Steinsel på Fremre Ljøsndalen. Store steinheller og regelmessig stein, tyder på at det har vore lagleg stein i nærleiken.
Datering
1994.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Ljøsndalen - meir enn ein støl

Ljøsndalen er nedslagsfeltet for elvane Storesokni og Vetlesokni som renn ut i Lærdalselvi ved Galdane. Frå Galdane går i dag den greiaste vegen inn i dalen. I tidlegare tider gjekk truleg vegen opp frå Seltøyni, over Dragesete og Furesete. Den gamle fjellstølen, fremre Ljøsndalen, merkar seg ut som ei naturperle. Arkeologar har funne spor etter aktivitet i fleire tusen år. Mange særeigne stadnamn er enno i bruk.

Dalen og stølane

Dalen stig frå 200 m.o.h. ved Seltøyni til 1300 m.o.h. ved Steinhus, ei strekning på bortimot to mil. Plantelivet skifter frå or og alm, gamal furuskog og fjellbjørk til skarv med høgfjellsflora. Gjennom dette landskapet går gamle stølsvegar forbi nedgrodde stølstufter. Heimre Ljøsndalen var opphavleg vårstøl, Fremre Ljøsndalen var fjellstøl fram til 1890-åra. Då var det så snauhogge at dei kløvja ved frå skogen rundt Vetlesokni kring to km nedanfor. Stølane vart difor flytta ned til Nedre Ljøsndalen, der det enno står att eit par sel.

Fremre Ljøsndalen - spanande og vakker

Stølane låg høgt og fritt på ein åsrygg midt i dalen, med brusande bekker på to kantar og elva Sokni rett nedunder. Her ligg murar av gamle steinsel på rad og rekke. Tretten stølshus var i bruk her på slutten av 1800-talet. Til og med huldra var på plass i Grimehaugen, tett inn til stølen. Budeiene høyrde både song og spel frå haugen.

Ei gamal nedgrodd tuft er datert til år 100 e.Kr. Pollenanalysar viser intensiv beiting 3000 år attende i tida. Her luktar det verkeleg historie.

Image
Den steinsette vegen i Langegalden er sikra med jarnboltar under steinmuren.
Datering
1998.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Trollkatten

Eit stykke nedanfor stølen er eit stort skålgropfelt på eit sva. Ein arkeolog letta på torvene i kanten av feltet og talde til 60 groper. Skålgropene er ei form for helleristning frå tida før Kr. fødsel. Kva dei tyder er arkeologane ikkje einige om. Her er det likevel greitt: Feltet heiter Kattefarsvåi. Gropene er fotspora etter trollkatten i Skvettebotn. Som kattar flest skulle han vel på fuglejakt, kanskje oppi Skjorhamar eller Duveskar på andre sida av elva.

Image
Kattefarsvåi ligg like ved stølsvegen og er merka med skilt. Ein del av feltet er dekka av torv. Gropene er gjerne 3-5 cm tvers over.
Datering
1998.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Gamal veg har gode namn

Me går opp frå Seltøyni, og kviler på Helvtastein, halvveges til Dragesete. Der tek me av til høgre, prøver ekkoet ved Svargald, høyrer etter om det smell i Skrellsuri, og slit oss opp Stretabrekka til Fureset-tråi. Vidare går me opp Gauplebakken til Budeisenguri, kjem inn på Galdavegen ved Krokne Fura, snor oss rundt Kjelstein, og held fram opp Langegalden, over Kyrgalden til Stølsbrui. No er det berre å gå opp Spelevollbakken så er me på nedre Ljøsndalen.

Veg inn i historia

Vegen vidare krøkjer seg fram langs myrane, forbi Kattefarsvåi, kloppa over Skvetta, opp Grimehaugen til Fremre Ljøsndalen med alle steinsela. No vert vegen smalare og mindre synleg, men han går vidare, innom øvre Fagersete med tufter og graver frå vikingtida opp til falkefangarhytta på Steinhus, som ligg på vass-skilet. Vardar og svake søkk etter mange fotefar fører vidare over Kvamsbandet til Valdresdalen og Sluten på Filefjell. Ved Fagersete går det veg ned til Horge, eit stykke ovanfor Borgund stavkyrkje.

  • Bjørgo, Tore: Prosjekt "Lærdalsfjella". 1991.

Munnleg innformasjon frå: 

  • Leif Fjellheim, Lærdal. 
  • Torbjørn Røberg, Lærdal.