Datering
1913
Fotograf
Kristian Berge
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland

Dei fleste større fyrstasjonane som  Utvær, Geita, Ytterøyane, Kvanhovden og Kråkenes fyr hadde ei vaktavdeling frå marinen under heile krigen. 

Krigsminne i Sogn og Fjordane - Kontroll og varsling

Ein viktig del av kystforsvaret er kontroll av trafikken på sjøen, på land og i lufta, og varsling av fiendtleg aktivitet. I det norske Luftforsvaret er kontroll og varsling eiga tenestegrein, men omgrepet kan også nyttast om all militær kontroll av trafikken på sjø og land. I krigsåra 1940-45 bygde den tyske okkupasjonsmakta eit omfattande nettverk av postar og stasjonar for kontroll og varsling langs heile norskekysten. Formålet var trafikkontroll, og varsle om allierte fly eller fartøy. Framleis i dag finn vi spor av slike postar og stasjonar på små fjellknausar, langs skipsleia eller ved bilvegane.

Flymeldepostar

Flymeldepost Brg 17 på Husefjellet ved Steinsund i Solund.
Datering
1941-42
Eigar
Frå boka «Fronten er kysten!»

Det tyske luftvåpenet Luftwaffe hadde hovedansvaret for flyvarsling. Tyske fly var frå tid til anna ute på rekognoseringsturar, men i tillegg vart det bygd eit nettverk av flymeldepostar på bakken. Postane låg gjerne på ein liten fjelltopp med godt utsyn, og flyaktivitet blei meldt over radio, telefon, eller fjernskrivar til flymeldesentralar. Dei fleste av postane på Vestlandet rapporterte til Flug-Melde-Zentral (FMZ) Bergen. På Rundemann var radiostasjon, og på Fløyen låg FMZ Bergen. Der var også Jägerleitstelle Bergen som bestemte om jagarfly skulle sendast opp frå flyplassen på Herdla.

Flymeldepostane fekk nummer og namn etter sentralen dei høyrde til. Postar under Bergen var Brg, Trondheim var Dri, og Sol var Sola ved Stavanger. Kvar flymeldepost kunne ha 13 mann, ein underoffiser, to sambandsmenn, og ti menige. Mannskapet var delt i tre vaktlag med fire mann i kvart. Kvart lag hadde 8 timar vakt, og kvar mann 2 timar vakt. Ved spesielle høve var det forsterka vakt. Det var eit einsformig liv med vakt og atter vakt, ofte på ein forblåst fjelltopp, difor var det rullering av mannskapet for å skaffe litt avveksling. Flymeldeposten hadde eit lite vakttårn med ein god kikkert som vart nytta til observasjon. Like ved var vakthytte, og forlegningsbrakke. Til nærforsvar hadde mannskapet gevær og eit par maskingevær, og ved nokre postar var det piggtrådgjerde og lagt ut miner.

Luftwaffe flymeldepostar i Sogn og Fjordane  
Brg.  2 NaesholmenHyllestad Nesholmen/Tveit
Brg.  3 AakreHøyanger Åkre
Brg.  4 NesseBalestrand  Nessane/Ortnevik
Brg.  5 Vik   Vik   Ligtvor
Brg. 16 Bjørknaes Gulen Byrknesøy
Brg. 17 Stensund SolundSteinsund
Brg. 18 Hugö   Solund Hugøy/Hersvik
Brg. 19 HerlandAskvollHerland
Brg. 20 Svanöy  Flora   Gripland
Brg. 21 Florö      FloraFlorø
Brg. 22 Kallevaag  BremangerKalvåg
Brg. 23 Vaage   VågsøyVågsvåg
Brg. 25 OpheimVossOppheim
Brg. 26 Nes LusterNes
Brg. 27 KvammenGaular Viksdalen
Brg. 29 MyklebostEid Kjølsdal
Brg. 30 Utvik  StrynUtvik
Dri. 40 Ervik Selje   Ervik/Kjerringa

Radarvarsling

Både den tyske marinen og Luftwaffe brukte radar. Det vart brukt fleire typar radar alt etter formål. Det kunne vere radar for flyvarsling, skipsvarsling, skyteradar for luftvern og kystartilleri, eller det var leieradar for eigne jagarfly. Ein av dei første radarane sett opp på norskekysten var marinen sin radar på Kråkenes i mars 1942. Frå sommaren 1942 starta Luftwaffe for fullt bygginga av radaranlegg i Norge, og våren 1945 var det radarstasjonar i ein samanhengande kjede på kysten av Sør-Norge.

I Sogn og Fjordana hadde Luftwaffe to radarstasjonar. Eit stort anlegg på Stadlandet, og eit mindre på Sandøy i Askvoll. Etter krigen blei alle tyske radaranlegg demonterte av dei allierte. Idag finn ein på desse stadane restar av fundamentet for radaren, forlegningsbrakker og stillingar. Den tyske nemninga på radar var Funkmessortungsgeräte – FuMO.

