Minnesteinen over Wilhelmine og Oskar Eng står i Kornbergparken, eit kort stykke oppom Volda kyrkje.
Datering
2020
Fotograf
Hermund Kleppa

Minnestein over Wilhelmine og Norman Eng – i Volda

Eng-minnesteinen står i Kornbergparken, eit kort stykke oppom Volda kyrkje. Steinen vart reist år 1923 attmed Volda sanitetslag sin tuberkuloseheim Vonheim lenger ute i bygda, men flytta år 2017 etter at eigedomen vart seld. Ekteparet Eng budde i Volda i åra 1892 - 1917. Wilhelmine Eng arbeidde iherdig for sanitetssaka/betre helsestell. Oskar Eng var distriktslege. Han var fødd i Vadsø, voks opp i Sogndal, «og rekna seg alltid for sogning».

Minnesteinen

Eng-steinen er laga av lys granitt og festa i fundament under bakkenivå. På framsida er tre skriftelement; øvst eit rektangulært, uthogge felt med skrift på finslipt botn: WILHELMINE OG * NORMAN ENG’S * MINNE. Lenger nede: Eit sirkelforma uthogge felt med bokstavane VSF på trekløver, som vil seia Volda sanitetsforening (sanitetslag), og symbolet til Norske kvinners sanitetsforening, trekløver-bladet. Nedst står innhogge (ikkje heilt tydeleg): Røyst 1923.

Image
Ekteparet Wilhelmine og Oskar Eng saman med familiemedlemmer.
Datering
Ca. 1911
Fotograf
Ukjent
Eigar
Stiftinga Sunnmøre Museum (https://digitaltmuseum.no/021018558494/gruppeportrett-av-medlemmer-av-familien-eng-ved-et-bord-ute-i-hagen)

«som et varig minde»

Fru Wilhelmine Olea Eng var fødd i Stavanger, 28. mars 1849. Ho var dotter til kjøpmann Kristian Olaus Sand og Charlotte Abigael, fødd Winsnæs. Ho vart gift i Sogndal i Sogn, 17. august 1876, med «Kand. medicin.» Oscar Normann Engh. Wilhelmine Eng fødde 8 born: 1 i Stavanger, 7 i Lenvik i Troms. I Volda var fru Wilhelmine Eng drivkraft i Voldens (Volda) sanitetsforening (sanitetslag), skipa år 1900. Foreningen bygde og dreiv Voldens pleiehjem for tuberkuløse (seinare kjend som pleieheimen i Volda) frå år 1912. I 1914 vart Wilhelmine Eng heidra med Kongens fortenestemedalje i gull. Ho døydde i Stavanger 5. mai 1918. I nekrolog i Søndmørsposten/Stavanger Aftenblad står mellom anna:

«(…) deres hjem [var] et samlingssted for alt som var friskt, nationalt og demokratisk. Fru Eng delte i fuldt maal sin ægtefælles stærke samfundsinteresser. Hun var dertil impulsiv og varmhjertet. Der stod et friskt vær av hende. Og hun holdt sig ung til det siste. En særlig stor fortjeneste har fru Eng indlagt sig ved sit aarelange virke i sanitetsforeningen. Volda tuberkulosehjem staar der som et varig minde om hende.»

Image
Volda sanitetslag – årsmøte i Voldens Sanitetsforening, 23. februar 1914, kunngjering i avisa Framstig, 20.02.1914

«meir enn vanleg dugande dokter»

Oskar Norman Eng, fødd 7. juni 1847 i Vadsø, var son til distriktslege Christian August Engh og Elisabeth Sommer Norman. Etter avlagt medisinsk embetseksamen i Kristiania 1876, var han privatpraktiserande lege i Stavanger 1875-1879, deretter distriktslege i Lenvik, Troms, 1879-1892, og på Sunnmøre, Volda, 1892-1916.

Oskar Norman Eng var «meir enn vanleg dugande dokter», skreiv Sogns Tidende i stykke om då Eng-minnesteinen var avduka 1923. Han var «ein av nybrotsmennene for det norske maalet» (som kuriositet kan nemnast at han tidleg bytte ut c-en med k i førenamnet og kvitta seg h-en i etternamnet), og vide kjend «som ein framifraa rettlina, dygtig og trygg politikar.»

I studietida og ungdomsåra var Oskar Eng med i krinsen rundt «radikalaren» Olaus Fjørtoft, mellom anna som medarbeidar i bladet «Fram». Seinare vart Oskar Eng stortingsrepresentant i fleire periodar. Dessutan var han mange år aktivt med i kommunalt styre og stell, både i Lenvik og Volda. I Volda var han og formann i styret for Voldens og Ørsten Sparebank. Oskar Norman Eng døydde i Volda 27. august 1921.

Minnesteinen avduka

Steinen til minne om Wilhelmine og Oskar Eng blei reist av Volda sanitetsforening og avduka søndag, 19. august 1923. «Ei mengd menneske var tilstades», skreiv Sogns Tidende (Sogndal) dagen etter. «Fru skulestyrar Riste» ynskte velkommen og stortingsmann Anders Vassbotn heldt avdukingstalen. Han «feste seg serleg ved det store arbeidet dr. Eng og frua hans hadde gjort for sanitetssaki i Volda. Det er i fyrste rekkja dei aa takka at helseheimen Vonheim er komen i stand». Etter at duken (det norske flagget) var fallen, takka overrettssakførar Jacobsen på vegner av slekta for den den æra «som var synt dr. Eng og kona hans.»

Image
WILHELMINE OG NORMAN ENG’S MINNE. Innskrift på minnesteinen i Volda.
Datering
2020
Fotograf
Hermund Kleppa

Sogns Tidende 20.08.1923 (Digital utgave)
Stavanger Aftenblad 13.05.1918 (Digital utgave)
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, 2. bind, biografier A-K (Digital utgave)
Lars, Øyvind: Norske leger 1996. Bind 2. 1996 (Digital utgave)
Den 17de Mai, 30.08.1921 (Digital utgave)
Kleppa, Hermund: Gravminnet Engh i Sogndal (Digital utgave)