"Kongshaugen" på Seim (Svein Nord)

"Kongshaugen" at Seim, Lindås

"Kongshaugen" på Seim (Svein Nord).

Seim

Sæheim (Seim) ved Lygrefjorden er nemnd som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre. Fleire av dei første rikskongane har halde til her, og garden var krongods til fram på 1400-talet. Etter sagatradisjonen er Håkon den gode gravlagd på garden.

Tre norrøne kjelder fortel om gravferda til Håkon den gode, som vart såra i slaget på Fitjar i året 961. Etter tradisjonen døydde han på Håkonshella. Både Fagrskinna, Ågrip og Heimskringla seier at han vart gravlagd på Seim i Nordhordland. Den lokale tradisjonen knyter grava til «Kongshaugen», søraust for kyrkja.

Haugen vart mykje skadd og utjamna først på 1800-talet. To gonger har haugrestane vorte granska av arkeologar, i 1879 og 1958. Ved utgravinga i 1958 fann dei restar av den gamle haugkanten og kunne fastslå at haugen opphavleg har vore ca. 20 m i tverrmål. Det vart funne spor etter ei båre eller ein kistebotn. Men leivningar av kongen sjølv eller sverdet hans, «Kvernbit», som han etter soga skal ha fått med seg i grava, vart ikkje funne. Vi har såleis ingen andre prov enn tradisjonen for at det er Håkon den gode som vart gravlagd i denne haugen.

Kongshaugen på Seim vart bygd opp att til 1000-årsminnet i 1961.

Kongsgarden gjekk over til adeleg setegard på 1500-talet under Erik Rosenkrantz, og seinare over i bondeeige. Antikvar Nicolay Nicolaysen skreiv i 1890 om ei gammal stove på denne garden, riven kring 1870. Over døra var det skore ut «Lars Amundssøn 1635». Lokalhistorikaren Johan Litleskare meiner at denne stova kan ha høyrt heime i eit større fleirromshus med sengebu, matbu, stove, eldhus og skykkje liggjande på rekkje; eit anlegg nærare 27 meter langt. Etter tradisjonen var det lem over alle romma eller husa. Det var ikkje rotstove – røykstove – i Seimstunet, slik som på grannegardane. På nokre av sengene i sengebua var det skore ut krot og namn i relieff.

 

Dette minner påfallande om renessansedekoren i «Fjellskålnesloftet» som i dag står på Osterøy museum. Loftet, som var bygd i 1556, vart flytta frå Seim til Fjellskålnes på Osterøy i 1687, gjennom eit arveskifte. Kring 1890 vart det kjøpt av Fortidsminneforeningen og lagra i hagen på Bergen Museum, der det også ei tid var oppsett. I 1948 vart det så gjenreist i museumstunet til Gjerstad Fornminnelag på Osterøy. Renessanseloftet frå Seim gjev oss såleis eit nærbilete av bustadform og handverkskunst på ein storgard i Nordhordland på 1600-talet.

Minst 12 bautasteinar stod i gammal tid reiste i gardkrinsen kring Seim. På Seimsvollane, like nord for meieriet, stod 8 på ei rekkje. Alle er no borte. På Vatne står framleis to på ein naturleg haug. På Hopland er òg to, men berre den eine står. Vi veit ikkje om bautasteinane i Seimssokna har noko med kongsgarden å gjera, men dei er alle frå forhistorisk tid.

  • Bakka, E. (1958) Kongshaugen på Seim i Alversund, Nordhordland. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 19-35.
  • Frølich, K. (1950) Loftet på Fjellskålnes gjenreist. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 81-86.
  • Frølich, K. (1969) Loftet fra Fjellskålnes på Osterøy. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 168-169.
  • Hardeland, M. red. (1961) 1000-års minnet for Håkon den gode 961-1961. Bergen.

Sjå også

Andre stader i kommunen