Rutetrafikk også om vinteren
For Indre Sogn var vegen over Hemsedal det kortaste sambandet til Austlandet. Høgaste punktet på fjellovergangen er 1170 moh. Det var vanskeleg å halda vegen open for vanleg biltrafikk om vinteren. Det hadde lenge gått rutebiltrafikk over Filefjell om sommaren, men då Bergensbana opna i 1909 vart Gol eit viktig knutepunkt. Ut over 1920-åra kom kravet om vinteropne "automobilruter", og vinteren 1928-29 vart det brøytt mellom Lærdal til Borlaug bru for biltrafikk.
Med beltebil over Hemsedalsfjellet
I 1930 kjøpte eigarane av Maristuen hotell og Bjøberg fjellstue i fellesskap inn ein beltebil av typen Citroen-Kegresse, for å køyra passasjerar over fjellet frå Borlaug bru på sognesida til Tuv i Hemsedal på ubrøytt veg. Ruta stod i samband med vanlege rutebilar på begge sidene. På denne måten kunne reisande rekna med å gjera turen mellom Lærdalsøyri og Gol stasjon på 9-10 timar om vinteren. Beltebilen hadde plass til åtte passasjerar i tillegg til sjåføren. Med oppstarten av denne ruta venta ein auka gjennomgangstrafikk mellom Indre Sogn og Oslo.
Citroen traktorbil vert brøytebil
Det vart såleis eit press på vegvesenet for å få vegen brøytt over ei lenger strekning, og i oktober 1932 tinga vegvesenet i Sogn og Fjordane ein Citroen "traktorbil" til å setta inn på den 21 km lange strekninga mellom Borlaug bru og Breistølen. Traktorbilen som på det dåverande tidspunktet var disponert av Vegdirektoratet, vart levert i november 1932. Den fekk registreringsnummer S-1346. Bilen vart omtala som traktorbil av di det var ein kortbygd type, bygd for å trekka semihengarar. I utgangspunktet hadde den difor ikkje lasteplan.
Traktorbilen frå namnet Eddie
Historia fortel at i bilen sin barndom budde det to kortvaksne karar i Lærdal. Den eine bar namnet Eddie, og den andre heitte Vetle-Henrik. Brøytebilen fekk frå først av tilnamnet Vetle-Henrik, men så var det ei tenestejente som gjekk litt i surr då ho ein dag såg bilen komma. "Der kjem han Eddie", utbraut ho, og dermed vart bilen for ettertida kalla Eddie på folkemunne.
Med plog på venstresida
Å brøyta heile Hemsedalsfjellet ville ha vore umogleg med det utstyret som den gongen fanst. Dessutan er det om lag fire mil mellom Borlaug og Tuv. Brøytebilen starta brøytinga frå Breistølen for å brøyta i unnabakke. Då kunne dei skyfla all snøen utfor vegen. Den regulerbare sideplogen til bilen vart difor tinga for montering på venstre side, ikkje høgre side som var vanleg. Ole I. Breistøl var sjøfør på Eddie. I dårleg vêr gjekk bilen heile døgnet. Då var det to sjåførar som bytte om å brøyta. Snømengdene var ofte så store at brøytebilen ikkje kunne komma fram ved eiga hjelp. Det måtte difor handmokast i tillegg. Det er sagt at det kunne vera opp til 60 mann som moka for å få brøytebilen fram!
Eddie vert adla
Eddie tente som brøytebil for vegvesenet truleg fram til krigen. Då vart Eddie seld til Ola I. Breistøl og tente sine siste yrkesaktive år som traktor og møkakjerre på Breistølen. Frå 1950 vart Eddie pensjonert og stod på ein låve. Men vedlikehaldsjef Lars Lefdal ville det annleis, og i 1976 vart Eddie kjøpt tilbake til vegvesenet. Her stelte karane på vegsentralen godt med Eddie og fekk han i gang att. Då Lars Lefdal byrja som vegsjef i Statens vegvesen, Sogn og Fjordane, fekk Eddie status som representasjonsbil i samband med vegopningar.
Full stopp på Hemsedalsvegen
Med til historia om brøytinga på Hemsedalsfjellet er óg historia om den første Peterfresen. Erfaringane frå brøyting på Filefjellet hadde vist at brøyteutstyret var for dårleg til å halda vegen open heile vinteren. Vegvesenet kjøpte difor ein snøfresar av "Konrad Peters konstruksjon" og ein roterande plog. Snøfresaren vart levert i januar i 1939 og vart stasjonert på Nystova. Fresaren var tenkt som eit supplement til brøytebilen (på Filefjellet) når vegane fauk att i uversperiodar, samstundes som den ville eigna seg til å opna fjellvegane om våren for biltrafikk. Diverre fekk fresen motorstopp då Hemsedalsvegen skulle opnast våren 1940. Grunna krigen var det vanskeleg å skaffa reservedelar, og Peterfresen vart ståande i vegen heile sommaren. Då han var for tung å flytta la dei like godt om vegen rundt fresaren. Først rundt 1950 vart det vanleg med vinteropen veg over Hemsedalsfjellet.