Dette er den første turbilen i Indre Sogn Automobilselskap A/S, ein Chandler med sju seter, kjøpt i Bergen i juni 1916. Sjåføren er Anton Andersen som og var bilmekanikar. Han var såkalla garantisjåfør den første tida. Ingen andre kunne køyra bil i Sogndal. Passasjerane er truleg jenter frå Sogndal. Fartsgrensa var 30 km/t, og selskapet måtte stilla garanti for mogeleg skade før køyringa tok til, sjølv om det ikkje var sjåføren si skuld.

This is the first touring car owned by 'Indre Sogn Automobilselskap AS', a seven-seater Chandler. The car was bought in Bergen in June, 1916, with driver Anton Andersen, who also worked as a car mechanic. He was a so-called 'guarantee driver' at first. Nobody else in Sogndal knew how to drive a car. The passengers are probably Sogndal girls. The speed limit was 30 km/h, and the company had to provide security for any damage before the driving took place even in cases where the damage was not the driver's fault.

Datering
1916
Fotograf
Ukjend
Eigar
Sogndal Sogelag. SFFf-1988010.0395

Indre Sogn Automobilselskap

I 1916 vart det første ruteselskapet skipa for rutekøyring i kommunane Sogndal, Hafslo, Luster og Jostedalen. I byrjinga var bilrutene mynta på turistar. Framleis var hest og kjerre det daglege transportmidlet for folk flest. Rutekøyring var inga lett oppgåve på smale kjerrevegar, teleløysing om våren og ubrøytte vegar om vinteren. Det tok tid før "bussen" vart eit reelt tilbod i lokalsamfunna.

Indre Sogn Automobilselskap A/S blir skipa

I 1916 sende eigaren av Hofslund hotell og skysstasjon, Per S. Ness, saman med andre i distriktet, ut innbyding til å teikna aksjar i Indre Sogn Automobilselskap A/S. Tanken var at aksjane skulle fordela seg nokonlunde likt på dei dåverande kommunane Luster, Jostedal, Hafslo og Sogndal. Dei som underteikna aksjeinnbydinga var folk som Drægni, Døsen, Knagenhjelm og Walaker. Den første bilen selskapet kjøpte inn var ein Chandler med sju sitteplassar, innkjøpt frå Bergen. Liknande selskap var alt skipa i Lærdal, Nordfjord og for strekninga Vadheim-Sandane.

På prøvetur

Vegane var ikkje berre smale, men og svært svingete og bratte. Ein av prøveturane den første månaden gjekk til Luster. Raunereset innanfor Nes i Luster var ein plass sjåføren, Anton Andersen, frykta. Men selskapet hadde ein avtale med importøren om at dersom bilen ikkje greidde å komma forbi der, skulle dei få levera han tilbake. Det var ein spent sjåfør som starta opp saman med styret i selskapet. Turen gjekk bra, men før dei nådde toppen av bakken vart det saluttert så kraftig at sjåføren trudde bilen eksploderte. Vel oppe på bakketoppen var det hengt eit stort banner over vegen med "Velkommen over Raunereset." På tilbakevegen skulle dei prøva vegen opp Jostedalen. Her møtte ordføraren fram med slegge for å slå sund eventuelle hindringar i vegen.

Image
Sjåfør Samuel Berge med rutevogn S-429. Truleg er biletet teke ein stad på vegen i Luster. Samuel Berge tok til å køyra i 1921. Då det kom vedtak om å oppløysa Indre Sogn Automobilselskap A/S i 1920-åra, overtok Berge selskapet, på vegner av dei tilsette. Ein føremon for det nystarta selskapet var at nye føresegner for bilferdsla Sogndal-Fortun hindra konkurranse, og gav selskapet monopol på rutekøyringa. Berge heldt fram som sjåfør i Sogn Billag.

Driver Samuel Berge and car with licence plates S-429. The picture is probably taken on a road in Luster. Samuel Berge started as a driver in 1921. When the decision was made to close down the 'Indre Sogn Automobilselskap A/S' in the 1920s, Berge took over the company on behalf of the employed. One advantage for the newly established company was that new regulations for the car service between Sogndal and Fortun put an end to competition, which gave his company monopoly on this route. Berge continued as a driver in the later company called 'Sogn Billag'.

Datering
1930-1940
Fotograf
Ukjend
Eigar
Sogndal Sogelag. SFFf-1988010.0572

Faste sommarruter

Oppstarten var i juni 1916, og ut på sommaren vart det sett i gong faste ruter. Bilen gjekk fire gonger i veka Sogndal-Fortun-Sogndal, og ein gong i veka Sogndal-Jostedalen-Sogndal. Rutekøyringa slutta 4. september, og om hausten var det berre tilfeldig køyring. Selskapet hadde det same ruteopplegget heilt til 1930/31. Då først gjorde snøbrøytinga det mogleg med heilårsrute mellom Sogndal og Fortun. Snøbrøytinga gjorde dei sjølve med selskapet sine lastebilar. Snøbrøytinga starta først i 1936 i Jostedalen, medan det tidlagere var private sjåførar som brøytte vegen. Det var ikkje alltid like lett, då bilane var for lette og plogane ikkje gjekk djupt nok. Det skapte mykje is i vegen som vart eit problem under teleløysinga.

