Segn og sanning
"Ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull." Dette er alt som er att av dei segner og eventyr som det sikkert har eksistert meir av om denne mystiske steinen.
Kista er 2,70 m lang og 1,40 m brei. Både botnen og loket er 80 cm tjukt. Slike dimensjonar må ha vore grunnlag for mystikk og overtru gjennom tidene.
Skattkiste
Bergensbispen Erik Pontoppidan reiste opp dalen i 1749. I reisedagboka skriv han:
Vil man til Tidskorting paa disse fortrædelige og langsomme Trin laane de medfølgende Skydsfolk sit Øre, da have de nok at fortælle om gammeldags fabuleuse Bedrifter og Mirakler ved forannævnte Steenhobe. Snart viser de en stor firkantet Steen, ei uliig en Kiste med Laag paa, hvilket kaldes Norges Skatkiste og skal gjemme et uskatterlig Liggendefæ. Dette har mange Lyst til, men ingen Frimodighed at angribe, da den, der gjorde det sidste Forsøg, som sees af nogle Hug med et Jern under Kistens Laag, skulde være bleven ganske afsindig i sit Arbeide.
Merknad: Liggendefæ = verdisaker. Nårekista - Norges Skatkiste: Har salig Herr Pontoppidan misstydd namnet?
Matkiste
Amund Helland skriv i 1901:
Længere oppe i dalen findes en sten i form af en kiste, den saakaldte St. Olavs madkiste; den ser du som en kiste med laag. Laaget er imidlertid sprengt fra Kisten.
Utsett kulturminne
Nårekista vart truleg plyndra av skattejegrar i slutten av 1700-talet. Vonbrotne som folk venteleg vart, let dei eventyr og segner gå i gløymeboka.
Ved siste vegutviding vart kista redda i siste liten av grunneigarane. Kan ho reddast ved neste? Ho ligg nær fyrste utkøyring til venstre i stigningen mellom Bjørkum og Seltun, ca. 18 km frå Lærdalsøyri.