Med knekkstil til 58 meter. Skihopparen Pål K. Seljeset, Hornindal, i Siklebakken i Hornindal i 1948.
Datering
1948
Fotograf
Ukjend
Eigar
Elling Seljeset

Med knekkstil til 58 meter

Kring 1950 var honndølen Pål K. Seljeset ein av dei beste skihopparane i Nordfjord. I 1948 slo han til med eit hopp på 58 meter i Siklebakken. Utviklinga av hoppidealet frå knekkstilen via den strake, liggjande finnestilen til dagens Bokløw-stil revolusjonerte hoppsporten. Artikkelen tek utgangspunkt i boka Ski-idrett i Sogn og Fjordane (1998), skriven av Jon Tvinnereim.

Aukande interesse
Skihopping vart frå kring 1900 ein stor og populær idrett rundt i mange bygder. I mellomkrigstida var det på større hopprenn ofte opp mot tusen tilskodarar, og deltakartalet var jamt 70-80. Skibygder som bl.a Hafslo, Vik, Vereide og Hornindal var kjende for å fostre gode hopparar.

Bakkane
Hoppbakkar fanst det mange stader der sporten vart populær - etter kvart gjerne fleire i same bygda. Noko særleg utbygging var det ikkje i starten. Bakkane vart lagde der naturen sjølv la grunnen for det, og hoppa bygde dei stort sett av snø. Utbygging av hoppbakkar med rett profil, oppbygd hopp, tribune osb. kom her i fylket så smått i gong i mellomkrigstida. Siklebakken i Hornindal var tidstypisk. Utganspunktet var ein bakke som frå naturen si side høvde godt og våren 1933 starta dugnadsarbeidet med øks og sag, spade, hakke, møkaslede og hest.

Image
Kronprins Olav med knekkstil i Holmenkollbakken i mellomkrigstida.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Stil og lengde
Med utbygde bakkar, vart skihoppa lenger. Det vart gjerne hevda at stilen i hopp skulle vere viktigare enn hopplengda, men den som vann var likevel oftast den som hoppa lengst. Vurdering av hopp og fastsetjing av poengsum vart her i fylket inntil 1920-åra utført av folk utan særskild opplæring. Etter kvart vart hoppdømminga så viktig at det vart kravd spesiell opplæring og autorisering.

Knekkstilen på veg inn
Kriteria for dømminga har alltid vore eit omdiskutert tema. Avisa Nordfjord refererte i 1931 reglar for hoppdømming frå Noregs Skiforbund. Slik skulle svevet vere den gongen:

Krop og knær strake, føttene samlet, armene fremad-utad, rolig armføring. I første del av svevet skal skiene være paralelle med hoppets plan. I det den sterkere nedadgående bevegelse begynner, rettes blikket mot nedslagsstedet, og kroppens foroverheldning tilpasses således at kroppen ved nedslaget er loddrett på undarennet. Under svevet skal skiene være paralelle og i samme plan. Alle bevegelser skal utføres rolig og behersket.

I rettleiinga til dommarane heitte det:
"I bakker med sterk fart og store hopplengder kan en svak bøiing i hofteleddet være berettiget og tillates uten fratrekk i stilkarakteren." Den såkalla "knekkstilen" var på veg til å bli godkjend.

Kuriositet i dag
Utviklinga av hoppidealet frå knekkstilen via den strake, liggjande finnestilen og til dagens Bokløw-stil revolusjonerte hoppsporten. Pål K. Seljeset hadde nok vore litt av ein kuriositet for tilskodarar i hoppbakkane i dag.

Image
"Fylkesrennet 1927." Annonse i "Sogns Tidend" 3. mars 1927. Leikanger skilag arrangerte sitt første hopprenn i 1920 i Heggdalane. I 1924 tok dei i bruk ny hoppbakke på Kleppa. Fire år seinare hadde laget to hoppbakkar, Vetlebakken og Store Kleppabakken. Og i 1927 arrangerte skilaget fylkesrenn, med 30 km langrenn, kombinert renn og spesialhopprenn på programmet.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Tvinnreim, Jon: Skiidrett i Sogn og Fjordane. 1998.
Sogns Tidend. 03.03, 14.03.1927.
Idrottslaget SYRIL 75 år. 1906-1981. Samandrag av lagssoga. 1981.