Kattatjørna på Sindre.
Datering
2016
Fotograf
Kristian Solvang

«Katt» i stadnamn

«Katt» er eit mykje brukt ord i stadnamn. Men korleis har dette listige og smidige dyret kome inn i mange stadnamn? Det er nemleg ganske få forklaringar på kvifor dette ordet er brukt. I nokre høve vert det sagt at «dei drukna kattar her» eller at formasjonen «liknar på ein katt». 7 av namna i fylket vårt har ein slik merknad. Det er kanskje rett at somme av desse namna er samanlikningsnamn. Men det er neppe ei forklaring som står til truande når det er eit berg, eit fjell, ein haug eller eit skjer det er snakk om. Om lag halvparten av katte-namna er lokalitetar knytt til vatn, hølar, tjørner o.l., som slett ikkje er kattane sitt revir. Det trengst andre forklaringar.

På begge gardane Sindre og Maurhaug i Markane i Stryn finn vi Kattatjørna. Tjørnene er knapt synlege lenger, for dei er nesten heilt attgrodde med mose. Rundt «myrholet» som er igjen, ligg det i dag ei svært våt myr, der det tidlegare sikkert har vore ei lita tjørn.

Like ved husa på garden Ulvedal i Stryn låg Kattakjelda. Her var det for ikkje lenge sidan ei lita kjelde, der dei henta kaffivatn og litt vatn til husbruk. No er Kattakjelda borte. Det ein kan undre seg over, er om namnet er samansett med husdyret «katt» – for kattar og vatn går som kjent ikkje godt saman. Innerst i Oldedalen er det mange som tek seg ein tur på Kattanakken, stigen er jamvel merka. I Randabygda finn vi Kattaskora og Kattadragvollen.

Går vi inn på Sogn og Fjordane sitt webarkiv for stadnamn, finn vi ca. 100 stadnamn med «Katt-». Her vil eg tilføye at arkivet per i dag (2019) slett ikkje er fullstendig, det manglar tusenvis av namn både frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Katta-, Katte- Katt- desse tre formene er mykje brukt

«Katt» er altså eit mykje brukt ord i stadnamn. Eg nemner Kattaberget, Kattadalen, Kattadammen, Kattagjelet, Kattagrova, Kattagytta, Kattahamrane, Kattahola, Kattahogen, Kattaholen, Kattahølen (mange), Kattaskjeret, Kattaskora, Kattasteinen (mange), Kattataren, Kattatjørna (mange), Kattavatnet, Kattavika, Kattavollen – eller berre Katten. Det vekslar mellom formene «Katta-», «Katte-» eller «Katt-».

I ein artikkel «Stadnamn med katt» skriv Johan Ottesen: «Men om ein skulle drukne kattungar ved å putte dei i ein gammal sekk med stein i, var det vel enklare å ta seg ein tur i fjøra, der det var djupt, framfor å la drukna kattar liggje og rotne i eit bitte lite fjellvatn».

 

Image
Kattatjørna på Maurhaug.
Datering
2018
Fotograf
Arne Myklebust

«Katt» kan vere nedsetjande eller noko som er lite.

I Norsk stadnamnleksikon les vi: «Ofte har ordet Katt- i stadnamn ei nedsetjande tyding og/eller merkjer ut noko som er smått.» I Svenskt ortnamnlexikon skriv dei at førsteleddet i stadnamn med katt også kan vere «djurbeteckning katt, som i ortnamn iblant används för att uttrycka att något är litet eller i någon bemärkelse dåligt.» Truleg tyder føreleddet «Katt-» i mange av desse namna at noko er lite, t.d. at Kattetjønna er lita og Kattasteinen liten. Ser vi nærare på dei ca. 100 namna, har 18 lokalitetar merknaden «liten». Det gjeld t.d. også teigenamnet Kattakråna på Lote.

Der smågutane heiter «kate» = smidige og raske?

Denne bruken av ordet er gått ut av aktivt bruk, men kanskje er det dette ordet vi finn brukt i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn. Der kan ein smågut framleis bli kalla «kate». Ordet har lita utbreiing. I arkivet i Norsk Ordbok er det stort sett heimla frå kysten i Sunnfjord og sørover til kystområde i Hordaland. Det er sjølvsagt eit språkleg problem at «kate» vert uttala med lang /a:/. Målfrid Skaar frå Fjaler har gitt oss uttrykket: «Du e no enn ekte råtekate» (positivt innhald). I svensk dialekt tyder «katig» dyktig, rask, dristig eller uregjerleg.

Dette kunne tyde på at ordet «kate» for lang tid tilbake vart brukt for å karakterisere ikkje berre det som var «lite», men også det som er typisk for katten – han er jo både rask, smidig og uregjerleg. Tom Schmidt sin kommentar til namnet Kattadragvollen i Randabygda er inne på dette: « Det er særs bratt dei fleste stadene ute i stranda, og stundom er det mest berre så vidt det er feste for foten. Ein særleg trong stad kunne få namnet «Kattadraget», av di der var vanskeleg å koma framom; staden minte om måten katten smyg eller dreg seg gjennom små hol og sprekkar.» Øystein A.Vangsnes kommenterer dialektordet «kate» slik: «I det heile teke passar mange av adjektiva [ … ] på viltre og leikne smågutar». Alf Torp skriv at i austnorske dialektar tydde verbet «å kate» «arbeide med at holde følgje, forsøke paa at holde tritt med». Nedsetjande tyding har det vel og hatt, slik som vi brukar det i uttrykka ”kattemusikk”, ”kattepine”, ”kattevask” (liten, dårleg) og «å kjøpe katta i sekken».

