Kræmmerholmen, Fedje.

Leia

Handelsstader og gjestgjevarstader på Vestkysten

Leia langs vestkysten ligg i dag som for tusen år sidan, ei hovudferdselsåre frå sør mot nord; den første riksvegen. Opp gjennom hundreåra har leia vore livsnerven i kystsamfunnet: Vikingskip på utferd mot vest, kongens skip på veg mot kongsgardane, handelsskip og krigsskip, jakter og galeasar, jekter og færingar, fraktefartøy og fiskebåtar – her er mange aktørar og skiftande scener i fjordlandskapet.

Langs leia danna det seg tidleg knutepunkt i samferdsla; gode ankerplassar, lune hamner, rike fiskefelt. Alt i mellomalderen vart denne ferdsla regulert gjennom «sælehus» som kongen let byggja for ferdafolket, slik vi ser spor etter i namnet på den gamle gjestgjevarstaden Salhus nord for Bergen. På 1500-talet finn vi gjestgjevarstaden på Bakholmen i Austevoll avmerkt på Olaus Magnus` Carta Marina. Når vi kjem fram til 1600-talet, ser vi at kongens embetsmenn i København gjev retningslinjer for forordningar om organisering av samferdsla langs norskekysten, for å dekkja behovet for overnattingsstader:

«Paa hver norske Miilveis, eller saa omtrent efter Stedernes Leilighed, skal holdes og skee Skifte, og paa hver tredie Miil forordnes en smuk formuendes Mand paa en god beleilig Gaard ved alfare Veien til Lands, saavelsom ogsaa til Vands det næste Søekanten skee kan, som kan holde Gjestgiverie, saa den Reisende kan bekomme nødtørftig Øll og Mad samt Logement og Natteleie ...» (Forordning om Skydsfærd til Lands og Vands, samt Gjæstgiverier i Norge. 24. decbr. 1648).

Med nokre sjømils mellomrom voks det fram eit nettverk av gjestgjevarstader, strategisk plasserte på sentrale punkt, med gode hamner langs leia, med skysskifte og ein skysskaffar som tok hand om dei reisande.

Mange av gjestgjeveria var også handelsstader. Handelsløyve fekk ein gjennom kongelege privilegiebrev som gav einerett på handelen innanfor eit visst område. For å få slike kongebrev måtte ein ha borgarskap i Bergen. Handelen på Vestlandet var såleis i hendene på velståande bergenskjøpmenn.

I 1842 vart handelslovgjevinga liberalisert og den gamle ordninga med privilegiebrev fall bort. Etter midten av 1800-talet veks det fram eit tett mønster av yngre handelsstader, ofte kombinert med dampskipsstoppestad og postekspedisjon, etter kvart som dampskipsferdsla avløyser seglskutene. Og då er vi oppe i vår tid. Snøggbåtane har på ny gjort leia til ein hovudveg langs kysten.