Under skiferen ligg den eldste geologiske formasjonen med gneis og kvartsitt, som utgjer berggrunnen i storparten av kommunen. I dette området ligg det høgaste fjellet i Gloppen, Snønipa (1827 moh). Toppen er samtidig høgaste punktet på Myklebustbreen, ein av fleire brear i kommunen. Myklebustbreen er ein utløpar av Jostedalsbreen, som er fastland-Europas største isbre og har status som nasjonalpark.
Isbreen har greve ut fleire dalar i Gloppen. Ved botnen av Hyefjorden går Vestredalen og Austredalen i kvar sin retning – Vestredalen mot sørvest og mot dei indre bygdene i Eikefjord (no i Kinn kommune), og Austredalen først mot sør og så mot aust. I begge dalføra ligg det fleire vatn, det største er Storfjorden (Eimhjellevatnet). Gloppefjorden har eit par hengjande dalar på vestsida, Traudalen og Langedalen. Frå Sandane, som er kommunesenter og ligg ved fjordbotnen, går eit breitt dalføre søraustover mot Breim og Byrkjelo. Ein morenerygg demmer opp for Breimsvatnet, som skjer seg inn mellom bratte fjell og svingar mot sør. Ved Byrkjelo deler dalføret seg – Votedalen går mot sør, mens Myklebustdalen går mot aust, før den òg svingar mot sør.
Fjelltraktene vest for Hyefjorden og sørover mot grensa til Sunnfjord kommune er landskapsvernområde. Her finst det få tekniske inngrep og det er stor variasjon i naturtypar: høgfjell og brear, elver og vatn, skogkledde dalar og fjordlier med varmekjær lauvskog. I dalsidene i Gloppen finn vi elles urskogsprega skog fleire stader. I Stordalen naturreservat på grensa til Stryn er vegetasjonen dominert av gammal fureskog der somme av trea er over 400 år gamle.
Både Breimsbygda og Gloppefjorden har område med elve- og breavsetningar som gjev god dyrkingsjord. Langs fjorden finn vi dessutan parti med sjøavsetningar. Gloppen har eit temperert kystklima, noko som bidreg til dei gunstige forholda for landbruk. Kommunen har mellom anna mykje bær- og fruktdyrking.
Namnet Gloppen kjem av gloppe som tyder ” smal opning”. Dette er ei god skildring av Gloppefjorden si opning mot Nordfjord i vest, der han smalnar inn mellom Anda og Hestenesøyra. Breim vart i gammalnorsk skrive som Breiðefni, samansett av ”brei” og ”emne”. Dette namnet kan tolkast som ”brei strekning tenleg til dyrking”, og passar godt om landskapet i bygda.
Gloppen kommune omfatta i den eldste tida dei same områda som no, forutan bygdene frå Lote til Hopland på nordsida av Nordfjorden. Breim vart skilt ut som eigen kommune i 1886, men slått saman att med Gloppen i 1964. Samtidig vart Hopland lagt inn under Stryn. Lote og Hennebygda blei skilde frå Gloppen og lagde til Eid i 1992 (no Stad kommune).