Peder Olsen Sandnes d.y. vart fødd 13. mai 1858. Foreldra var Ole Hansson Sandnes (1820-1888) frå Strendene i Lærdal og Helene Bertelsdatter (1818-1901). Per vaks opp i ein stor søskenflokk, med fem brør og to systrer. Ulike kjelder vitnar om at foreldra til Per veksla mellom å streife og ha tilhald på «Grevlehaugen» på Sandnes.
På Strendene var det i den tida fleire som spelte fele, og Per fekk lære felespel av faren og andre sambygdingar. Som vaksen og gift mann flytta Per saman med kona Helga Antonsdotter (1858-1945) og born til Lærdalsøyri, og dei sette seg opp eit hus på Habben. Dei fekk i alt åtte born. Per Sandnes gjekk bort 31. desember 1945.
Slåttane etter Per Sandnes
Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal (1905-1965) vitja Per Sandnes ved fleire høve i tidsrommet 1916-1936. På denne tida var ikkje den teknologiske utviklinga komen langt nok til at Bjørndal fekk høve til å gjere lydopptak, og han nytta notar for å dokumentere musikken. Heile 14 slåttar vart transkribert av Bjørndal, og dei viser at deler av repertoaret til Per var slåttar som vi òg kjenner frå andre bygder i indre Sogn, Valdres og Hallingdal; Ni springarar, ein halling, tre valsar, og to nokså like versjonar av lyarslåtten «St.Thomasklokkene på Filefjell». Felestillene som vart brukt er vanleg stille (a-d-a-e), låg bas (g-d-a-e) og klokkestille (a-d-fiss-e).
Transkripsjonane inneheld også opplysingar om kven Sandnes hadde lært slåttane av, og her nemnast både faren Ola Sandnes (1820-1888) og onkelen Sjur Aarethun (1810-1895). Desse hadde atter lært slåttane av Per sin farfar, Hans H. Person (1782-1870), og storspelemennene Jørn Hilme (1778-1854) frå Valdres og Jens Høgheim «Skrangle-Jens» (1817-1886) frå Fresvik. Per var ein viktig informant for Bjørndal, og han er mykje sitert i Bjørndal sine manuskript der han omtalar og skildrar slåttar og folkemusikktradisjonen i indre Sogn.
Korleis høyrdest musikken til Sandnes ut?
All den tid det ikkje finst lydopptak av Per Sandnes, vil vi aldri få vite nøyaktig korleis det høyrdest ut når han spelte. Sjølv om ein transkripsjon eller ein note inneheld mykje informasjon som ein utøvar kan omsetje til klingande musikk, vil det likevel vere snakk om svært mange tolkingsmoglegheiter. Å feste på papiret all den informasjonen ei musikalsk framføring representerer, vil vere heilt umogleg, og sjeldan eit mål i seg sjølv.
Det å skrive ned musikk på notar er noko vi gjer med eit bestemt føremål, som til dømes innsamlaren sitt mål om å dokumentere utvalde aspekt ved ein tradisjon eller eit repertoar, eller komponisten sitt mål om å formidle ein musikalsk idè og forløp. Bjørndal gjorde mange val då han gjorde transkripsjonen, og utøvaren gjer mange val når han han tolkar transkripsjonen. Det einaste vi kan slå fast, er at ingen som i dag tolkar transkripsjonane vil høyrest ut akkurat som Per Sandnes.
Transkripsjonane er likevel verdfulle dokumentasjonar på ein tradisjon og musikkpraksis. Med kunnskap om og kjennskap til utøvartradisjonane, spelestilen og repertoaret i omliggande område, kan vi med utgangspunkt i notebiletet seie noko om skilnader og likskapar utan å ha høyrt den klingande musikken. Og ikkje minst kan transkripsjonane vere ei kjelde til nye estetiske tolkingar av slåttane.