Image
Etter kvart som turisttrafikken auka vart det sett inn bussar. Dei første rutegåande køyretøya var store bilar, eller mindre lastebilar med sete på lasteplanet og ingen overdekning. Sogn Billag kjøpte inn sin første buss (til venstre) i 1936. Bussen hadde 14 sete. Året etter fekk dei bussen til høgre med 20 sete. Frå Sogn Billag si tid i Grøt i Sogndal.

As the tourist traffic increased, buses were taken into use. The first motor vehicles used in scheduled services were big private cars, or smaller lorries with seats on the open back of the lorry. Sogn Billag bought its first bus (to the left) in 1936. The bus had 14 seats. The following year the company bought the 20-seater bus to the right. The picture is taken at the company's 'base' at Grøt in Sogndal.

Datering
1937-1939
Fotograf
Ukjend
Eigar
Sogn Billag LL. SFFf-1994075.0014

Dyr transport - ruter for turistar

Det var dyrt å reisa den første tida. Første året var billettprisen 35 øre per km for "almindelige reisende", medan bygdefolk betalte berre 20 øre. Først i 1926 var taksten lik for alle, og då var prisen 20 øre. Ein tenestekar måtte i 1916 spara opp fire gode dagløner for å ta ein tur mellom Sogndal og Fortun. Rutene var nok i all hovudsak tenkte som turistruter for ein stadig aukande turiststraum til sognebygdene.

Teleløysing skapte vanskar

Det var mange praktiske vanskar med rutekøyringa. Om våren var teleløysinga eit stort problem. Det var særleg dei eldre vegane med dårleg vegdekke som var mest utsette. Motorvognlova av 1926 gav høve til å avgrensa eller forby køyring med motorvogn når det var teleløysing. Lette bilar kunne få køyra. Både Sogndal og Luster kommunestyre vedtok forbodet, og Sogndal forbaud til og med lette bilar. Forbodet galdt heile rutestrekninga.

I 1926 vedtok Stortinget at den delen av motorvognavgifta, som fall på dei 18 landfylka, kunne nyttast til vedlikehald av viktige gjennomgangsvegar, mot at vedkommande distrikt betalte 1/3 av utgiftene. I Sogn galdt dette vegane Lærdal-Husum og Sogndal-Marifjøra-Skjolden.

Frå turisttrafikk til lokaltrafikk

Selskapet hadde vanskar med å halda fram, grunna dårleg økonomi. Årsaka var nok nok at turiststraumen i denne delen av Sogn var langt mindre enn til dømes i Lærdalsområdet, der fleire selskap dreiv rutetransport. Sjølv om Indre Sogn Automobilselskap A/S i 1920 fekk eit årleg statstilskot på 4000 kroner vart det vedteke å avvikla selskapet. Men sjåførane, leia av Samuel Berge, kjøpte selskapet og heldt fram med rutekøyringa. I 1923 eigde selskapet tre vogner, og i 1926 fem vogner.

Image
Då Sognefjellsvegen opna for rutetrafikk i 1939, gav det store inntekter. Ofte måtte det setjast inn ekstrabilar. Det kunne vera opp til 50 reisande til Turtagrø. Det var tre turar i veka over Sognefjellet. Det var først og fremst fotturistar frå Bergen og Austlandet. Her ser vi rutevogner på turkøyring ved Turtagrø.

When the road across the Sognefjell mountain pass was opened for regular traffic in 1939, this led to increased income for the car companies. Even during the Second World War, cars were filled to capacity across the mountain. Frequently extra cars had to be used. There could be as many as 50 passengers up to Turtagrø. There were three scheduled tours across the Sognefjell mountain pass every week. The passengers were mostly mountain hikers from Bergen or eastern Norway. The picture shows one of the buses on a scheduled tour across Sognefjellet in 1939. In the background we can see the peaks of Skagastølstindane.

Datering
1938-1939.
Fotograf
Elen Loftesnes.
Eigar
Statens vegvesen. Region Vest.

Sogn Billag L/L blir skipa

Men det var inga stort forteneste, og for å betra økonomien og sikra betre korrespondanse mellom bilrutene og båttrafikken, tok Fylkesbaatane i 1933 over Indre Sogn Automobilselskap. Eit nytt selskap vart skipa: Sogn Billag L/L. Det primære var no å tena lokaltrafikken. Mot andre verdskrig auka persontrafikken monaleg, og godstrafikken vart og etter kvart ei viktig inntektskjelde. Sogn Billag var komme for å bli, og fekk etter kvart ein stor marknadsdel av rutekøyringa i fylket.

  • Førsund, Finn Borgen: Sogn Billag L/L 1936-1986. Sogndal 1985.
  • Førsund, Finn Borgen: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s Verbum Grafiske 1995.