broen og var begeistret som en guttunge over fjordene og det strålende vær. Han gikk også rundt og talte med alle om bord, matroser og officerer, og det syntes som om det ikke var nogen rangsforskjell for ham. Alle om bord likte ham svært godt. Det er ialfall mitt inntrykk. Det var en hyggelig og gemytlig mann.-Hvem hadde han med sig om bord? -Det var både Tysklands kommanderende general og kommanderende admiral og deres damer. Det kan ikke nektes for, at Hitler skilte sig beskjendent ut av denne glimrende forsamling. Han var enkel og grei og kamerat med matrosene om bord. Men for øvrig var han absolutt ens i sin optreden mot generaler som mot de underordnede.
Imponert var han over skjønnheten i Balholm, som han fortalte han hadde hørt så meget om og som var vel kjent over hele Tyskland på grunn av keiserens besøk."
"Deutschland"-pakta"
Den tyske rikskanslaren og fylgjet hans, forsvarsminister general von Blomberg, øverstkommanderande for hæren, general von Fritsch og øverstkommanderande for marinen, admiral Raeder, var ikkje eine og åleine i vestlandsfjordane for å hyggja seg i lag, i april 1934. Dei drøfta den framtidige maktfordelinga i den tyske staten, og dei kom fram til ein uoffisiell avtale. Hæren og marinen (flyvåpenet vart organisert som eiga våpengrein året etter) skulle heretter vera dei einaste væpna styrkane i Tyskland mot at den militære leiinga støtta Hitler i å overta presidentmakta når den aldrande og helseveike rikspresidenten, feltmarskalk Hindenburg fall frå. Dette innebar at Hitler måtte vengeklippe sine eigne brunskjorter, den halvmilitære SA-organisasjonen, maktmidlet som hadde vore heilt nødvendig for Hitler for å nå den maktposisjonen han hadde våren 1934.
Hitler og hans næraste støttespelarar innfridde sin del av "pakta" den fylgjande sommaren. I dagane 30. juni - 2. juli vart mellom 2 og 300 SA-leiarar arresterte og avretta utan lov og dom, og utan at nokon protesterte. Aksjonen vart "rettferdiggjort" med at det var handla i "statsnaudverje", det var fåre for eit nært føreståande statskup! Den øvste sjefen, Ernst Røhm, Hitlers nære medarbeidar heilt sidan ølstove-opprøret i 1923, fekk tilbod om å ta sitt eige liv. Han takka nei, og vart skoten i cella si om morgonen 1. juli.
Hindenburg døydde 2. august 1934. Hitler fekk no all makt og på ein partikongress i Bayeren 4. september proklamerte han det tyske tusenårsriket.