Svend Foyn-statuen i Tønsberg. Laga av bilethoggar Anders Svor. Reist 1915. Står attmed Tønsberg kirke.
Fotograf
Mittet

To Sogn og Fjordane-møte med Svend Foyn

Det eine møtet knyter seg til Svend Foyn-monumentet i Tønsberg. Det er laga av bilethoggaren Anders Svor frå Hornindal. Det andre knyter seg til bankmann og lokalhistorikar Anders Skaasheim frå Balestrand. På feriereise i Vest-Finnmark sommaren 1922 kom han til Sørvær i Hasvik kommune. Der fekk han sjå handfaste spor etter kvalfangst-pioneren Svend Foyn.

Æresport

Svend Foyn døydde år 1894 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Tønsberg kyrkje. Tønsberg kommune hadde laga stor æresport; krona med kross og byvåpen, og innskrift i store bokstavar:

Til Norges Fremgang, til Tønsbergs Ære,
Dit Navn, SVEND FOYN, skal fæstet være!
1809-1894
SVEND FOYN
I kamp paa land og hav
du Herren æren gav.

Fire kvalbåtar på hamna salutterte, - .står det å lesa i lærar Johan Austbø frå Kyrkjebø si vesle bok frå 1943 om Svend Foyn, mannen og livsverket hans.

Minnesmerke

Nokre år etter gravferda vart det teke til orde for å reisa Svend Foyn eit minnesmerke, og 21. august 1913 melde Nordisk Tidende i Amerika med norske aviser som kjelde, at «Komiteen for Svend Foyn-monumentet» hadde vedteke at heidersminnet skulle reisast «i form af en statue». Det skulle lysast ut konkurranse blant bilethoggarar i Norge.

Året etter, 15. februar 1914, melde Morgenbladet at juryen hadde tilkjent «Billedhugger Svor» sitt utkast første premie. Ein annan Vestlands-kunstnar, Ingerbrigt Vik, var tilkjent andreplassen. I alt var det kome inn 10 utkast. Og med nokre mindre justeringar var bilethoggar Anders Svor sitt kunstverk, statue av Svend Foyn, ferdig til avduking, 6. juni 1915.

Image
Svend Foyn, avduking av minnesmerke. Faksimile frå ekstranummer av Tønsberg Blad, 6. juni 1915.

Tønsbergs Blad hadde ekstranummer med alle talane attgjevne. Det står lite om kunstverket og kunstnaren. Formannen i minnesmerke-komiteen, skipsreiar Hytten, hadde fylgjande i sin tale: «En nedsat jury tilkjendte enstemmig billedhugger Svor første premie, og statuens utførelse blev derfor overdrat ham. Den blev saa støpt i hr. Poleszynski’s Kunststøperi. Kristiania. Sokkelen er utført av Tønsberg Stenindustri.»

Kunstnaren om kunstverket

Aftenposten hadde meir om kunstverket. I ein tidlegare artikkel, 16. februar 1914, siterte avisa frå kunstnaren sin «redegjørelse» til monument-komiteen:

Som man vil se har jeg fremstillet Foyn i sjømandsdragt. Jeg havde ogsaa lavet et udkast i civildragt men jeg ombyttede den i sjømandsdragt, fordi jeg syntes det passede bedre for sjømanden og skipperen, og det er jo ogsaa for sjømanden og den mand, som har oparbeidet hvalfangsten, at man reiser mindesmerket, ligesom det nu ogsaa vil blive sjømanden som efterverdenen helst vil se i statuen.

For at illustrere hvalfangsten er det min tanke at der paa sokkelen kan udføres reliefer af de skibe, som Foyn førte, og noen heldigere betegnelse af hvalfangsten tror jeg ikke der kan tilføies monumentet, ligesom at saadane reliefer, ogsaa i kunsterisk henseende vil virke heldig og vakkert uden at forstyrre monumentets form og linjer.

Det var min tanke at udføre et saadant relief, men jeg har dessverre ikke faaet tid dertil, ligesom jeg heller ikke har faaet tag i billeder af de skibe, som Foyn selv førte, men i hoslagte tegnerids af sokkelen har jeg antydet min tanke. Skibet tænker jeg mig fremadskridende med bølgekammene fossende mod baugen, og besætningen kunde fremstilles livlig og dramatisk i det øieblik en hval sees. Det tilsvarende relief paa sokkelens anden side, kunde til afvexling forestille et af Svend Foyns seilskibe eller en anskudt hval, der slaar bølgekammene op til dekorativ virkning.

Svend Foyn i Anders Svor Museum

Sogn og Fjordane kunstmuseum, avdeling Anders Svor Museum, har fleire arbeid knytta til Svend Foyn. Statuett i bronse, 67 cm høg, blei støypt 2002, og syner «utkast til monument» 1914. Dette var ikkje dette utkastet Anders Svor sende monument-komiteen. Han laga, som alt nemnt, eit utkast nummer to, med Svend Foyn i «sjømandsdragt»; det utkastet som fekk førstepremie.

