Stadnamn i Årdal
Sigurd Dahl Midttun samla inn stadnamn til hovudoppgåva si i åri 1935 til 1936, i kring 4500 namn frå 36 gardar, og oppgåva hans vart prenta i 1958: "Stadnamn i Årdal i Sogn", i serien "Skrifter utgitt av Institutt for nordisk filologi Universitetet i Bergen". Denne boki gjev ein svært utførleg og grundig omtale av alle namni Midttun kjende til frå heimbygdi si. Boki er på 259 sider saman med eit kart over bygdi.
Midttun deler inn namni i grunnord (II) og utmerkingsord (IV), skriv "Noko om den grammatiske formi" (V), "Om alderen på stadnamni" (VI), og drøfter gamle namn som til dels er gløymde og har gått or bruk (VII, Tillegg I og II).
Alderen på namni
Me skal fyrst nemna noko om alderen på stadnamni, der Midttun tek føre seg namni i kvar krins. I Vikadalen må det opphavleg ha vore berre ein gard, på Bø, før Hovland vart skilt ut, og elvi vart grensa mellom dei to gamle gardane i dalen, Naddvik (Viki) og Hovland.
Gardane på -heim i Seimsdalen er Sæ(h)eimr (heimen attmed sjøen) som vert til Seim, og Aspar(h)eim som vert til Asperheim. På Tangen er det eidet mellom Årdalsfjorden og Årdalsvatnet som deler staden i to etter elvi: Lægreid (uttala laiggrai) om det lægre eidet, og Hæreid (uttala hærai) om det høgare eidet (gamalnorsk hár tyder høg, og med omlyd i samanlikning, komparativ, hær(r)i - høgre).
So drøfter Midttun namni "Ovanfor Årdalsvatnet", i Øvre Årdal: Øvsttun, Midttun, Hestetun og Øyri på Farnes, saman med Melheim i Fardalen, og han kjem til at "storgarden" Farnes er eldst. På andre sida av Utla finn me Ve som tyder "heilagstaden", "ein gamal, sentral gard frå heidentidi", ein kultstad, heilagstad. Grannegarden Moa (fleirtal av mo) må vera ein yngre gard, hevdar Midttun. Frametter Utladalen ligg gardane Svalheim, Hjelle (uttala jædle) som er eit gamalt naturnamn, og Vetti som er eit vin-namn; dei er, "noko eldre enn heim-namni" (vin tyder naturleg eng).
Bøyingsformer
Gamle avlagde bøyingsformer finn me ikkje berre i gardsnamni, men òg i andre namn, t.d. i Fannejel (eit gjel i ei sideelv til Tya), som har ei gamal genitivform fannar- i fyrstelekken (til fonn), og -ar- vert til -e- i samansetjingi. Vaiehøl'n (Veidehølen) og Vaielshåvd'n (Veidelshovden) og -grovi i Vikadalen vitnar om fiske, for gamalnorsk veidr, i genitiv veidar med tillegg av s (båe skrivne med stungen d) får overgangen -ars- til -els-, og veida, verb (med stungen d) tyder òg å fiska på gamalnorsk. Ingen skjønar desse namni no utan å kjenna gamalnorskformene.
Fleirtalsformene på -adn i inkjekjønnsord, t.d. Kåtadn (i Seimsdalen, til kot) og Sundadn (i Vikadalen, til sund), må vera gamle former, like eins avleiingane Hædlingadn (Hellingane, til hall; Hovland) og Lysa (på Hæreid, til ljos).
Gamle og ukjende ord
Gamle ord som no er ukjende i målføret, finn me fleire døme på i stadnamn som Haobærg (Håberg; ved mynnet av Årøydalen, Hovland) og Haogerainedn (-reinene på Hæreid) som fortel oss om det gamalnorske adjektivet hár i tydingi høg. Røsseklaivi (Ryssekleivi, i Ve) gøymer det gamle ordet ryssa i tydingi merr, hoppe (både ordboki åt Aasen i 1873 og ordboki åt Ross i 1895 har dette ordet frå fleire bygder). Ordet fening (hokjønn?) finst berre i Feninga, ubunde fleirtal, i namnet på stølen åt Seim og Jamnåkre, truleg laga til fen, inkjekjønn i tydingi blaut myr (finst i fleire målføre etter ordbøkene ovanfor).
