I inngangspartiet på Fylkeshuset
Sogn og Fjordane sitt fylkeshus på Hermansverk har fylkessteinen rett innom inngangsdøra; ei geometrisk forma blokk av bergarten eklogitt. På framsida står teksten: «EKLOGITT Fylkessteinen i Sogn og Fjordane». Øvste delen er mørkare enn nedste delen. Det kjem av at øvste delen er glattslipt/polert. Emnet vart henta frå steinbrot på Sørland i Fjaler kommune. Steinen blei sett på plass her i inngangspartiet på Fylkeshuset rundt 2005.
I steinskulptur på utsida av Fylkeshuset
Fylkeshuset vart teke i bruk hausten 1990 og offisielt opna fredag 30. november. Berre nokre få dagar før hadde kunstnaren Gunnar Torvund «signert» eit kunstverk ved hovudinngangen, ein steinskulptur laga av fleire bergartar. Sogn Avis hadde omtale med overskrifta «Kunstverk i sognestein framfor Fylkeshuset», - «granitt og eklogitt», «begge frå Sogn». Omtalen er misvisande. Det er ikkje berre «sognestein» i kunstverket. Ved foten er festa ei plate som fortel at skulpturen er laga av seks steinslag. Eklogitt og to andre bergartar er frå Sogn og Fjordane. Om eklogitt-elementet står dette:
«Kvilande inn til hovudkonstruksjonen polert grønleg eklogitt frå Verpeneset i Vågsøy. (Eklogitt vert rekna som fylkesstein i Sogn og Fjordane.)»
1990 – «rekna som fylkesstein»
Innskrifta på steinskulpturen ved Fylkeshuset viser at eklogitten år 1990 ikkje VAR fylkessteinen i Sogn og Fjordane, berre «rekna som fylkesstein». Av ei notis i avisa Sogn og Fjordane går det fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune året før, i 1989, hadde ein suvenir laga av eklogitt. Næringssjefen påskjønna innspel til ny næringsplan med «suvenir av eklogitt, Sogn og Fjordane sin «fylkesstein», - («fylkesstein» skrive i hermeteikn).
1997 - vedtak i fylkestinget
Snaue ti år seinare kom autorisasjonen. Den 18. desember 1997 hadde Sogn Avis følgjande notis: «Eklogitt vart fylkesstein. Fylkestinget har mot åtte røyster vedteke at Eklogitt skal vera fylkesstein for Sogn og Fjordane. Mindretalet røysta for Vesntre sitt framlegg om konlomerat som fylkesstein.» Saka var føre i fylkestinget 9. desember 1997 som sak nr. 34/97: Fylkesstein for Sogn og Fjordane. Vedtaket har denne ordlyden: Eklogitt vert vald som fylkesstein for Sogn og Fjordane.
Bakgrunn
Fylkesrådmannen si saksutgreiing inneheld informasjon om eklogitt som bergart og som «fylkesstein» i åra før. Spørsmålet om fylkesstein kom for alvor opp i 1987 i tilknytning til ei steinmesse Sunnfjord geologiforening arrangerte i Førde. Folk blei bedne om å seia frå om kva for ein bergart i fylket dei tykte best om. Dei hadde 10 utstilte alternativ å velja mellom. Nær tre firedeler stemde på eklogitt som den mest særmerkte.
I 1993 låg det føre brev frå Norges geologiråd om føringar eller retningslinjer for val av fylkesstein: a) bør vera ein bergart; ikkje eit mineral, b) bør vera godt eigna for framstilling av steinprodukt, c) bør ikkje vera heilt vanleg, og d) bør vera ein ressurs. Eklogitt svara godt til alle desse vilkåra.
Nokre døme
Fylkesrådmannen konkluderte i saksutgreiinga med at eklogitten, saman med fylkesblomen revebjølla, eigna seg særs godt til profilering av Sogn og Fjordane fylke. Som alt nemnt var eklogitt i 1997 allereie teken i bruk som «fylkesstein» (jfr. eklogitt-suvenirane som blei utdelte i 1989). I artikkelen vidare følgjer nokre døme på fylkessteinen eklogitt i fleire slags samanhengar.
1995 - samferdsleminister i eklogitt?
Kjell Opseth (1936-2017) frå Sogn og Fjordane og Førde, var i si tid vide kjent som ein sterk og resultatorientert samferdsleminister. På nyåret 1995 lufta Bergens Tidende spørsmåleet om å reisa Opseth ein bauta. Avisa spurde fleire kulturkjendisar om kva dei meinte om ein slik ide. Lidvin Osland, førdianar og geolog, betre kjend som fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane, var ein av dei.