Kappleikar og spelferd til Amerika
Historia vitnar om at Per Sandnes må ha vore ein god spelemann. I 1896 skipa Vestmannalaget til den første kappleiken i Bergen, og vi veit frå resultatlister at Per deltok på fleire kappleikar rundt hundreårsskiftet og fekk medalje for dette. I boka «Norsk folkemusikk» (1952) har folkemusikksamlaren Arne Bjørndal skrive om desse første kappleikane, og han fortel om eit møte med Edvard Grieg:
«På kappleikane i Vestmannalaget i 90-åri og fram i vårt århundrad, var Edv. Grieg ofte tilstades. Han gjorde notater i skisseboki si. Og på feststemna i Logen 1898, skreiv han opp «St. Tomasklokkeslåtten» etter Per Sandnes (1858-1945) frå Lærdal.På ein av kappleikane spela Sandnes ein kjend springar, opphavleg frå Valdres. Han hadde lært slåtten av far sin, Ola Sandnes (1819-1888), som atter hadde han frå Trond Eldtan (1822 kr. 1815) (sic), Vang i Valdres. Springaren er kjend på Vestlandet, og ikkje ukjend for Edvard Grieg heller. Men då Per Sandnes hadde spela slåtten, kom Grieg bort til han og sa: «Dette er en av våre eldste slåtter». Motiv frå denne slåtten finn ein på fleire kantar av landet. Far til Sjur Helgeland, Lars Helgeland (1823-1907), sa ein gong: «Dette æ eit Myllar-tak».
Per var òg mellom dei som på starten av 1900-talet tok med seg fela «over there», og i Arne Bjørndal sine notat kan vi lese at han spelte i fleire byar i Midtvesten i 1909; Minneota, Canby, Wolverton og Breckenridge i Minnesota, Astoria i Sør-Dakota, Fargo og Christine i Nord-Dakota. Emigrantprotokollen fortel at Per sitt reisemål var Hendricks i Minnesota, og at han reiste «for at besøke derboende familie».
Få år tidlegare hadde tre av borna hans emigrert; Helene til Washington, Ola til Minnesota og Hilda til Colorado. Per sin morbror, Even Bertelsen Dahl, emigrerte alt i 1872 og busette seg ved Alden i Wisconsin. Om ein eller fleire av desse var blant familiemedlemmene han vitja, og kor lenge opphaldet varte, har det vore vanskeleg å finne kjelder som seier noko om. Men ved folketeljinga i 1910 var Per attende i moderlandet. Ikkje saman med familien på Lærdalsøyri, men som «mellombels til stades» på garden Rendedal i Vetlefjorden, Balestrand. Han blir skriven som heimvend norsk-amerikanar, og siste bustad i Amerika var «staten Vassenton» (sic).
Tusenkunstnaren
Per laga ei mengd feler og livnærte seg elles som båtbyggjar, urmakar og smed. I «Norsk Folkemusikk» (1952) skriv Bjørndal at Per «arbeidde truleg dei fleste feler i Sogn, millom 2-3 hundrad stykke.» Vidare skriv han i sine eigne notat at «P. S. var ein hendig kar med hendene. Han laga ei mengd med feler. Men var og ein spekulant paa ymse vis. Bygde soleis baade motorbaatar og andre baatar. Men han tapte ikkje so faa pengar. Og det gjekk so vidt at det vesle huset hans vart seld paa tvangsauktion. Men han bala mest han kunde og hausten 1913 tok han til aa timbra seg nytt hus paa den gamle tufti. Han bala sjølv med det heile og fekk huset ypp med eigi hjelp».
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum forvaltar i dag over 40 gjenstandar som har vore i Per si eige. Blant desse er to feler med feleskrin, i tillegg til ein god del verktøy og reiskap. Men også verdigjenstandar.
Kallenamnet «Grevle-Per»
Spelemannen Per Sandnes blir i fleire kjelder og i folkemusikkhistoria kalla «Grevle-Per». Bjørndal freistar i sine notatar å forklare Grevle-namnet med at bestemor til Per ætta frå garden Grevle på Voss. Dette er etter alt å døme urette opplysingar. Mor til Per, Helene Bertelsdatter, reiste som barn saman med mor og søsken i eit følgje som Eilert Sundt nemner for Grevle-følget. Det er ikkje kjent at denne familien har noko tilknyting til Voss, og alt tyder på at Grevle-følget har kome til Sogn frå Hedmarken.