St. Olav og trollet
Kong Olav og mennene hans hadde meint seg over fjellet for å kristne valdresane i 1023. Dei kvilte i tunet på garden Nordre Bjørkum. Olav skulle sko hesten sin, men bomma på saumen slik at hamaren gjekk i ein stein. Då kom det ein kaldskratt frå fjellet. Eit troll sto der og lo av kongen. Olav vart sint og mana trollet til stein og bad han stå der til han kom att ein gong. Provet på at denne segna er sann, er steinen med eit djupt merke etter hamaren. Denne låg lenge i vegkanten på Bjørkum, vart seinare frakta til Husum og låg der på hotelltrappa i lange tider.
Tvende Qvinder
Bergensbispen Erik Pontoppidan skriv dette i 1749: "Ja om St. Olai Reiser og Bedrifter har den norske Bonde her særdeles mange ligesaa troverdige Relationer, saasom, at da han underveis skoede sin Hest, sto tvende Quinder paa Fjældet og loe ham ud, hvilke strax bleve omskiftede til Steen og vises der endnu staaende, den ene med et Barn paa Armen, naar man langt fra betragter dem og tager Indbildningen vel til Hjælp."
Amund Helland og Jutulen
Amund Helland skriv i 1901: "Ved gaarden Bjørkum er en alpeformet top, som - seet fra veien - ligner en kvindeskikkelse. Da St. Olav drog op gjennem Lærdalen, forulempede han jutulerne paa alle maader. Medens han hvilede paa Bjørkum, skulde han sko sin hest. Dette saa jutulen, som stod op i fjeldet foran ham. Da St. Olav slog feil paa sømmet og ned i en sten, brast jutulen ud i skoggerlatter, hvorover St. Olav blev vred og sagde: "Stat du der i stok og sten, til jeg kommer her tilbage igjen." Troldet staar der endnu og bærer navnet Jutulen. Stenen, hvori kong Olav slog sin hammer, ligger ved veien ved nordre Bjørkum og har et tydeligt tommedypt merke efter hammeren."
Kjellarveggen
Leif Fjellheim som bur nær Jutlamannen fortel: "Trolla likte dårleg at St. Olav reid så nær fjella der dei budde. Jutlamannen gjekk ut or berget og ropa til kong Olav: - Olav med ditt lange skjegg, du rir for nær min kjellarvegg! Olav vart sint og ropa attende: - Statt du der i stokk og stein, til eg attende kjem!