Utmarksbruk i Framdalen
Dalsdalen i Luster går frå bygda nede ved fjorden i nordvestleg retning til garden Kilen der den flate dalbotnen sluttar. Vidare er det gangveg over Storhaug til Vigdalen og Jostedalen. I heimste delen av dalen og i Kilen har det alltid vore fast busetnad, medan fremste dalen, frå Tadlagjerdet til Kilen, kalla Framdalen, vart nytta som utmark for gardane nede i bygda; til beiting, stølsdrift (om våren og hausten), slått, lauving og rising.
Fyrst risgardar, sidan steingjerde
Ei slik form for fleirsidig utmarksbruk gjorde det naudsynt å hegna inne slåttemarka for beitedyra. Frå fyrst av vart trevyrke som busker, greiner og småtre mest nytta til gjerdefang, for då var slåtteteigane nede i dalbotnen mindre. Gras vart hausta i dalsidene heilt til fjells. Etter som det vart rydda større slåtteteigar, vart det trong for varigare gjerdefang. Ein må tru steingjerde etterkvart kom i staden for risgardane, og i Framdalen var det rikeleg av stein som var lett å kløyva til høveleg murstein.
Steingjerda vart til over lang tid
Slåtteteigane vart rydda for stein, og i staden for å køyra steinen saman i rudningsrøyser, vart han nytta til å mura steingjerde av. Ein må såleis tru at arbeidet med å mura steingjerde i kring slåtteteigane gjekk over lang tid. I dei hengebratte fjellsidene losnar det stadig stein som rasar ned mot dalbotnane. Grøvene i Gygragjelet, Bringestølgjelet, Storskreda og Soleibotnen går ofte med steinjerve i haustskòlar.
Korleis steingjerda vart laga
Mesteparten av steingjerda er jamtover mura av små stein. Der det var særs rikeleg tilgang på god og høveleg stein er dei bygde som dobbelmur og bra med band i, dvs. stein som ligg på tvers i muren for å halda han saman. Breidda kan vera opptil 1 m i botnen og noko smalare mot toppen. Høgda er opp til 1,20 m. Sida som vender mot beitemarka, er alltid loddrett, gjerne med litt overheng, for at småfeet ikkje skulle koma seg over. Den andre sida, som vender inn mot slåttemark, skråar noko mot toppen. Mange stader er det lagt tjukke heller oppå for å halda mindre steinar på plass.
Truleg fleire kilometer steingjerde
Kor mange lengdemeter med steingjerde det er i Dalsdalen veit ein ikkje nøyaktig, men truleg er det fleire kilometer. Ikkje alle gjerda er bygde av like god stein, og handlaget hjå dei som bygde har ikkje alltid vore like godt, men felles for dei alle er at steingjerda framleis er i bra stand etter fleire hundre år.
Ordforklaringar:
Trygve Skjolden har i dette stykket brukt fleire ord som nok er framande for mange i dag:
risgard eller risgjerde (substantiv): gjerde laga av busker, greiner eller småtre.
risa (verb): sanka ris, små greiner, kvister. I Dalsdalen veks det alm, og i eldre tid gav almen eit godt tilskot til husdyrfôret. Dei byrja risa almestuvane, dvs. sanka årsskota, på ettervinteren, køyrde riset heim og brukte det til fôr.
jerve (substantiv): jord og steinmassar som kjem ned med flaumvatn. Ein stad innmed garden Sveinsøy i Fortun ber namnet Jerven.
skòle (substantiv): kjem av verbet skylje, vaske. Her om bekker som fossar, skòlar nedetter dalsidene. Det gjekk mange jerve frammi dalen.