Radarstasjonar i Sogn og Fjordane  
FuMO "Steineiche",  
Radarstasjon StadlandetSelje Kjerringa/Vestkapp
FuMO "Salbei",  
Radarstasjon SandöAskvoll Sandøy/Bulandet
Radar FuMO KraakenaesVågsøy  Kråkenes
Skisse som viser Luftwaffe sitt sambandsnettverk frå flymeldepostar og radarstasjonar inn til flymeldesentralen AFMZ Bergen. I øvre halvdel til venstre på skissa finn vi flymeldepostane og dei to radarstasjonane i Sogn og Fjordane. Mai 1945.
Datering
1965-1973
Eigar
Frå boka „Die Geschichte der Luftnachrichtentruppe“ av Hoffmann, Karl Otto

Radiosendarar og linkstasjonar

På slutten av krigen hadde Luftwaffe bortimot fullført eit bakkenett av radiosendarar og linkstasjonar langs kysten av Vestlandet og over til Austlandet. I Sogn og Fjordane var det to radiolinkstasjonar.

Radiosendar BremangerBremanger Veten
Radiosendar GulenGulen Brosviksåta
Skisse som viser Luftwaffe bakkenett av radiolinkstasjonar i Sør-Norge. I Sogn og Fjordane var det radiolink på Brosviksåta i Gulen, og på Veten i Bremanger. Frå Stavanger var det samband via Skaulen og Gaustatoppen til hovedsentralen i Oslo. Mai 1945.
Datering
1965-1973
Eigar
Frå boka „Die Geschichte der Luftnachrichtentruppe“ av Hoffmann, Karl Otto

Marinen

Marinen hadde ansvar for kontroll av skipstrafikken, og elles anna aktivitet på sjøen i kystområdet. I skipsleia og i skjærgarden patruljerte marinefartøy, ofte var det rekvirerte og armerte sivile fartøy (forpostbåtar). På stader med god hamn var det ein tysk hamnekaptein, og langs skipsleia låg det vakt- og kontrollstasjonar. Signalstasjonane signaliserte kontroll-ordrar til passerande båtar, eller dei kunne kalle inn mindre båtar for kontroll. I Sogn og Fjordane var det hamnekaptein i Måløy, Florø, og Askvoll.

Fyrstasjonane

Dei fleste større fyrstasjonane som  Utvær, Geita, Ytterøyane, Kvanhovden og Kråkenes fyr hadde ei vaktavdeling frå marinen under heile krigen. Ved andre fyr var det kanskje vaktavdelingar ein periode under krigen. På Utvær og Ytterøyane vart det også lagt ut landminer, og vaktstyrken fekk støtte av eit par luftvernkanoner. Mange fyr og fyrlykter var sløkt under krigen, og av dei som var i drift skulle ingen lyse ut mot havet.

Mot slutten av krigen vart mange av fyrstasjonane delvis øydelagde og sett ut av drift av allierte flyangrep. På det vestlegaste støttepunktet i Norge, Utvær fyr, gjekk allierte fly våren 1945 til angrep på fyret, ei forlegningsbrakke vart skoten i brann, og toppen av fyrtårnet (45 meter høgt) vart skote ned. Også Ytterøyane hadde allierte flyangrep under krigen.

Marine kontrollstasjonar og vaktpostar i Sogn og Fjordane 
Hamnekaptein MåløyMåløy
-Fjernskrivarstasjon MåløyMåløy 
-Hamnekontrollstasjon MåløyMåløy
Hamnekaptein FlorøFlorø
-Marine-Radiostasjon Florø Florø
Hamnekaptein Askvoll Askvoll
Marine-Signalstelle (MSS) 
Marine-Signalstasjon StadlandetHovden/Ervik i Selje
Marine-Signalstasjon MåløyMåløy 
Marine-Signalstasjon FlorøFærøy
Marine-Signalstasjon AskvollAskvoll
Marine-Signalstasjon StensundTungodden i Solund
Küstenwache (KüWa) 
Kystvakt-stasjonKvanhovden fyr
Kystvakt-stasjon med luftvern/ minelagtYtterøyane fyr 
Kystvakt-stasjonVallestad
Kystvakt-stasjonSmelvær
Kystvakt-stasjonEidfjord
Kystvakt-stasjonGeita fyr
Kystvakt-stasjon Tangenes
Kystvakt-stasjon med luftvern/ minelagt Utvær fyr

Hæren

Landtrafikken kontrollerte hæren ved hjelp av kontrollpostar og streifpatruljar, som regel i tilknytning til stader der det var stasjonert avdelingar og etablert støttepunkt. Det kunne vere kontrollpostar i tilknytning til sprengningsobjekt som bruer, eller viktige forsvarsobjekt som industrianlegg, drivstofflager og kraftverk. På stader med stor militær aktivitet var det ein plasskommandant og Ortskommandantur. Ein periode hadde hæren eigne flyvaktpostar - Heeres-Flugwache. Ein del stader kan ein enno finne restar etter kontrollpostar ved vegen, mellom anna i Vadheimsdalen.

Hærens flyvarsling i Sogn og Fjordane 
H 33 MyrdalForlegningsområdet
H 34 Fretheim Forlegningsområdet
H 35 Høyanger  Fabrikkområdet
H 36 Laerdal Forlegningsområdet
H 37 Aardal  Verket i Årdal under bygging
H 38 YndestadVerket i Stongfjorden
H 39 FördeForlegningsområdet
H 40 Svelgen Fabrikkområdet
H 43 NordfjordeidForlegningsområdet         
Kontrollpostar og vegsperringar – sperreplaner
Vegane rundt tettstadane Nordfjordeid, Måløy, Florø, Førde
Vegane i Ytre Sogn og mellom Vadheim og Sande i Sunnfjord
Vegen frå Lærdal mot Austlandet og Gudvangen mot Voss i Indre Sogn  
  • Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999)