Gravminnet 2005
Mellomalder-gravminnet på Indre Hafslo ligg eit stykke aust for kyrkja, på eit felt av kyrkjegarden der det er få gravminne. Det er kraftig overgrodd med mose og lav og ligg nesten plant med grasbakken. Ved fyrste augekast legg ein merke til at gravminnet består av to deler, ein smal, kring halvannan meter avlang stein og eit halvt synleg "hjul" med to hol ved den eine enden. Steinen er godt og vel 20 cm brei i eine enden og snaut 40 i den andre. Frå smalaste enden går etter ryggen ein "profil" som endar i ein kross, men sjølve krosspartiet var sommaren 2005 så overgrodd at ein nesten måtte vita om det for å sjå noko som helst.
Omtale 1926
Antikvar Anders Bugge omtalar gravminnet i "Vore gamle gravminder " (1926):
"en kistelaagformet klæberstensplate (..) med et enkelt elegant processionskors uthugget i relief midtefter ryggen og cirkelformede endestykker med gjennembrutte kors".
Vernande kraft i krossmerket
Prosesjonskrossen har til alle tider vore brukt i den katolske kyrkja; i dei seinare åra også meir og meir i den lutherske kyrkja. Og krossmerket har alltid vore tillagt guddommeleg og vernande kraft i mange samanhengar, ikkje minst i samband med død og gravlegging. Ei innskrift på ein liknande stein frå Vereide kyrkje, talar tydeleg om dette. Det står "Gid alt ondt vige langt bort ved korsets tegn og gid hvert rike frelses ved det samme tegn."
Tilstand - naudsynt å gjera noko
Riksantikvaren har hatt fagfolk på staden to gonger, sist i 1978. Det er i seg sjølv uttrykk for at dette mellomalder-gravminnet er av stor kulturhistorisk verdi. Etter at Riksantikvaren i 1994 hadde fått tilsendt fotografi som synte korleis gravminnet såg ut då, gav han uttrykk for uro over tilstandet:
".. det er forurolegande å sjå kor mosegrodd den [steinen, gravminnet] er blitt i desse 16 åra som er gått. Det er heilt naudsynt at den vert rensa for mose og bragt under tak. Dersom det ikkje vert gjort, vil den forvitra vidare og til sist gå tapt."
Kven har ansvar for å ta tak?
År 2020 er stoda den same. Gravminnet er endå meir mosegrodd og framleis i ferd "med å gå tapt." Kven har ansvaret for å gripa inn? I fyrste instans forvaltaren av kyrkjegarden, det kyrkjelege fellesrådet, seier Riksantikvaren (august 2005.). I siste instans Riksantikvaren, kan det leggjast til.