På fjellovergangane sette Telegrafverket opp stolpeskur og linjehytter til oppbevaring av stolpar og anna materiell. Skuret i Horndalen på Aurlandsfjellet frå 1924 er det einaste i sitt slag som står att i si opphavelege form. Skuret er teke med i Telenor sin plan over verneverdige bygg og anlegg og fekk nyleg ny kledning.
Datering
1998.
Fotograf
Harald Jarl Runde.
Eigar
Norsk Telemuseum/Harald Runde.

Stolpeskuret i Horndalen

I Horndalen på Aurlandsfjellet står Norges einaste stolpeskur att. Slike skur vart brukte av Telegrafverket til oppbevaring av stolpar og anna linjemateriell, somme tider også som overnattingsstad for linjearbeidarar og oppsynsmenn.

Fleire linjekursar over Aurlandsfjellet

Bergen fekk i 1857 telegrafsamband med Christiania med ei linje langs Sørlandskysten. Dette sambandet vart hardt belasta med fleire stasjonar tilkopla og stor trafikk. Året etter, i 1858, vart det såleis sett i gang arbeid med ein ny linjekurs frå Lillehammer over Lærdal, Aurland og Voss til Bergen.

I månadskiftet oktober-november 1858 kunne det opnast telegrafstasjon i Lærdal, men hardaste stykka stod att, Aurlandsfjellet og overgangen til Voss. I ei skildring heiter det:

 - Linien mellem Leirdalsøren og Bergen fører gjennem det maaske vanskeligste Terrain i vort Land, med steile Fjeldsider langs Fjordene m.m.; saavel Arbeidet med Opsætning af Linien som Materiellets Frembringelse frembød ofte store Vanskeligheder, og ud paa Høsten herskede der adskillig Sykelighed blandt Arbeidstokken. -


Ikkje å undrast på at arbeidarane var ved å miste motet, men endeleg, den 21. november 1859, kunne det nye Bergenssambandet takast i bruk.

Den eldste linjetraseen over Aurlandsfjellet, opp Erdalen og over fjellet til Skjerdalen, låg svært utsett til. I 1876 vart det difor bygt ny kurs over Horndalen-Midjefjellet til Vassbygdi, seinare over Kvammadalen mot Aurlandsvangen.

Image
Vi ser telegraflinja mellom Bergen og Gjøvik via 'Leirdalsøren'.
Datering
1863.
Fotograf
Etter teikning i E. Rafto: <i>Telegrafverkets historie.</i> Oslo 1955.

Linjehytter og stolpeskur

På fjellovergangane vart det sett opp fjellstover for linjearbeidarar og stolpeskur for stolpar og anna reservemateriell.
Skuret i Horndalen, oppsett i 1924, kom til erstatning for eit eldre skur ved Skjerdalslinja. Kostnaden, 800 kr, vart teken av linjene sitt vedlikhaldsbudsjett. Lengda er om lag 11,5 m, breidda om lag 3,0 m og høgda 2,80 m. Ramma er telefonpålar, ihopsette med jarnhakar, som kviler på eit fundament av 4-5 låge steinkjer. Reisverket er av 3 x 4 toms boks, og endeveggene og taket av vanlege bord.
Inne i skuret ligg framleis 5-6 reservestolpar og nokre ihopspikra fjølendar til "bord" og liggeunderlag.

Image
Materiellet til ny kledning på stolpeskuret i Horndalen vart frakta inn med helikopter hausten 1999 men ein fekk for lite kledningsbord. Resten av kledninga vart difor køyrt inn med snøscooter våren 2001. Lærdal Røde Kors Hjelpekorps tok oppdraget som ei øving og for å bli kjende i området. Her ser vi Franz Henriksen i hjelpekorpset har fått materialen på kjelken og er klar til start.
Datering
2001.
Fotograf
Lærdal Røde Kors.
Eigar
Norsk Telemuseum.

Telenor sin plan for verneverdige bygg og installasjonar

Etter automatiseringa av telefonen på 1970 og 80-talet, var det ikkje lenger bruk for telefonlinjene over Aurlandsfjellet. Stolpeskuret kom i gløymeboka, og vart berre brukt av ein og annan turgåar eller saueleitar.

I 1998 fekk Telenor utarbeidt ein plan for verneverdige bygg og anlegg. Stolpeskuret i Horndalen kom med i verneplanen som det einaste i sitt slag som står att i si opphavelege form. Skuret er såleis teke vare på og ordna til. Ny kledning kom på i 2000-2001.

  • Bugge, F.: Den norske Statstelegrafs grundlæggelse og vækst. Christiania 1890.
  • Stortingsmelding nr. 10, 1932. Fortegnelse over Statens eiendommer.
  • Historiske linjer. Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner. Oslo 1998.
     

Norsk Telemuseum:

  • Fotosamlingar.
  • Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner.
  • Dokumentasjon og arkivsaker. Munnleg informasjon frå:
  • Oddkjell Bosheim, f. 1926, Lærdal.
  • Bosheim, Oddkjell: Lærdalsøren Telegrafstation 1858 - 1868. Semesteroppgave i lokalhistorie 1991-92 ved Sogn og Fjordane Distriktshøgskule.
  • Rafto, Egil: Telegrafverkets historie. Oslo 1955.
  • Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858. Førde 1984.

Nettstader:

  • http://www.norsktele.museum.no/
    (Heimesida til Norsk Telemuseum). [Wayback Machine

Sjå også