Denne russiske 13 cm skipskanonen modell 1940 står framleis på Tangane.

This Russian 13 cm ship cannon model 1940 is still standing at Tangane.

Datering
1992.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Kystfortet på Tangane

Hausten 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Tangane. Byggeleiinga var tysk, men store deler av arbeidet vart utført av norske entreprenørar og arbeidarar.

Marine-Batterie "Nordfjord"

Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål på Vågsfjorden, og på den måten sperre innseglinga til Måløy og Nordfjord. På same vis som ved Sognefjorden var det viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Nordfjord. Difor starta marinen i 1940 bygginga av eit torpedo-batteri på Angelshaug, og eit kystfort på Tangane som er området på vestspissen av Rugsundøy. Fleire av brakkene fekk sentralfyring, innlagt vatn og elektrisk lys frå straumaggregat. Batteriet hadde også ein kanontropp på Kråkenes på Vågsøy der det også stod ein radar. Etter den tyske kapitulasjonen i 1945 gjekk batteriet inn i det norske Kystartilleriet under namnet Rugsundøy Fort. Brakker og kanonar vart ståande ei tid medan Forsvaret vurderte framtida til batteriet, men rundt 1950 vart fortet endeleg nedlagt.

Kanonar frå den russiske tsarens flåte

Dei to første kanonane som kom til batteriet våren 1941, kom frå det russiske slagskipet "Imperator Alexandr III" sjøsett ved Svartehavet i april 1914. Slagskipet var ein del av den russiske tsarens Svartehavs-flåte, men i 1920 måtte skipet forlate Svartehavet, og gjekk til den franske flåtehamna Bizerte i Nord-Afrika. Der låg slagskipet til det vart kondemnert av franskmennene i 1933. Seks år seinare, under den finsk-russiske vinterkrigen 1939-40, bestemte franskmennene seg for å sende dei gamle slagskipkanonane som våpenhjelp til Finland. Den 9. april 1940 låg det finske lasteskipet "Nina" i Bergen, med kanonene ombord. Same dag okkuperte tyskarane Bergen, og skipet måtte bli liggande. Den 13. april vart skipet skada under eit britisk flyangrep, og tyskarane gjekk ombord for å sjå på skadene. Der fann dei kanonane som dei etter ei tid bestemte seg for å bruke i sitt eige kystforsvar i Norge.

Russiske skipskanonar på Tangane

Slik kom to russiske 13 cm skipskanonar modell 1915 frå tsarens Svartehavsflåte, også kalla "Nina"-kanonar etter det finske lasteskipet, i mai 1941 til Rugsundøy. Etter Måløy-raidet i desember 1941, vart begge kanonane flytta bort frå fortet. Som erstatning for dei to gamle tsar-kanonane, fekk batteriet sommaren 1942 i staden to nye og moderne russiske 13 cm skipskanonar modell 1940, med rekkevidde på opp til 20.100 m. På same tid kom også ein tredje kanon til fortet, men det var nok ei gamal tsar-kanon som denne gang vart ståande til krigen var slutt. Etter krigen vart den seld som skrapjern, medan ein av dei nye kanonane modell 1940 står igjen.

Image
Sommaren 1942 kom to nye russiske 13 cm skipskanonar, modell 1940, til batteriet som erstatning for to gamle tsar-kanonar. For å få eine kanonen på plass på fjellknausen, måtte det byggast ei transportbane oppover fjellsida. Denne kanonen står igjen.

In the summer of 1942, two new Russian 13 cm ship guns model 1940 came to the battery to replace the two old Tsar guns. In order to install one of these new guns, a special transportation arrangement had to be built to hoist it up the mountainside. This gun is still standing.

Datering
Ca. 1942.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Kystartilleriet.
Image
Biletet viser ein av dei gamle tsar-kanonane, 13 cm skipskanon, modell 1915. Med to kanonar av denne typen var batteri "Nordfjord" i artilleriduell med den britiske kryssaren "Kenya" under Måløy-raidet 3. juledag 1941.

The picture shows one of the old Tsar guns, a 13 cm ship cannon, model 1915. With two cannons of this type the battery 'Nordfjord' was in an artillery duel with the British cruiser 'Kenya' during the Måløy raid on 27 December, 1941.

Datering
Ca. 1946.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Kystartilleriet.

