Isiste halvdelen av 1800-talet kom det fart i industrialiseringa av landet,og byane var i sterk vekst. Samtidig slo romantikken og eit nytt syn på naturen gjennom i delar av byborgarskapet. Den Norske Turistforening vart skipa i 1867, og draumen om naturfreding vart i stor grad framodla gjennom denne foreininga. Det formaliserte arbeidet med å ta vare på hordalandsnaturen tok likevel først til i 1918, med skipinga av Vestlandske Kreds For Naturfredning. To år seinare vart retten til å utnytta Ringedalsfossen og Tyssestrengene seld til A/S Tyssefaldene. Grunngjevinga var at «nasjonale interesser stod på spel», men omstøytinga av fredingsavtalen skjedde ikkje utan hissig debatt. I 1923 tok botanikaren Jens Holmboe, ved hjelp av sponsorar og eigne midlar, eit privat initiativ til å freda Vettisfossen i Årdal i Sogn,som kompensasjon for tapet i Tyssedal.
Vestlandske Kreds for Naturfredning vart danna med utgangspunkt i fagmiljøet ved Bergen Museum, med Holmboe som ein særskilt viktig ressursperson. Organisasjonen endra namn til Vestlandske Naturvernforening i 1962, seinare til det noverande Naturvernforbundet Hordaland.
Frå sikring av naturmonument til naturvern
Den første tida var det sikring av spesielle naturmonument som stod i sentrum, slike som fossar, jettegryter og store, gamle tre. I 1930-åra tok Vestlandske Kreds for Naturfredning initiativ til, og fekk freda, ei heil rekkje store, gamle tre på Vestlandet. I Hordaland finst i dag 42 slike botaniske naturminne. Denne typen punktfreding var uttrykk for at ein ikkje såg trong for omfattande regulering av naturinngrepa.
Etter siste verdskrigen stod økonomisk vekst og ny industrireising først på dagsordenen. Utover i 1950- og 1960-åra, lenge før forureiningslova hadde sett dagens lys,vart nokre av ulempene og farane ved industrireisinga mange plassar meir og meir synlege. Mange av dei einsidige industristadene låg i tronge fjordbotnar, utan god utskifting av luftmassane, og industrirøyken låg ofte som ei tett skodde over fjorden. Spesielt i Sørfjorden var luftforureininga eit problem. Parallelt med dette vart fine fjell- og stølsområde demde ned, vassdrag lagde tørre og bruken av giftige sprøytemiddel stadig meir utbreidd.
Naturvernlova av 1954 var den første som opna for vern av nasjonalparkar og andre større verneområde. Fagfolk, den gryande, grøne opinionen og somme politikarar tok til å skjøna at menneska ikkje kunne bruka naturen utan tanke for uheldige konsekvensar, både for naturmiljøet og for folk si helse og trivsel.
Det offentlege natur og miljøvernet veks fram
Tidleg i 1960-åra tok Bergen Turlag og det som då heitte Vestlandske Naturvernforening initiativ til vern av Stølsheimen, fjellområda i grenselandet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Først i 1990 fekk delar av Stølsheimen status som landskapsvernområde. Då var store delar av området for lengst bygde ut til kraftføremål.
Naturvernåret 1970 markerte overgangen til eit breiare folkeleg engasjement for naturmiljøet, og frivillige miljøorganisasjonar fekk større oppslutnad. Ei rekkje nye lover vart vedtekne for å styra og styrkja det nye offentlege forvaltningsansvaret. Miljøverndepartementet vart etablert i 1972. Miljøvernavdelingane hjå fylkesmennene kom på plass 10 år seinare. Frå 1990-åra av har kommunane fått ei sentral rolle i miljøvernet. Gjennom kommuneplanar styrer kommunane i prinsippet arealbruken i størstedelen av landet.
Svært mange av miljøutfordringane er globale og kan berre løysast ved bindande samarbeid mellom mange, helst alle land. Noreg har slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som forpliktar oss til å verna om leveområde for ulike artar. Vi har også eit ansvar for å kartleggja fauna og flora, til dømes utarbeida «raudlister» – oversyn over artar som er truga eller sårbare. Døme på «raudliste»-artar hjå oss er kvitryggspett – Hordalands fylkesfugl og vanlegaste spetteart – kongsbregne og stor salamander. Vi har dei største førekomstane i landet av dei to sistnemnde artane, den direkte årsaka til oppretting av det vel 14 km2 store Geitaknottane naturreservat i 1997.
Hordalandsskogen – dobla på 60 år
I 1991 var det om lag 2,5 millionar dekar (17 % av landarealet) produktiv skog i fylket. Arealet er dobla på 60 år. Berre i perioden 1981–1991 auka det med 20 %. Om lag 43 % av skogen i Hordaland er furuskog, 37 % lauvskog og 20 % grandominert skog. Fylket vårt har tre gonger så mykje høgbonitetsskog som landsgjennomsnittet, målt i høve til landarealet. I historisk tid har vi aldri hatt så mykje skog som no.
Det er likevel viktig å hugsa på at landsdelen var nesten nedsnaua for 200–300 år sidan. Vi har såleis nesten ikkje urskog att. Om skogen kan vera gammal i skogbrukaranes auge, er han reint biologisk enno ung og såleis nokså einsarta. Ei furu kan ha ein biologisk funksjon i nesten tusen år, frå spire til vakse tre, gadd (tørrfuru) og legder – som til slutt morknar til mold. Nær halvdelen av alle «raudliste»-artar i landet er knytte til skog. Vern av skog er difor ein viktig del av naturvernarbeidet. Måten skogbruket vert utført på, er likevel kanskje vel så viktig.
Skogsvegar og treslagsskifte har vore dei mest omstridde tema hjå oss – særleg på slutten av 1980-talet, då alle kommunar skulle laga tiltaksplanar for skogbruk. I planane vart meir enn 40 % av skogarealet i fylket avmerkt som framtidig granskog. Dette vekte stor motstand. Dårleg økonomi og låg aktivitet i skogen gjer det lite truleg at planteskogdelen kjem svært mykje høgare enn i dag. Skogbrukarane skal no ta omsyn til «raudliste»-artar, nøkkelbiotopar og miljøstandardar. Dermed vert denne aktiviteten også ein viktig del av miljøvernarbeidet.
Mest vern i landet
Hordaland har kanskje større naturvariasjon enn noko anna fylke. Langs kysten ligg 6000 holmar og øyar. Likevel ligg 60 % av landarealet, meir enn 9000 kvadratkilometer,over barskoggrensa. Mange artar er hjå oss på kanten av utbreiingsområdet sitt. Slike førekomstar har ofte andre trekk enn det ein finn i hovudutbreiingsområdet. Å verna om biologisk mangfald inneber også å ta vare på dei ulike naturmiljøa artane lever i.
Det er oppretta ei rekkje,mest små,verneområde. Om lag 15 % av landarealet er verna. Mesteparten er høgareliggjande og til dels uproduktive område. Generelt er låglandet sterkt underrepresentert i verneområda. Her er også konfliktane mellom grunneigar og offentleg forvaltning mest vanskelege og trugsmåla mot det biologiske mangfaldet størst.