Bautasteinen i Naustdal sett mot nord.
Datering
2013
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bautasteinen på Bervellene i Naustdal

I Naustdal vart det i 1914 reist to bautasteinar til minne om dei frå bygda som var med i Napoleonskrigane 1807-1814. Den eine steinen står på Bervellene i Naustdal sentrum, den andre på Antonshogjen på Fimland.

Avduka 17. mai 1914

Naustdal Ungdomslag tok opp tanken om å reisa ein minnestein og spreidde han til dei andre ungdomslaga. Alle ville vere med på å yte det som trongst for å få minnesmerket reist.
Steinen vart funnen i Eikelia. Han er 8,5 m høg og ser ut til å vere av gneisgranitt. Han vart reist om våren i 1914 og avduka 17. mai dette året, og ved det same høvet overlevert til Naustdal kommune. Staden er Bervellene, like ved den gamle hovudvegen til Naustdal sentrum.

Innskrift

På sørsida av steinen finn vi øvst innhogge det norske riksvåpenet med løva, og vidare fylgjande innskrift: MINNE UM DEI MENN FRAA NAUSTDAL SOM I 1807 - 1814 STRIDDE FOR HEIM OG FEDRALAND
På nordsida les vi: STEINEN REIST AV BYGDAFOLKET 17DE MAI 1914.

 

Image
Innskrifta på nordsida. Nokre av skriftteikna er laga i "runeform".
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vedlikehald

I eit område velsigna med nedbør, vil ein stein gro til med lav og mose. Leiaren i 17. mai-nemnda i Naustdal, Harald Jarl Runde, gjorde opptaket til at bautasteinen vart vaska og innskrifta måla oppatt i høve 17. mai og frigjeringsfesten i 1995. Arbeidet vart utført av folk frå kommunen. Steinen vart på nytt vaska av Målfrid Haugsbakk i 1998.

 

  • Birkeland, Bertel: Gammelkarene i Naustdal. I Nordre Bergenhus Folkeblad. 26.03.1914. Florø.
  • Nordre Bergenhus Amtstidende. 30.03, 27.05.1914. Florø.
  • Firda. 15.10.1998. Førde.

Opplysningar frå:

  • Harald Jarl Runde, Naustdal.