Utmerkingsord
Største kapitlet hjå Midttun heiter Utmerkingsord (IV), og dei er delte i 22 grupper; den største og siste gruppa er personnamn. Me skal nemna nokre av gruppene her med døme på namn derifrå. Om me ser på lægjet, etter kvar staden ligg, vil Haimre- og Haimste- mot Fræmre- og Fræmste-, Indre- og Inste mot Ytre- og Ysste- (Ytste-) lett skilja seg ut, og etter storleik har me ofte samansetjingar med Store- mot Vætle- (Vetle). Skap og utsjånad fortel ein del, t.d. Bågaviki (Boga-), -bugen (Hæreids-, Lægreids-), Vass-sælavatne (i Vikafjelli) minner om ein vass-sele. Fargen er ofte nemnd, særleg svart og kvit, blao, grao og grøn, men om Kållnåsi (Kolnòsi) siktar til kål, inkjekjønn, som er svart, eller til kolbrenning "er ikkje godt å seia".
Slåtteteigar nemnde etter løni for arbeidet har me i Dalars-, Orta- og Tomarka-taigen. Sole- og tidemerke for kvar soli stod eller skein, er Biskafåss'n (-fossen; klokka 6, om morgonen), Duger- (i Vikadalen -dugurd var klokka 10) og Non(s)- (klokka tre om ettermiddagen) og Middakshæugen t.d. (Middagshaugen). Når Kjyrejuked'l (i Viki) var isfri, var det grønt på Vikastølen. Sjeldne planteslag som kvanne, turt og humle (til ølbrygging) finst i sume namn.
Dyreliv
Dyr og dyreliv finn me i mange namn, t.d. Bjådna- (bakken i Ve) -bøkse (Hovland; -bykset), til bjådd'n (bjørn), og fuglenamn t.d. i Maosestain (på Sva i Vikadalen) og Lundasækk (- sekk på Hovland; til lundefugl). I Jåteli (utmark i Ve, og fleire stader, Ljoteli) har me det gamalnorske adjektivet ljótr som tyder stygg, vond (no jåt i Årdal), medan Gones i Muggeteigen er ein god stad. Framifrå beite og gode hamner med mykje avdrått minner Smårhåla om (fjellstøl i Vikafjelli), og i Flæske(nås)dal'n (Fleske(nos)- i Vetti) var det mykje rein før i tidi. Skjemtande og ironiske er namn som Migandjel (på Hæreid), Paradisjuve (-juvet, øvst i fjellsida innanfor Ofredalen), og Sildebåræsken (-borddisken; tydingi er tallerk; på Hovland).
Husdyri eller baisti som me seier, har gjeve namn til mang ein stad, t.d. Kalv-, Kjyre-, Jaitus (Geithus, i Ve), Mara-, i samsetjing til mærr (-dal'n, -dåkki, på Hovland). No har ingen geiter meir, som før gjekk seg i låpa, hokjønn (skòrfeste), men namni lever att: Låpaskåri (Lopaskòri, på Hovland), -knubben (i Vetti). Namni på Dyr-, Dyre- fortel om veiding, for dyr tyder rein, sameleis Semlekjådni (Simletjørni, i Vikafjelli), og om fiske fortel Bærmaodd'l (Bermål, ytst i fjorden på sørsida), Vaiehøl'n og Sløåyni (øyni, på Hæreid) fortel om fangstmåten med sløder, bægjegardar.
Personnamn
Grenseskilje har me fleire døme på: Krokabande og Lystrebande (-bandet, mot Luster), Jøsnabåtnedn (Ljøsnabotnene, mot Lærdal), og Valdræs- (dal'n, skare, -skardet og fleire, mot Valdres).
Folketru og segner er knytte til mange namn, særleg Hulda- (me seier ai huld om hulder) -hæugen, -kjørkja, -stain, og Jygrenes og Resaland (i Ve) fortel om gyger og rise. Bæutastain (Bautasteinen) framanfor Kletta i Seimsdalen har fått knytt til seg ei segn om kong Sverre og ein av hærmennene hans som døydde der.
Gamle former av personnamn lever att i stadnamn, t.d. Dave (av David; vanleg enno i Lærdal) i Davehæugen (-haugen), Mikkjed'l (Mikkjel) i Mikkjed'lrind'n (i Ve), Paodd'l (Pål) i Paodd'lmyri (på Hovland), Vebjådd'n (Vebjørn) i Vebjådd'nhåla (-hola), Ysstain (Øystein). Før heitte kvinnene Injebjår (Ingebjørg), i Injebjårtaigen, Injæri (Ingerid), i Injæriaokker'n og Maræta (Margareta), i Marætataigen.
Dei aller fleste namni hjå Midttun er knytte til jordbruksbygdi Årdal, men no har storindustrien overteke som arbeidsgjevar for dei aller fleste i bygdi. Namni or det gamle arbeidslivet rundt om i liane, i skogen og på stølane fell meir og meir ut og vert borte, sameleis etter sjøstròndi. Best vil truleg dei kartfeste namni i høgfjellet og etter turvegane halda seg, for framleis vil årdølene nytta noko av fritidi si i fjellet og på hyttene sine. Mange namn døyr ut etter kvart, men ei stor mengd er oppskrivne hjå Midttun i boki hans.