Commando-angrepet på Måløy

Den 27. desember 1941 gjennomførte engelskmennene eit raid mot tyskarane i Måløy. Raidet var ein kombinert operasjon der både fly, marinefartøy og Commando-soldatar deltok. Heile landgangsstyrken var på 543 britiske Commando-soldatar og ein tropp på 33 mann frå det norske kompani Linge under leiing av kaptein Martin Linge. Styrken hadde som oppgåve å gå på land i og ved Måløy, nedkjempe den tyske styrken i Måløy-området, og øydelegge tyske installasjonar og norske fabrikkanlegg. Etter harde kampar trekte Commando-soldatane seg om ettermiddagen ut av Måløy, og styrken la kursen ut fjorden og tilbake til England. Denne aksjonen, kjend som Måløy-raidet, var einaste gongen tyske styrkar på kysten av Norge var i regulær kamp med britiske styrkar.

Image
I 1994 var Bernhard Schaller tilbake på Tangane der han som 19 år gamal soldat opplevde Måløy-raidet. På biletet står han på fundamentet til luftvernkanonen han var mannskap ved under kampane. Han fortel flya kom innover fjorden, og sleppte bombene sine over fortet. Ei bombe traff rett framfor stillinga, og som ved eit under overlevde han, sjølv om uniforma også tok fyr.

In 1994, the German Bernhard Schaller returned to Tangane where he as a 19-year-old soldier experienced the Måløy raid at close range. The picture shows him standing on the foundation of the anti-aircraft gun where he formed part of the crew during the fighting. He says that the airplanes came into the fjord and released their bombs on the fort. One bomb struck down right in front of the gun position, but in a miraculous way he survived, even if his uniform caught fire.

Datering
1994.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Batteriet i kamp

I grålysninga laurdag 27. desember 1941 gjekk den britiske flåtestyrken med sakte fart inn Vågsfjorden. Fremst gjekk kryssaren "Kenya", og lenger bak kom fire destroyerar og to troppetransportskip. Kryssaren var flaggskip, og la seg til på Vågsfjorden rett utfor Måløy. Medan landgangsbåtane fossa inn mot Måløy, bomba britiske fly batteriet på Tangane. Utover dagen var dei tre luftvernkanonane til batteriet jamnleg i aksjon mot nye flyangrep. Etter kvart får tyskarane også avfyrt nokre granatar med dei to gamle tsar-kanonane. På avstandar på mellom 7.700 meter og 8.200 meter skyt batteriet utover dagen mot kryssaren "Kenya", men på grunn av tekniske problem med dei gamle kanonane, klarer batteriet berre å avfyre totalt 35 granatar mot kryssaren. Ein granat treffer "Kenya", utan å gjere stor skade. Kryssaren skyt tilbake, og etter kampane rapporterer tyskarane at mellom 150 og 180 granatar slo ned i området. På Rugsundøy fall ein tysk soldat, og åtte andre vart såra i kampane.

Fakta om kystfortet på Tangane:

  • Tysk namn på fortet : MKB 9./504 Nordfjord.
  • Mannskapsstyrke : 159 befal og menige soldatar.
  • Hovedskyts : 3 russiske 13 cm skipskanonar.
  • Stridsklart : Mai 1941.

Tilrettelegging og skilting

I 1998 starta kultursjefen i Bremanger kommune eit prosjekt for rydding, tilrettelegging og skilting av kystfortet på Tangane. I samarbeid med grunneigarane og Tangane kulturlag er ein del stiar og bunkerar rydda. I planane har også vore vedlikehald av den gamle tyske mannskapsmessa som framleis står igjen, og som i åra etter krigen har vore brukt til forsamlingslokale. I 1999 var også tre store informasjonsskilt ferdige, og sette opp ute i området til kystfortet. Når fastlandssambandet til Bremanger vert opna i 2002, treng ein heller ikkje lenger i båt for å kome til Rugsundøy og Tangane.

Image
I mannskapsmessa heng dette store veggmåleriet, måla av ein ukjend tysk soldat under krigen. Soldaten har nok vore inspirert av det sørlege Tyskland.

In the mess hall we find this wall painting, painted by an unknown German soldier during the war. The soldier was most likely inspired by the landscape of southern Germany.

Datering
1998.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.
  • Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og
  • Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995. Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
  • Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.