«Om poenget er å visa at han Kjell er ein hard negl og ein stabukk, så har Sogn og Fjordane det perfekte materialet, eklogitten; ein hard stein som blir vakker ved polering (…). Geologen kan fortelja at eklogitten mange stader stikk fram som fjellnabbar utan vegetasjon og at denne steinen i si tid vart føreslegen som fylkesstein for Sogn og Fjordane.»
2006 - i rundkøyring
Torsdag 15. juni 2006 var det vegfest på Skei. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna den til dels nybygde og opprusta strekninga frå Kjøsnesfjorden til Skei, med eit stykke gang- og sykkelveg, småbåthamn og, ny rundkøyring inn til E39 som punktum. Rundkøyringa fekk mykje merksemd. Ho er eit kunstverk i stein, med utvalde bergartar som kantstein, og ein spesiell stein som midtpunkt. «Fylkeskrysset» står det i Sogn og Fjordane fylkeskommune sin omtale, med steinar som symboliserer dei tre fogderia, Sogn Sunnfjord og Nordfjord. Sunnfjordsteinane er av «mørk» eklogitt.
På kyrkjegard
Kyrkjegardar er først og fremst ein stad med namn, årstal og ord. Men kyrkjegardar er og interessante for folk med auge for bergartar. På kyrkjegarden i Oppstryn merker ein av gravsteinane seg ut ved at det står noko om bergarten på den innfelte tekstplata: «Eklogitt, Fylkesstein for Sogn og Fjordane. Verdas tyngste bergart.»
Utstilt på nasjonalparksenter
Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn i Stryn kommune. Senteret blei opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalen Nasjonalpark i 1997. På uteområdet møter besøkande eklogitt to stader; i ein monter der fylkessteinar frå heile landet har sin plass, og i samlinga kommunesteinar frå Sogn og Fjordane fylke.
Sogn og Fjordane sin fylkesstein er ei rektangelforma, slipt plate der mønsteret kjem godt fram. På informasjonsplata står på fleire språk skrive: «Sogn og Fjordane; Eklogitt. Lengst i vest vart grunnen pressa heile 80 km ned mot mantelen, og nokre av bergartane vart da danna om til eklogitt, den tyngste bergarten på jorda.»
Kommunesteinane er festa på boltar. På informasjonen ved Vågsøy kommune sin kommunestein står det: «[kommunevåpen] Vågsøy kommune. EKLOGITT er danna under ekstremt trykk og temperatur på 80 km djup for 400 millionar år sia. Denne bergarten er den tyngste på jorda, og mange reknar han også som den vakraste.»
«Minnestein over Sogn og Fjordane»
1. januar 2020 går fylka Sogn og Fjordane og Hordaland inn i det nye Vestland fylke. 31. desember 2019 betyr sluttstrek for fylkessteinen eklogitt og alle dei andre identitetsmerka til Sogn og Fjordane, - fylkesnamnet, fylkesflagget, fylkesvåpenet, fylkesblomen og fylkestreet. Leikanger mannskor og Palmerevyen 2018 hadde avviklinga av fylket som innslag. Fire personar kom inn på scena berande på ein svær bautastein pryda med fylkesvåpenet. Dei var på leit etter ein stad steinen, minnesteinen, kunne få kvila i fred. Først prøvde dei seg utan å lukkast i Skjergjehamn. Så reiste dei til Gulatingsstaden på Flolid, der dei møtte fylkesordføraren, som heller ikkje var særleg imøtekomande. Eitt av referenga i innslaget Minnestein over Sogn og Fjordane (til melodi: Jamaica farewell) gjekk slik:
Og Sogn og Fjordane
Takk for alt som du gav
No skal soga di ebba ut
Her på Gulating ligg di kalde grav.
Ressurs i Engebøfjellet - Sunnfjord
Sjølv om det ved årsskiftet 2019/2020 blir sett sluttstrek for eklogitt som fylkesstein, i alle høve for Sogn og Fjordane, er det avgjort ikkje slutt for eklogitt som ressurs i Sunnfjord og det nye Vestland fylke. Det er snakk om verdiar til fleire milliardar og gruveselskapet Nordic Mining har planar for drift i fleire ti-år. Men gruvedrift i Engebøfjellet har vore, og er, omstridd. Ein desemberdag i 1991 hende noko uvanleg i Vevring. Det blei reist «nidstong mot steinbrot». Fritjov Urdahl sa fram nidvers; som var skikkeleg «kraftig kost», i følgje oppslag i BT. Pr 2019 står naturvernarar og utbyggjarar knallhardt mot kvarandre. Striden gjeld no først og fremst deponering av store mengder avfallsmateriale på botn av Førdefjorden. Mange har sagt frå at dei er klar til å aksjonera.