Krigsgrav på kyrkjegarden på Gåsland, Bømlo kommune. Nils Jensen Nesse - "Fall for Norges sak. Ditt minne skal aldri dø."
Datering
2005
Fotograf
Ukjend
Eigar
Annbjørg Legland

Nordsjøfarten - Krigsgrav på Bømlo

"Nils Jensen Nesse (..) Fall for Norges sak. Ditt minne skal aldri dø." Desse orda står på ein gravstein på den nedlagde kyrkjegarden på Gåsland, nord på Bømlo. Nesse fall som matros i Den Norske Marine om bord på skøyta "Siglaos". Båten var på veg tilbake til Shetland etter oppdrag på norskekysten då eit tysk fly gjekk til angrep.

Biografi i Våre Falne

I åra 1949-1951 gav den norske staten ut firebindsverket Våre falne. Om Nils Jensen Nesse står:

"Nils Johansen Næsse, matros, Bremnes. Født 8. september 1918 i Finnås, s. av Johan Jensen Næsse, f. 1891, og Hanna født Simonsen, f. 1895, begge i Finnås. Kystskipperskole. Drev fiske til han reiste over til England i begynnelsen av august 1941. Ble utskrevet som dekksmann i Den Norske Marine. Tjenestgjorde på Shetlandsruten. Omkom 29. oktober 1941 da båten ble angrepet av tyske fly, på veg fra Norge til Shetland. Gravlagt på Shetland."

Det korrekte namnet er Nils Jensen Nesse, og han døydde 28. oktober 1941, ikkje 29. Nesse vart fyrst gravlagd på Shetland, men flytta heim i 1948.

Hendinga

Skøyta "Siglaos" gjekk i oktober 1941 ut frå Shetland på oppdrag til Bømlo. Nils Nesse var ein av mannskapet. Bård Grotle frå Bremanger, Sogn og Fjordane, var maskinist. På tilbakevegen gjekk skøyta frå Øklandsvåg like før midnatt 27. oktober. Sju flyktningar var med, mellom dei ei sjukesyster. Veret vart dårleg og dei måtte stua bort antiluftskytset. I grålysinga om morgonen 28. oktober hadde ikkje båten nådd lenger enn vel 80 km frå kysten. Nils Nesse stod til rors.

Brått dukka eit tomotors fly opp frå sør og gjekk til angrep. Nesse vart truffen i hovudet og i foten. Ved hjelp av sjukesystera vart han bandasjert og stelt, men livet stod ikkje til å redda. Han døydde etter ein time utan å ha kome til medvit.

Image
Nils Jensen Nesse, fødd 8. september 1918. Han var matros på skøyta "Siglaos" i Nordsjøfart. På veg tilbake til Shetland 28. oktober 1941, vart "Siglaos" angripen av eit tysk fly. Nils Nesse, som stod til rors, vart truffen og døydde ein time seinare utan å ha kome til medvit.
Datering
1940-1941
Fotograf
Ukjend
Eigar
I Våre falne/Fylkesarkivet

Gravlagd ved Lunna kyrkje

Nils Nesse var den fyrste som let livet i den organiserte fraktfarten mellom Shetland og Noreg. Den britiske offiseren David Howarth fortel om gravferda i boka The Shetland Bus:

"In a morning of calm and winter sunshine we buried him at Lunna, in the graveyard of the ancient church below the house. There was nobody to conduct his funeral in Norwegian; but many of the other young ones wept as the Scottish service, which they could hardly understand, was read in the sombre grey stone church. After the commital the Last Post was sounded, and one of the men started to sing the Norwegian National Anthem. All joined in. I saluted the grave and the other officers present followed suit."

Omsett: Vi gravla han ein stille og solfylt vintermorgon på kyrkjegarden ved den gamle kyrkja nedom huset [Lunna House]. Der var ingen som kunne seia fram gravferdsritualet på norsk, men mange gret då den skotske seremonien - som dei knapt nok kunne forstå - vart halden i den vesle steinkyrkja. Etter ritualet og orda The Last Post [siste honnør for ein fallen soldat] stemde ein av mennene i den norske nasjonalsangen og alle song med. Eg gjorde honnør ved grava og dei andre offiserane gjorde det same.

