Lokaliseringsstrid
Den største og yngste av dei to soknekyrkjene i Jølster er Helgheim kyrkje. Ho vart bygd på den tida utvandringa til Amerika for alvor starta, men trass i at mange forlet heimbygda, auka talet på dei som var att jamt og trutt. Dei trong ei stor kyrkje, minst 600 sitjeplassar, meinte byggjenemnda.
Kyrkja er reist på om lag same staden som den fyrste kyrkja på Helgheim stod, nede på Sanden på Helgheim. Det er ein vakker kyrkjestad like ved Jølstravatnet, med kyrkjegardsmurar som går like i vasskanten og ei sandstrand like ved inngangen til kyrkjegarden. Plasseringa i sjøkanten var praktisk og eit viktig argument då det braut ut strid om plasseringa av den nye kyrkja i tiåret før kyrkja vart reist.
Alternativet var Skei, som folk frå indre-bygda meinte måtte veljast som kyrkjestad. Det ville også føre til betre kyrkjesøknad, meinte både dei og presten. Ikkje minst ville dei som budde på Klakegg og i Stardalen få ein mykje lettare kyrkjeveg. Men på den andre sida ville Skei-alternativet føre til meirkostnad, for i tillegg til kyrkje måtte der byggjast molo, det slapp dei å gjere på Helgheim. Det enda med at kyrkjestaden vart som før, og til erstatning for tømmerkyrkja kom det opp ei lys og moderne langkyrkje.
Kyrkjebygningen
Utvendig er Helgheim kyrkje ei av våre klassiske og vanlege 1800-tals kyrkjer å sjå til. Tårnet er bygt inn til vestveggen og med sine møne på fire kantar er det med på å gi kyrkja eit svært pent preg. Innvendig har kyrkja boga, lysmåla tak over midtskipet og i delar av koret. Ut mot sidene i skipet er taket flatt, og inst i kordelen er det forma etter den kanta veggkonstruksjonen (av oktogonforma).
Fargane i kyrkja i dag er for ein del dei same som var der då bygningen var ny for snart 125 år sidan. Benkene er tilbakeførte til den lyse fargen som tidlegare, medan dei fire søylene på kvar side i kyrkjerommet er gråtona med mørkeraude markeringar. Fleire mindre søyler i same fargen held oppe galleriet. Kyrkja har fire storruta vindauge i spissboge på kvar side av veggene, og dei bakerste gjev også lys til galleriet.
I 1952 vart det gjennomført ei stor oppussing av kyrkja, og då vart m.a. vindauga i koret fjerna. Grunngjevinga var at presten skulle sleppe sterkt motlys når han stod vendt mot alteret. Det vart naudsynt med fleire lys for å erstatte desse vindauga. Det er no hengt opp kunstverk med friske fargar der dei to vindauga var. I samband med den store oppussinga vart dei mange søylene kledde med plater og måla. Fargane både i koret og i delar av skipet er noko lysare enn dei som var i kyrkja tidlegare.
Inventaret
Altertavla frå 1877 vart laga ny til den nye kyrkja. Biletet i tavla er ein gravhaug med ein steinkross, og Jølster-fjell i bakgrunnen, innramma av sulegang og kvelv. Biletet over er den sigrande Kristus på krossen, med Jerusalem i sol. Det var målarmeisteren som måla bileta, og meininga var at dei berre skulle tene førebels. Men folk vart glade i dei, og stemnetalarar fann preikemotiv i bileta. I 1997-1999 vart det arbeidd med å skifte ut hovudbiletet i tavla, men dette vart møtt med relativt sterk motstand.
På alteret er det to udaterte alterlysestakar. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne frå 1995.
Preikestolen er frå 1877. Ved oppussinga i 1952 vart han senka og rosene overmåla. Han vart då marmorert. Døypefonten er like gammal som preikestolen. Dåpsfatet, datert til 1716, har bilete av engelen Gabriel sitt bodskap til Maria. I tillegg kjem ein dåpsmugge frå 1977.
Orgelet frå 1979 er av typen Jehmlich, og har 16 stemmer. Kyrkja har ikkje mindre enn tre kyrkjeklokker, ei er datert 1679 og vert lagra i tårnet, ei er frå før 1700 og den tredje er frå 1934.
Utforminga av kyrkja
Avgjerda om å byggje ny kyrkje er det nok ingen som har angra på seinare. Verre er det å tenkje på det som hende med inventaret frå den førre kyrkja - ja, i det heile å tenkje på at den gamle vart riven. Men på 1870-talet var folket i bygda mest av alt opptekne av å få ei ny og stor kyrkje. Kyrkjebyggjaren, byggmeister Vanberg, visste akkurat korleis ho skulle sjå ut: høgreist i landskapet, i nygotisk stil slik moten var, med høge, spissforma vindauge og eit rakt, stilreint tårn over våpenhuset. Byggjenemnda var ikkje udelt begeistra for utforminga og godtok m.a. ikkje planane om mønetak, men kravde at det skulle vere kvelving i den nye kyrkja slik det var i den gamle. Dei ville ha ei skikkeleg altertavle, det var for enkelt med berre ein kross på alteret.
Byggjeperioden skal ha vore det verste uåret i manns minne. Ein av dei gode korngardane hadde ikkje moden havre til Mikkjelsmesse, som er den 29. september. Og når kornet ikkje var modent til den tid, vart vel knapt noko å hauste det året! Det einaste positive var at folk fekk god tid til å delta i kyrkjebygginga.