Niels (Nicolai) Nielsen
Niels Nielsen var fødd 1777 i Odense i Danmark. Far hans var smed. I 1808 kom han til Norge som sokneprest i Vardø. Han gifte seg der med Anna Chatarina Margrethe Trost, dotter til kommandant Trost på Vardøhus festning. I 1812 vart han sokneprest i Fjaler, der han budde då han vart vald til utsending frå Sogn og Fjordane til riksforsamlinga på Eidsvoll.
I 1821 vart han sokneprest i Eid, og frå 1830 prost i Nordfjord. I 1835 flytte han til Borgund på Sunnmøre og var prest der til han døydde i 1854. Han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje.
Niels Nielsen var også stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i 1830.
Minnetavle i kyrkjeveggen
Det var Sunnmør Historiske Lag, skipa 1908, som gjorde opptaket til å få reist eit minnesmerke over eidsvollmannen Niels Nielsen, og dei valde å setja ei minnetavle ved grava og gravminnet hans. Ho mæler 80 cm i kvar kant og i tekstfeltet står denne innskrifta: TIL MINDE OM EIDSVOLDMANDEN PROVST NIELS NIELSEN FØDT 1777, DØD 1854. - BORGUND KOMMUNE SATTE DENNE MINDETAVLE 17 MAI 1914.
Til takk og minne
Ved avdukinga var det fleire talar. Ordføraren i Borgund sa at tavla var sett som takk for hans store innsats for fedrelandet og arbeidet hans i Borgund - Vi som sette dette minnesmerket, ynskjer at namnet og minnet om livsverket hans skal berast vidare til komande slekter, avslutta ordførar L. Nørve.
Overlærar Bugge, leiar i Sunnmør Historiske Lag, helsa og la ned krans frå Fjaler kommune som takk for arbeidet sokneprest Nielsen la ned der. Som avslutning song festlyden verset Lat oss ikkje forfedrene gløyma.
Riksforsamlinga på Eidsvoll
Ved årsskiftet 1813-1814 var arveprins Christian Frederik statthaldar i Norge. Etter Kielfreden 14. januar, der kongen av Danmark avstod Norge til kongen av Sverige, heldt prinsen møte med fleire framståande menn på Eidsvoll 16. februar. Møtet rådde prinsen til å venda seg til folket, la folket vera med å avgjera fedrelandet sin lagnad. Prins Christian Frederik fylgde rådet, og straks etter gjekk det ut bod frå landsende til landsende om at det skulle veljast utsendingar til eit riksmøte på Eidsvoll. Riksforsamlinga sat saman frå 10. april til 20. mai.
Utsendingar frå Sogn og Fjordane
Fem utsendingar på Eidsvoll kom frå Sogn og Fjordane; tre representerte amtet, to det Bergenhusiske regiment. I opprekninga nedanfor er teke med stilling og bustad då dei vart valde.1) Lars Johannes Irgens, sorenskrivar i Indre Sogn, Amla, Sogndal, 2) Niels Nielsen, sokneprest i Fjaler, Dale, 3) Peder Pedersen Hjermann, bonde og lensmann, Lærdal, 4) Ole Elias Holck, kompanisjef i Bergenhusiske regiment, Leirvik i Hyllestad, og 5) Nils Johannesson Loftesnes, musketer i Sogndalske kompani, Loftesnes, Sogndal.
Minnesmerke over eidsvollmennene
I 1914 blei det reist minnesmerke over fire av eidsvollmennene: 1) Elias Holck på garden hans Alværa i Lavik, 2) Nils Loftesnes ved Stedje kyrkje, Sogndal, 3) Peder Hjermann på garden hans Stødnum i Lærdal, og 4) Niels Nielsen ved grava hans på Borgund kyrkjegard på Sunnmøre.