Askenavar på Robjørgane i Stryn
Datering
2017
Fotograf
Kristian Solvang

Myljåbetnaven og Navdalen - dei nava før i tida og

I mars 2012 dukka ordet «å nave» opp i media. Det vart då brukt i tydinga «å drive dank på statens rekning, leve på trygd». Altså litt negativt. Det kan lett bli oppfatta som eit mobbeord. Som kjent driv NAV med arbeidsformidling, attføring og sosialhjelp. Avisa VG kunne på slutten av året melde at Ole Kristian Våge frå Språkrådet og nyordsforskar Gisle Andersen frå NHH hadde kåra «nave» og «naving» til årets nyord. Ordet skal jamvel ha blitt brukt i Stortinget.

Nyordet «nave» er slett ikkje eit nytt ord.

Det har berre fått ei tilleggstyding. Å nave eit lauvtre var å hogge av toppen. Treet vart då kalla ein nav eller ein nave. Eg legg ved foto som viser navar på Robjørgane i Stryn. Men slike navar kan ein sjå overalt i fylket vårt. Lauvet på dei tynne greinene vart brukt til dyrefor. På beita vart greinene lagt på marka til dyra, eller ein bunta dei saman til kjerv og la på låven som vinterfôr. Almen var mest omtykt, men og ask, rogn, selje og bjørk vart nava. Ein kunne nave treet annakvart eller tredjekvart år i årevis, og mange av navane er svært gamle. Då fekk dei den karakteristiske, litt mystiske forma. Målaren Nikolai Astrup har mange utgåver av «Seljekallen» - som strekkjer armane sine etter Snødronninga på andre sida av Jølstravatnet. Aasen skriv at «ein Kall» ofte vart brukt som namn på gamle tre, særleg ein stamme med fortørka greiner. Navane ser vi langs vegane enno, t.d. finst det mange langs vegen mellom Vadheim og Kyrkjebø. Eg vil tru at vi finn navar på dei fleste gardane.

Image
Vårnatt og seljekall av Nikolai Astrup 
Datering
1917
Fotograf
Ivarsøy, Dag Andre / Nasjonalmuseet/
Lisens
CC BY-SA

Navane hadde sjeldan eigne namn

Eg har ikkje funne mange navar med eigne namn, men på Auflem var der ei stor gammal, nava bjørk som står i råsa. Den heitte Myljåbetnaven (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Opphavet til namnet kjenner eg ikkje, men føreleddet «myljåbet» trur eg er eit måltid (mellom-). Jfr. «måråbete» = første måltid om morgonen. I Fjaler heiter ei gammal bjørk Bjørkenaven. Men «Nav-» finst som samansetting i ei rekkje namn: Naven (Jølster), Nava og Navamyra (Vågsøy), Navuri (Balestrand) - der vaks det bjørk, alm og rogn. Navdalen i Høyanger var ein «naveplass» og Oppå Navene /''na:vedn/ i Leikanger er ein skogvaksen ås med lauvskog.

Gardsnamn med «nav-» har andre tydingar

På Bryggja i Nordfjord ligg garden Nave, skrive Naffue på 1600-tallet. Men her reknar dei med at namnet kjem av «nov f» = fjellnov. Den same forklaringa har truleg gardsnamnet Navdal i Gulen. Namnet på ein tidlegare støl i Luster, Navasete, kan ha same opphav, kanskje ei genitivsform. Gardsnamnet Navarsete i Sogndal meiner O.Rygh er ei samansetting med mannsnamnet Nafarr.

Når dei lafta nye hus, nava dei også

«Å nave» har også tydinga «å lafte», dvs. hogge til og felle saman tømmeret i endane for å lage hjørne på huset. Her i distriktet sa dei oftast «å nove». Ordet har same opphav som «nov» = fjellnov/husnov. Jfr: «Eg skal berre utom nova». Det er og interessant at «- nova» er eitt av dei mest brukte nemningane for fjell i fylket vårt, brukt over 500 gonger (Blånova, Karinova, Tortnenova). Fjellnamnet er nesten ikkje brukt i Indre Sogn.

Image
Almenav på Robjørgane i Stryn
Datering
2017
Fotograf
Kristian Solvang

Styvetre

Eg har høyrt at i skjema for tilskot til landbruket, blir navane kalla «styvetre». Det er eit greitt ord, for «å styve» tyder å hogge toppen av tre, beskjere. Det som blir att, kallar ein då styv eller stuv. I Askvoll finn vi Almstuven. Mylsestuven i Aurland er og ein alm, og i Almstuvbakkane i Balestrand hogg dei mykje almeris. Gardsnamnet Styve på Voss er samansetting av «stuv m» + vin (grasmark).

Å nave er altså ikkje eit nyord i norsk, men har fått ei tilleggstyding. Og vi kan, om vi vil, halde fram med å nave almar og hus utan å bli skulda for å leve på trygd.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag (Digital utgave)
Rygh, Oluf. (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S (Digital utgave)