Kong Olav, kronprins Harald og frøken Sonja Haraldsen har kome i land på Selja og blir møtte av tre geistlege, sokneprest Sverre Nybø (venstre), prost Johnny Bakke og biskop Per Juvkam. På sjøen i bakgrunnen ser me kongeskipet «Norge» og hurtigruteskipet, MS «Kong Olav»
Datering
11.08.1968
Fotograf
Sunnmørsposten
Eigar
Selja Forlag

Kong Olav V i Sogn og Fjordane – bispedømmejubileum i Selje 1968

Spør du folk i Selje om kva som var den største hendinga i bygda i løpet av dei vel 50 åra sidan krigen slutta, er sjansen stor for at dei vil seie jubileet i 1968. Då vart 900-årsjubileet for bispesetet markert, med kong Olav V i spissen. Med seg hadde han kronprins Harald, som då første gong viste seg offentleg med «frøken Sonja Haraldsen», seinare dronning Sonja.

10.000 menneske tilstades

Frå tidleg om morgonen den store dagen, sundag 11. august 1968, var det hektisk aktivitet, og klokka 10.50 var det heile i gang for alvor då kongen med følgje steig i land på Selja. Heile 10.000 menneske var samla i klosterruinane, den største friluftsstemna på Vestlandet til då, og hundrevis av store og små båtar var på sjøen, med Kongeskipet «Norge» som samlingspunkt. Førebuingane hadde gått føre seg i lang tid, og heile Seljebygda var på ein eller annan måte med på tilskipinga. Nabben var pussa opp, og kaien inst i Seljevågen og parken ved prestegarden vart akkurat ferdige i tide til kongen kom.

Image
Aldri før hadde det vore så mange menneske samla i klosterruinane på Selja som den 11. august 1968. Truleg var det minst 8000 menneske tilstades.
Datering
11.08.1968
Fotograf
Sigbjørn Hjelle
Eigar
Selja Forlag

Selja viktig møtestad i mellomalderen

Minnestunda i klosteret tok til med gudsteneste klokka 11, der biskop Per Juvkam i Bjørgvin heldt preika. Så heldt Kongen sjølv tale, der han la mykje vekt på kor viktig Selja var som møtestad i mellomalderen. Biskop i Oslo, Fritjof Birkeli, heldt deretter foredrag om Selja sin plass i kristningsverket, og om den lange misjonstida som nærma seg slutten då Olav Tryggvason steig i land på Selja i 996. Mange framståande personar heldt seinare helsingstalar, m.a. kyrkjestatsråd Kjell Bondevik.

Image
Klosterruinane 1866, fotografert av Marcus Wøldike Noodt (1824-1895). Biletet syner den elendige forfatninga klosterruinane var i då. Murane har rasa, og det er mykje laus stein. Ein mann står framfor tårnet.
Datering
1866
Fotograf
Marcus Wøldike Noodt
Eigar
Selja Forlag

Brei mediedekning

For ein dag var atter Selja midtpunktet, midstaden, for nasjonen, og hendinga vart fyldig dekka både av radio og aviser. I ei hovudstadsavis kunne ein dagen etter lese:

«Det var sagasus over øya. Den ligger ansikt til ansikt med Stadhavet og bærer preg av dets velde. Man må til Delfi eller Pergamon for å finne et landskap med samme reisning. Det har antikkens strenge linjer. Her fant man i sten det som er uttrykt i ordene «furet, værbitt». I disse omgivelsene fikk dagens budskap ruvende styrke.»

Selje-presten deltok ikkje

Men om alt var berre fryd og gaman i avisene, vekte det stor merksemd at soknepresten i Selje, Bertel Olai Botnevik, ikkje deltok i høgtida under 900-årsjubileet. - Grunnen, sa han, var at han ikkje kunne godta at katolikkar var med på markeringa. Så sjølv om han sat i hovudkomitéen for jubileet, så valde han å halde seg innandørs på prestegarden på denne store dagen. Fjordenes Tidende, Måløy, hadde si meining om demonstrasjonen frå soknepresten: «Vi skal ikke kommentere saken nærmere i dag, selv om det her er grunn til å etterlyse det som heter toleranse hos en som skal representere den norske kirke.»