Image
Anders Svor Museum, Sogn og Fjordane: Statuett Svend Foyn, 2002, bronse, H: 67 cm, støypt etter konkurranseutkast frå 1914. Anders Svor laga to utkast, det eine med Svend Foyn kledd i sivil (her) , det andre med Svend Foyn i sjømannsuniform. Det var sjømannsuniform-utkastet som blei sendt inn, og som vann første-prisen.
Datering
2002
Fotograf
Øystein Klakegg
Eigar
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Anders Svor Museum

Slutt på kvalfangst-evenyret 1904

«Norsk foregangsmann innen sel- og hvalfangst», står det på katalogkortet til bronsestatuetten i Anders Svor Museum. Det var år 1864 Svend Foyn så smått byrja kvalfangst i Finnmark, med den nybygde kvalbåten «Spes & Fides». Føregangsmannen Svend Foyn gjorde det etter kvart svært godt. Finnmarkskysten var rik på kval. Etter ti år med monopol kom også mange andre kvalfangstselskap med. Det blei bygd kvalfangststasjonar langs heile kysten, frå Jarfjord i aust til Sørvær i vest. Ei heilt ny næring voks fram. Ikkje alle var begeistra. Kystfiskarane meinte kvalfangsten var til meins for fisket, og det blei reist krav om fredning. Det skjedde med Kvalfangstlova i 1904.

Kvalstasjon i Sørvær

Sørvær ligg heilt sør på Sørøya i Vest-Finnmark. I dette fiskeværet etablerte Tønsberg-selskapet Finmarken seg frå 1880. Den nye verksemda i Sørvær viste godt igjen. Ruvande bygningar blei reiste. Kvalbåtar frå Tønsberg med fangstfolk og fagfolk kom til Sørvær om våren når sesongen byrja, og reiste att om hausten. Sørvær kom med i avisene sine fangstmeldingar. Kvalane blei slepte til lands, og «foredla» til tran og mjøl. Nytt i Sørvær var hermetisering av kvalkjøt. Stasjonen i Sørvær vart avvikla i 1899. Sommaren 1922 kom Ander Skaasheim til Sørvær, som turist.

Anders Skaasheim – såg spor etter
kvalfangstperioden

Anders Skaasheim (1880-1965) frå Balestrand var kulturarbeidar og bankmann. I 1950 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, for livslangt arbeid med å samla og formidla norsk kulturarv. Eit år var han i Finnmark. Han budde i Hammerfest, og var tilsett i Norges bank si avdeling der. Sommaren 1922 gjorde han ei feriereise i Vestfinnmark. I Sørvær møtte han kvalfangsthistorie, og skreiv i dagboka si:

Image
Sørvær i Hasvik kommune, Finnmark. Postkort som viser bru bygd på kokekar frå kvalfangst-tida 1880-1899.
Datering
1900-1922
Fotograf
Ukjent

«I Sørvær var den gamle hovudkyrkja for desse bygder. Men det er no berre eit lite fiskevær. Der er låk hamn med berre nokre småe holmar utfyre. Lodsen på skipet [rutebåten] kallar det ein fåreplass, som det er sers vandt [vanskeleg] å koma til i storm og uvêr om vetteren.

Men det hev frå gamalt vore kjend handelsstad. Og Svend Foyn hadde ein av sine kvalveidarstasjonar der. Dei store jarnkjeraldi han hadde til leggja spekk i er endå på staden og sume av deim er nytta til kar under ei bru yver valen midt i været. Det er turt i utfjæra. Men sjøen og draget gjeng ofte høgt so folket hev lota lagt ei bru der.

Merknad: Det har ikkje lukkast å stadfesta at kvalfangststasjonen Finmarken var Svend Foyn sin stasjon eller om han var medeigar.

Image
Svend Foyn på frimerke i Postverket si særutgåve 1947; posten 300 år. Portrett og Svend Foyn sin første kvalfangstbåt, «Spes & Fides».

«med bølgekammen fossende»

Mange kjende personar i norgessoga finst på frimerke. Svend Foyn er med i Postverket si særutgåve 1947, Postverket 300 år. Utformaren har brukt to element; portrett og kvalfangstbåt, Svend Foyn sin første, «Spes & Fides, bygd 1863. Elementet med kvalfangstbåt stemmer godt med Anders Svor sin tanke om relieff på sokkelen; ein båt «fremadskridende med bølgekammene fossende mod baugen.»

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-88047 Skåsheim, Anders
Aftenposten 16.02.1914 (Digital utgave)
Morgenbladet 08.10.1913 (Digital utgave)
Tønsberg Blad 06.06.1915. (Digital utgave)
Nordisk Tidende 21.08.1913 (Digital utgave)
Austbø, Johan: Svend Foyn. Mannen og livsverket hans. Fonna forlag 1943. (Digital utgave)
Sørvær: Lokalsamfunn i går og i dag. Universitetet i Tromsø. 1980 (Digital utgave)