Image
Nils Nesse vart gravlagd i månadsskiftet oktober/november 1941 på kyrkjegarden ved Lunna kyrkje på Shetland. Han vart flytta heim til Bremnes og gravlagd på kyrkjegarden på Gåsland 31. mai 1948.
Datering
2005
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet

Flytta heim

Nils Nesse vart flytta heim frå Shetland våren 1948. I ein "kyrkjeprotokoll" står fylgjande:

"Vart drepen av granatsplint om bord i M/K Siglaos, på tokt over Nordsjøen 28.10.1941. Urna heimførd og gravlagd på Gåsland 31.05.1948."

Den andre gravferda

I 1985 hadde Haugesunds Avis eit større oppslag om Nils Nesse. Avisa hadde intervjua broren, Jacob Nesse. Jacob fortalde mellom anna om den andre gravferda til broren.

"På den tida var det vanleg å starta gravferda heimante. Denne gjekk frå kyrkja på Bremnes til den gamle kyrkjegarden på Gåsland. Marinen sende ein MTB med seks-sju marinegastar som danna ei flaggborg. Dei bar flagga heile den lange vegen frå kyrkja, rundt vatnet til gravplassen på Gåsland. Og der fekk Nils sin siste kvilestad - den 31. mai 1948."

Krigsgrav

Kyrkjegarden på Gåsland er pr. 2006 ikkje i bruk. Men gravstaden blir slegen og halden vedlike. På grava til Nils Nesse står ein vakker gravstein. Innskrifta ber bod om at det er ei krigsgrav: "Fall for Norges sak * Ditt minne skal aldri dø"

Norske krigsgraver i Noreg

Grava til Nils Nesse er ikkje automatisk freda som krigsgrav. Fredingsreglane for norske krigsgraver er, i korte trekk, at norske krigsgraver i utlandet er freda og tekne vare på gjennom Den norske krigsgravtenesten (som også har ansvar for utanlandske krigsgraver i Noreg). For at norske krigsgraver i Noreg skal få status som verna krigsgrav, må det gjerast særskilt vedtak av dei lokale forvaltningsorgana for kyrkjegardane, dei kyrkjelege fellesråda. Vi kjenner ikkje til om grava til Nils Nesse er freda som krigsgrav ved særskilt vedtak i Bømlo fellesråd.

Meir om Shetlandsfarten

Den organiserte fraktfarten mellom Shetland og Noreg byrja under britisk leiing hausten 1940. Sommaren 1941 vart operasjonane trappa opp og basen flytta frå Lerwick til Lunna, kring fire mil lenger nord. I 1942 vart verksemda underlagt norsk leiing som Norwegian Naval Independent Unit. Same året vart basen flytta til Scalloway. Hausten 1943 vart skøytene skifta ut med tre ubåtjagarar. Mannskapa vart seinare omtala som Shetlandsgjengen. Den best kjende skipperen i Shetlandsgjengen er Shetlands-Larsen, bergensaren Leif Larsen.

David Howarth

Marineoffiseren David Howarth (1912-1991) vart nestkommanderande for The Shetland Bus våren 1941. I praksis var han leiar og sjef på basen i Lunna og seinare i Scalloway. David Howarth oppnådde fleire heidersteikn. Noreg heidra han med St. Olavs Ordenen 1. klasse, det høgaste heidersteiknet ein utanlandsk statsborgar kan få.

Skreiv boka The Shetland Bus

David Howarth skreiv boka om The Shetland Bus, den organiserte trafikken mellom Shetland og Noreg under andre verdskrigen. Boka kom fyrste gong ut i England i 1951. I 1998 kom boka i ny utgåve på forlaget The Shetland Times Ltd. Her har sonen Stephan Howarth skrive eit etterord.

Image
David Howarth skreiv bok om den organiserte trafikken mellom Shetland og Noreg under krigen. Boka kom ut i 1951. Ei ny utgåve kom i 1998.
Datering
2006
Fotograf
Bjarnhild Samland
Eigar
Fylkesarkivet


Våre falne. Bind 3. 1949-1951.
Howarth, David: The Shetland Bus. 1951. Ny utgåve.1998.
Avisa Sunnhordland. 01.06.1948.
Haugesunds Avis. 16.03.1985
Informasjon frå:
Bømlo kyrkjelege fellesråd.
Annbjørg Legland, Bømlo.
Bømlo folkebibliotek.