Kjerringa på Stadtlandet. I framgrunnen restar av tyske forsvarsanlegg frå 2. verdskrigen. I bakgrunnen Honningsvåg med vidare utsyn nordover Sunnmørskysten.Kjelde: Wikimedia Commons
Fotograf
Atle Råsberg
Lisens
CC-BY

Kjerringa på Stadtlandet

Dei gamle vetane i Selje

Kveikte vetar var i gamal tid eit varslingssystem for å melde om at fienden var på veg. I ufredstider skulle vetane vere klare til å tennast, og det vart sett ut vetevakter som skulle ha ansvaret for dette.

Varslingssystem i fleire hundre år

Det var Håkon den gode (konge i Noreg på 900-talet) som delte kysten inn i skipreider og sette reglar for leidang og landevern. Det vart bygd vetar av brennbart materiale med jamne mellomrom langs kysten, og i ufredstider vart vetane kveikte for å varsle at fienden var på veg. Dette systemet for ufredsvarsling var stort sett i bruk heilt fram til 1814, då kystsignalstasjonane overtok.

Revjehornet på Stadlandet. Veten her var synleg rundt Vanylvsfjorden og til Vakthusbakken på Åheim.

The mountain of Revjehornet at Stadlandet. The beacon was visible from all places around the Vanylvsfjord and to Vakthusbakken at Åheim.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Selje kommune.

Vetane i Selje

Selje tilhøyrde Stad skipreie som omfatta Selje, Vågsøy og Rugsund. I Selje skal det ha vore vetar på Ilshaugen på Selja, Vetenakken på Dragseidet, Veten på Kjerringa, Storevarden mellom Årvik og Honningsvåg og på Revjehornet.

Så langt desse vetane var oppretta då, vart dei i 986 tende for å mobilisere leidangen mot jomsvikingane. Folk frå Selje samla seg då under Ragnvald frå Ervik og var med i slaget ved Hjørungavåg. Vi veit ikkje om vetane var tende under sjuårskrigen 1563-1570, då leidangen på Vestlandet var ute to gonger. Men 3. mars 1564 lyste vetane langs kysten for å mobilisere mot ein svensk hær som hadde teke seg inn i Trøndelag. Siste gongen dei norske vetane vart brukte til å varsle om fiendeinnfall, var i ufredsåra 1807-1814. Den 23. juli 1810 lyste vetane i Selje for siste gong i ufredstid.
Nyttårskvelden 1999/2000 brann igjen dei gamle vetane i Selje, slik dei gjorde over heile landet, men denne gongen bar ikkje elden bod om ufred.

 

Ilshaugen på Selja. Det var her veten vart så altfor seint tend den skjebnesvangre dagen i 1810. Det budde ikkje folk på Selja den gongen, og det tok tid for vetevakta som måtte ro til lands og hente eld fordi han hadde gløymt fyrtøy.

Ilshaugen on the island of Selja. It was there that the beacon was lit too late on that fateful day in 1810. Nobody lived on the island in those days, and it took some time because the beacon guard had to row ashore to fetch a tinderbox he had forgotten to take with him.

Datering
2001.
Fotograf
Borgny Dam-Nielsen.
Eigar
Borgny Dam-Nielsen.

Gløymde fyrtøyet

Langs kysten vart det i ufredsåra 1807-1814 organisert eit landevern av våpenføre menn. Stadlandet vart lagt til "Søndmørs Kystverndivisjon", men i Selje vart soknepresten Gabriel Heiberg divisjonssjef og fekk ansvaret for vetane. Til å verne leia og eskortere skip rundt Stad, vart det på Silda stasjonert ein norsk flotilje av to kanonskonnertar med dansk sjef.
Søndag 22. juli 1810 kom engelske gastar i land i Ervik. Dagen etter, 23. juli, stemde engelskmennene inn Sildegapet. Presten Heiberg, som ikkje var militær og ikkje hadde røynsle med slike operasjonar, var ikkje snar nok til å mobilisere og gje bod om at vetane skulle tennast, og til overmål hadde vetevakta på Ilshaugen gløymt fyrtøyet! Det kom til batalje mellom engelskmennene og den norske flotiljen, nordmennene vart tekne til fangar og seinare førte til England.

 

Flatraksvika. Her sto striden mellom nordmennene og engelskmennene 23. juli 1810. Heile bataljen var over på ein halv time. Dei to norske skonnertane "Thor" og "Balder" vart tekne og mannskapet fanga.

The bay of Flatraksvika. This is the place where the Norwegians and the British fought on 23 July, 1810. The battle lasted only half an hour. The two Norwegian schooners "Thor" and "Balder" were captured and their crews taken prisoner.

Datering
2001.
Fotograf
Borgny Dam-Nielsen.
Eigar
Borgny Dam-Nielsen.

Seljepresten for krigsrett

Den 1. oktober 1810 vart soknepresten stilt for krigsrett og dømd til ei bot på 500 dalar, som var om lag verdien av to gardsbruk. Han vart dessutan pålagd å aldri søkje seg eit prestekall som var betre lønna enn det han hadde. Alle som seinare har granska saka, har vore samde om at dette var eit justismord, og Heiberg fekk trass alt eit godt ettermæle. I 1817 skreiv biskopen at Heiberg "har en særdeles klar og velklingende stemme, ædel anstand og passende armbevegelser. I en ensom avkrog ere nedgravet et talent, der vilde glimre i hovedstaden".

  • Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band 1.
  • Berge, Ragnvald: Siste gongen vetar varsla ufred i Selje. I Årbok for Nordfjord. Sandane 2000.
  • Harbitz, G. P. o. fl.: Den norske leidangen. Overkommandoen for sjøforsvaret. 1951.