Men om torva var viktig for folket på Fedje, var havet viktigare. Innsiget av sild i dei store sildeperiodane frå 1700-talet og fram til byrjinga av 1900-talet gav gode inntekter. Når vårsildfisket svikta, var heimefisket kring øyane etter sei, torsk, lange, kveite og brosme redninga. Lenger ute låg rike fiskegrunnar som ”Kveitehavet”, ”Lineberget” og ”Karahavet.” 6000 åretak tok det å koma på «Kveitehavet». På slutten av 1930-talet starta kvalfangsten; ei viktig næring for fedjingane. Fangsten fann stad først i lokale farvatn, men etterkvart under fjernare himmelstrøk som Vesterhavsøyane og Barentshavet.
Dagens Fedje høyrde som kyrkjesokn frå mellomalderen til Lindås prestegjeld og skipreide, og etter 1837 til Lindås kommune. I 1910 vart Fedje ein del av Austrheim kommune, for så å få sitt kommunale sjølvstende i 1947. Dette var den siste kommunedelinga i Hordaland fylke før Schei-komiteen sine framlegg om kommunsesamanslåingar vart gjennomførte i 1963 – 1965.
Fedje kyrkje vart vigsla i 1941; den tredje kyrkja på denne staden. Ved kyrkja er det reist ein bauta over falne frå Fedje under siste krig. Plassert på haugen rett sør for den nye kyrkjegarden står minnesmerket for bortkomne på havet og for den gamle kolera-kyrkjegarden frå midten av 1800-talet.
Over 200 fugleartar er observerte på Fedje, som har den største bestanden av grågås i fylket. Gode turstigar går gjennom eit landskap prega av torvtaking, med fint høve til å kombinera ferskvassfiske og havfiske. Frå Kræmmerholmen i nord til Storemark og Æsjær i sør kan du følgja Nordsjøløypa – Nortrail – som er ein del av det europeiske løypenettet av turvegar i kystregionane kring Nordsjøen.
Undersjøisk fjell
Med dei gode hamneforholda og den korte vegen til fiskefelta var øya alt i eldre steinalder busett av fiskarar. Den gongen stod havet høgare – og beste hamna var på sørsida av øya, ikkje i nord som i dag. Sidan lyfta landet seg opp – men høgt vart det aldri på Fedje: Høgste punkt frå naturens side, Feiebjørnen, ligg berre 42 moh. Både trafikksentralen og Hellisøy fyr ragar høgare. Ei mager trøyst for villfarne fjellklatrar er det at øya også er den nedskura toppen av eit undersjøisk fjell. Utan havvatnet kring Fedje, ville staden sett underleg ut, særleg frå søraust: Eit 300-500 m høgt fjell som var flatt på toppen. Denne flata er ein del av den norske «strandflata».
Fedjedomen
Alle stader rundt hovudøya heller berglaga av gneis mot sjøen. Under vatn ligg laga parallelt med overflata på det undersjøiske fjellet. Tek ein fantasien i bruk og tenkjer seg at ein kunne ha fylgt gneislaga på Fedje opp i lufta, ville dei hatt form som ei høysåte eller ein dom. Sidan strukturen, som ber namnet «Fedjedomen», gjennom tida er høvla av, er det eit nokonlunde flatt snitt gjennom gneisdomen som no står att. Korleis Fedjedomen vart danna, har ikkje forskarane funne heilt ut av. I alle høve er strukturen medverkande til Fedjes runde fasong, og kanskje også at øya har overlevd dei geologiske nedbrytingsprosessane.
Lynghei i endring
Det er minst 4000 år sidan Fedje vart beiteland. Beitepress, lyngsviing og sterk vind har gjort at øya har vore utan naturleg skog heilt fram til slutten av 1900-talet. Berre nokre lågvaksne og knudrete lauvtre klarte å overleva på stader der dei fekk stå i fred for buskapen.
Fedje har hatt nokre av dei flottaste lyngheiane og teppemyrane i Hordaland. Faktisk veks det og dvergbjørk på dei fleste myrane. I ytste delen av Hordaland er dvergbjørka sjeldan – ho er ikkje vanleg å finna på kystmyrane sør for Stadt. Ingen tek lenger torv på Fedje. Det er også slutt på lyngsviinga. Sauer er det meir av enn før, fleire hundre i talet, men dei beiter i inngjerda område. Dei seinare åra er det planta eit stort felt med sitkagran midt på øya. Naturleg tilvekst av rogn, bjørk og osp vil overta for lyngheia, men denne prosessen tar tid i det barske klimaet.
Hjort på Holmengrå
Hjorten har greidd å manøvrera seg like til Fedje. Ikkje berre ein forlist stakkar, men nok dyr til å skapa ei levedyktig stamme, til saman om lag ti i talet i år 2000. Fedje var ved tusenårsskiftet einaste kommunen i fylket utan jaktløyve for hjort. Men stammen er i vekst og tek stadig nye beitemarker i bruk. Jamvel på nakne Holmengrå skal han vore sett. Jaktløyve vert no diskutert, og det er vel berre eit spørsmål om tid før hjortejakta er i gang.
Elles er det heller få firbeinte og få krypdyr som utan menneskehjelp har greidd å ta seg over det dryge og djupe havstykket som skil Fedje frå resten av Nordhordland. For dyra som først har kome seg til Fedje, er det å vona at staden fell i smak. Det kan nemleg vera like strevsamt å koma seg attende. Kaninane på øya er sett ut og greier seg no bra, truleg fordi reven ikkje har makta sjøreisa, men også fordi minken er på retur. Ekorn, røyskatt og hoggorm finst heller ikkje i kommunen. Korleis dei første froskane kom til Fedje, er det ingen som kan seia for visst.
Sjøfugl og trekkfugl er likevel dei mest vanlege representantane for dyrelivet i Fedje, ser ein bort frå livet i havet. Mildt klima og nærleik til matfatet gjev gode vilkår for eit rikt fugleliv heile året. Fedje er faktisk den kommunen i Hordaland som har flest registrerte fugleartar. Med tre sjøfuglreservat og eit stort landskapsvernområde har styresmaktene sytt for at fuglane har stader dei kan vera i fred med lova på si side.