Då Bergen Elektrisitetsverk sette opp målestasjon i Kvitingen i 1900, var det med tanke på utbygging av Samnangervassdraget for å skaffa Bergen elektrisk straum. Folket i den vesle grenda tok vel imot stasjonen, dei ante nok at her var det både arbeid og rekordar i vente. Den største årsnedbøren som er målt, er frå 1921, på 5087 mm. Det kom også like oppunder 5000 mm både i 1967, 1983,1989 og 1990. Året 1989 vart det sett rekord for månadsnedbør i januar, med heile 1076 mm. Månadsnedbør like over 1000 mm finn vi òg i desember 1975 og i oktober 1983. Berre i to år var årsnedbøren mindre enn 2000 mm, i 1915 (1984 mm) og i 1960 (1926 mm).
Nedbørmengdene varierer mykje frå år til år, men sett over periodar på mange år har det vore ein auke. I middel har det dei siste hundre åra vore ein auke i årleg nedbørmengd frå om lag 3000 mm til 3800 mm, om lag 25 %. Auken har vore særleg stor dei siste 30 åra.
Den gjennomsnittlege auken i årlege nedbørmengder kjem av at det både er vorte fleire dagar med nedbør og fleire dagar med store nedbørmengder. Årsaka til dette er meir vestavêr i Vest-Noreg i dei seinare åra. Tilsvarande, og til og med større prosentvis nedbørauke, finn ein i indre distrikt av fylket, til dømes i Hardanger og Voss.