Hendingar utanom programmet

Soknepresten i Selje som heldt seg heime i prestebustaden den store dagen, var ei litt spesiell hending Fjordenes Tidende og andre aviser skreiv om. Eit par andre hendingar utanom det offisielle programmet kom også med, så som at sørgåande hurtigrute kom framom Selja, at Kongen hjelpte til ved ei avfotografering, og at Kongen valde å gå frå Seljevågen til Samfunnshuset i staden for å fylgja bilen som stod klar.

Image
MS «Kong Olav» (Det Stavangerske Dampskibsselskab), bygd 1964, var i sørgåande rute om føremiddagen på jubileumsdagen, 11. august 1968. Skipet la om kursen og styrde inn til Selja. «Kong Olav» helsa Kong Olav» var overskrift på notis i Fjordenes Tidende. På biletet kongeskipet, «Kong Olav» og ein annan båt (utsnitt).
Datering
11.08.1968
Fotograf
Sunnmørsposten
Eigar
Selja Forlag

«Kong Olav» helsa Kong Olav

Like før gudstenesta tok til, kl. 11.00 styrde sørgåande hurtigrute inn til Selja. MS «Kong Olav» hadde lagt om den vanlege kursen over Sildegapet. Fjordenes Tidende hadde følgjande notis:

«Et uventet og populært innslag under høytideligheten på Selje Kloster søndag opplevet en like før gudstjenesten tok til. Det var «Kong Olav» som var sørgående hurtigrute nettopp denne dagen og etter å ha passert Stad tok ikke hurtigruta den vanlige leia inn Sildegapet, men tok en avstikker innom Selja der den strøk langs land og lot fløyten hilse Kong Olav. Ved rekken sto det svart av turister som fikk et uventet innslag i turen langs kysten. Det var et morsomt innslag og en fin honnør fra «Kong Olav» til Kong Olav.»

«grepet av stundens alvor»

Det kongelege følgjet blei tekne med opp i Sunnivahola. Mange menneske stod samla langs den smale stien. Ei eldre dame fekk seg eit spesielt minne for livet. Fjordenes Tidende fortel:

«En eldre dame som hadde plassert seg tett inn til stien med fotoapparatet fikk en opplevelse som hun nok ikke kommer til å glemme så lett. Da Kongen spasete forbi, ble hun tydeligvis grepet av stundens alvor og glemte fullstendig å trykke på avløseren. Kongen stanset opp bare en halv meter frå kvinnen, og da han så hennes bestrebelser, lo han og sa at «det ble visst litt for nær dette.» Dermed stilte hele følget seg opp i passelig avstand frå damen med kameraet, og hun fikk endelig foreviget det ettertraktede motivet.»

«en av de største gudstjenester – i landet»

Fjordenes Tidende, Måløy» hadde i det heile god dekning av bispedømmejubileet i Selje 1968. Avisa informerte fortløpande om førebuingane og hadde fyldig reportasje frå hendingane søndag 11. august. Hovudoppslaget hadde følgjande overskrifter:

«10.000 mennesker var samlet til uforglemmelig høytid ved klosterruinene på Selja. Kong Olav, kronprins Harald og frk. Sonja Haraldsen, sammen med et stort oppbud av geistlige fra inn og utland, kastet glans over en av de største gudstjenester som har vært holdt her i landet. (…)

Seinare har talet vorte nedjustert til ca 8000, «men uansett er dette svært mange menneske i høvet til talet på innnbyggjarar i kommunen», skriv Sigbjørn Hjelle i boka Kyrkjene i Selje (…), Selja forlag, 2016. Elles kan det leggjast til at talet er svært høgt samanlikna med oppmøtet på Selja ved 950-årsjubileet år 2018. Då melde Fjordenes Tidende om ca 500.

Djupedal, Torkjell: Selje – kulturhistorisk vegvisar. Selja forlag. 1996.
Hoff, Anne Marta, o.fl: Kyrkjene i Selje. Selja – Selje – Leikanger – Ervik 996 – 2016. Selja forlag. 2016
Fjordenes Tidende, Måløy. 14.08.1968, o.fl.