 

Image
Katten blir mykje brukt som souvenirar i Egypt. Dette er ein rimeleg liten minneting.
Datering
16.08.2019
Fotograf
Randi Melvær

Katten kom frå Egypt til Norden

Ordet «katt» har vi frå latin «cattus/catus». Tydinga var først «villkatt», seinare «tam katt». Romarane vart kjende med kattar gjennom Egypt, og det er mogleg at «cattus» stammar frå nordafrikansk språk. «Katt» heiter «kadis» på nubisk og «kaddiska» på berbisk. I Egypt har dei funne mange mumiar av kattar, og i Romerriket var katten eit symbol på sjølvstende. Både dyret og namnet kom til Norden for ca. 1000 år sidan.

Skummelt dyr – svart katt over vegen

Folk vart mistenksame mot dette listige og smidige dyret, som vi framleis seier har ni liv, og alltid kjem ned på beina. I folketrua vart katten ofte forbunde med vonde makter, og på sabbaten reid heksene på svarte kattar. For keltarane symboliserte dyret vondskap. Vi seier framleis at svart katt over vegen betyr ulukke. «Fytti katta!» må nok reknast som nesten-banning – her er «katt» erstatningsord for Fanden sjølv: «Fy fan!»
I boka «Stadnamn frå Sunnmøre» seier Johan Krogsæter at Katavågen ved Sunnmøre Museum har fått namnet sitt etter båttypen «kati». Gammalnorsk Ordbok oppgjev «kati m» som eit slag skip eller båt i vikingtida.

 

Image
Kattegat. Utsikt frå Nakkehovde Fyr, Gilleleje, mot Sverige. Øresund til høgre
Datering
03.06.2006
Fotograf
Sir48
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons

Kattegat – trongt sund

Det er verd å merke seg sjønamnet Kattegat, det smale sundet mellom Sverige og Danmark. Namnet er nederlandsk og laga av hanseatiske sjømenn. «Katt-» er eit nautisk ord for ein trong passasje, og «-gat» = hol, port. Kattegat var for dei eit «kattehol», eit farvatn som var trongt og farleg pga. mange grunner og fluer. Ei trong gate i København heiter Kattesundet. Vi ser at føreleddet «katt» også i grannelanda våre vart brukt om noko som var lite og trongt, ikkje direkte knytt til dyret.

 

Image
Kattanakken i Oldedalen.
Datering
2019
Fotograf
Arne Myklebust

Kattanakken i Oldedalen

Storleik er alltid relativ, det spørst kva vi samanliknar med. Kattanakken i Oldedalen er slett ikkje så liten, men i høve til fjella på begge sider og bakanfor er dette fjellet minst (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Eit nedsetjande namn er det iallfall ikkje på dette spennande og flotte fjellet. Heilt sikker på tydinga kan eg likevel ikkje vere, for somme i Oldedalen meiner dei ser noko som liknar på eit kattehovud. Kattanakken finn vi og like nedanfor Bakkestøylen i Hennebygda. Utanfor fylket vårt har dei Kattnakken på Stord i Hordaland.

 

Image
Røyskatt i sommerpels (Photo © Peter Trimming (cc-by-sa/2.0))
Datering
Ukjent
Fotograf
Peter Trimming

Røysekatt, markatt, svartekatt og trollkatt

Det er elles mange slags kattar i stadnamna i fylket, og då i direkte tyding, mest med røysekatt og mårkatt (= mår): Røysekattråsa i Utvik, Markattfluna i Flora og Mårkattabykset i Aurland. I Askvoll har dei Svartekattmyra (= oter), og så finn vi Villkatteskorane i Solund og Trollkattahamrane i Høyanger. Trollkatt har eg dessverre enno ikkje sett!

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Walberg, Mats (red.) (2003): Svenskt ortnamnlexikon. Uppsala Universitet
Uglum, Arve og Vangsnes, Øystein A. (2010): Grautmål. Leikanger. Skald forlag
Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Oslo. Aschehoug (Digital utgave)
Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Tematisk ordnet. Oslo. Kagge forlag
Krogsæter, Johan (1995): Stadnamn frå Sunnmøre. Ei artikkelsamling. Ålesund. Nytt i Ukas forlag (Digital utgave)
Ottesen, Johan (2014): Stadnamn med katt. Artikkel i Regionavisa for Sunnmøre og Nordfjord 21.mai 2014
Sandnes, Jørn og Stemshaug,Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon, Oslo. Det norske Samlaget
Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok, Oslo. Det norske Samlaget
Schmidt,Tom (1976): Teigenamn i Randabygda.  Uprenta hovedoppgave, UiO
snl.no/katt (lesedato: 09.08.2019) (Digital utgave)

Sjå også