Jonsokbål. Måleri av Nikolai Astrup
Eigar
Nasjonalmuseet
Lisens
PDM

Priseld - «Den siste rest av urreligion som ubevisst dukkede opp»

Det er målaren Nikolai Astrup som skriv dette i eit brev til ein av dei første kjøparane av priseld-bileta hans. Det han kommenterer, er eitt av dei mange måleria han har laga av jonsokbål i Jølster. I Sunnfjord brukte dei både «priseld» og «brising». I Angedalen i Førde brukte dei same nemninga: Priseldeplassen. Astrup kalla desse måleria anten Priseld eller St. Hansbål. Jf. krimromanen «Priseld» av Rune Timberlid (2004), som handlar om eit slikt tenkt måleri av Astrup.

Vi finn ganske mange stadnamn i fylket vårt som er knytt til jonsokfeiring. Dette er ein urgammal tradisjon som framleis er levande, sjølv om bakgrunnen for denne bålbrenninga er uklår for dei fleste. I Nordfjord heiter bålet frå gammalt «briseld», «brise» eller «brising». Verbet «å brise» = lyse, flamme, gnistre. 

Briseldeberget og Brisinghaugen

Briseldeberget (Faleide), Briseldehogen (på 5 gardar i Stryn), Briseldeflata (Flora, Bremanger), Briseldesteinen Bremanger, Gloppen) og Briseldesvadet (Frøholm i Stryn). I Selje finn vi Brisinghammaren og Brisinghaugen. Verbet «å brise» = lyse, flamme, gnistre. Plasseringa av desse stadene fortel oss at jonsokbåla helst vart tende på ein haug, eit svad, ein stein eller høgt i fjellet i tidlegare tider (jf. Astrup), ikkje ved vatnet eller fjorden, som er vanleg i dag. Kanskje fordi vi i våre dagar har meir fokus på brannfaren.

Vokeld-namn i Sogn

Frå Vokeldahaug i Leikanger kommune.
Datering
2019
Fotograf
Espen Sæterbø

I Sogn sa dei tidlegare sjeldan «briseld» eller «priseld», vi finn knapt nok belegg for at ordet er brukt i stadnamna der. Derimot brukte dei nemninga «vokeld». Det er registrert ca. 30 slike namn i bygdene langs fjorden, av dei nemner eg: Vokeldahaug (Leikanger, sjå kartfesting nedst i artikkelen), Vokeldeknubben (Luster), Vokeldesteinen (Vik) og Vokeldsvaet (Sogndal). Om Vokeldehaugen i Luster står det at dei brende bål, særleg ved Larsok (10.aug.) «Vok-» kjem av «vaka» = halde seg vaken, som er både substantiv og verb. «Vokeld» kunne bety jonsokbål, men hadde og ei anna tyding: eit bål på ein kvilestad om natta. Vi finn slike vokeld-namn ved støylane og ute i marka, truleg hadde dei og som funksjon å skremme bjørn og andre udyr – og såleis vakte på husdyra. Kanskje var ein del vokeld-plassar rundt omkring i bygdene gamle vetestader. Bålplassen var gjerne sin stein eller liten stein-varde i midten, og ein ring av steinar rundt.

Jonsok og sankthans

Image
Jonsokbål på Knausen i Leikanger.
Datering
2019
Fotograf
Espen Sæterbø

Det mest brukte namnet i dag er jonsokbål. Jonsok (Sankthans, Jonsvoka el. Jonsmesse) har namnet sitt etter Johannes døyparen, som vart fødd ca. seks månader før Jesus (24.juni – 24.des.), og er ein katolsk minnedag. Jon er kortform for Johannes. Datoen er 24.juni, men vi feirar kvelden før, jonsokaftan, slik som julaftan. Sankthans er den danske forma for Sankt Johannes. Feiringa var nok opphavleg ei gammal, heidensk feiring av solsnu og midtsommar, ein fruktbarheitsfest. Astrup prøvar å få fram dette, i desse måleria finn vi ofte både spelemenn, erotikk, alkohol, kjærastepar og til og med gravide kvinner. I tradisjonen vart det sagt at denne natta kunne jenter få sjå sin tilkomande i draumen viss dei la sju forskjellige slag blomster under hovudputa. Sankthans-dogg og jonsokgras var særleg gunstig for dyra. Naturkrafta, elden, var symbol på fruktbarheit og fornying av liv. Men dei mystiske naturkreftene kunne og vere farlege. Astrup såg den urgamle mystikken i denne tradisjonen. Dette er det nok ikkje mange som veit eller tenkjer på i dag.

Jonsokfeiring over heile Europa

Jonsokfeiringa er utbreidd over heile Nord-Europa: Danmark (Sankthans), Sverige (Midtsommar), Finland (Juhannus), Færøyane (Joansøka), Island (Jonsmessa, Jonsvaka), Estland (Jaanipäev), Latvia (Ligo, Jani), Litauen (Jonines), Tyskland (Johannisnacht og Johannistag). I Danmark var det også vanleg å brenne papirhekser på sankthansbålet, som symbol på at vonde ånder skulle haldast vekke. Den har no utvikla seg til ein folkeleg, ikkje-religiøs fest, men historia kan fortelje at det tidlegare var mykje spel, dans og drukkenskap denne dagen. Frå 1500-tallet prøvde styresmaktene og kyrkja å ta knekken på denne umoralske feiringa, utan å lukkast.

Image
Sovjetrussisk frimerke av tradisjonell latvisk Ligo (jonsokafta).
Fotograf
Philaweb
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
PDM

Det er registrert 27 stadnamn med «jonsok-» i fylket vårt. Nesten alle av desse er sjølvsagt namn på plassar med jonsokfeiring: Jonsokbryggja (Hornindal), Jonsoksteinen (Naustdal, Balestrand), Jonsoksvadet (Stryn), Jonsokflata (Flora) og Jonsokvokelden (Lærdal).

Men når det gjeld opphavet til namnet, er det tre namn som skil seg ut: Jonsokgrova (Loen) tek først til å renne når snøsmeltinga startar. I Jonsokbakken (Balestrand) skar dei blom i tida rundt jonsok, og den svære Jonsoksteinen i Fjærland i same kommune kom rullande ned ein jonsokdag.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Loge, Øystein (1993): Gartneren under regnbuen. Oslo. Grøndahl og Dreyers Forlag. (Digital utgave)
Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug (Digital utgave)
Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Tematisk ordnet. Oslo, Kagge forlag
Aasen, Ivar (1873,1977): Norsk Ordbog 5.Udg. Oslo. Fonna Forlag (Digital utgave)