Striaste fossen i Jølstra er Stakaldefossen, som er temja til kraftproduksjon. Men vi ser at det finst fleire fossar som er strie og bråkande ved god vassføring. Dei kan forklare at Jølstra ein gong heitte Jalma, "ho som gjallar/bråkar".
Datering
2009
Fotograf
Arne Aasland
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Om namnet Jølster

Både i Ryghs Norske gaardnavne (1918) og Eivind Vågslids Stadnamntydingar 2 (1974) finn vi tilløp til forklaring av namnet Jølster. Dei knyter seg til elv og vatn. Bygdebokforfattaren Albert Joleik har derimot prøvd å forklare namnet ut frå ein plantesort. Denne artikkelen fører vassdragtolkinga vidare, men lesaren må ta den som eit forsøk for underteikna si rekning.

Problemet

Namna Jølster, Jølst, Jølstra og Jølstravatnet heng språkleg saman. Stammen ser ut til å vere jølstr sidan ein ikkje snakkar om jølstingar. Kva dette ordet kjem frå, må vi rekonstruere fordi dei eldste formene, frå 1300-talet, ikkje seier nok. Utgangspunktet ligg truleg langt over 1000 år tilbake. Ei vellukka tolking bør få alle formene på plass.

Vatn og elv

Dei eldste formene av jølstr gjeld bygdenamnet. Elvenamnet finn vi stava som Jylster elv og liknande i eldre dokument. Det tyder på at folk sa Jølsterelva eller Jølstraelva, og at Jølstra er ei kortform av dette frå dei siste 2-3 hundreåra. Jølstravatnet er utan tvil eit sekundærnamn til bygdenamnet. Kva er då utgangspunktet for bygdenamnet? Sidan vatnet dominerer Jølster, og den vassrike elva er strengen mellom bygd og sjø, er det svært sannsynleg at namnet har med vassdraget å gjere. Jølstr er heller ikkje gardsnamn eller grendanamn, og må då vere knytt til ein fellesnemnar for bygda. Nettopp elvar og store vatn fekk namn svært tidleg.

Jolmstar i 1338

Frå ei rettsak i Breim i 1338 har vi den eldste kjende forma av bygdenamnet. Saka galdt rettane jolmstar verir (jølstringane) hadde til naust og beite på Sandane. Jolmstar er eigeform, anten feilstava (for Jolmstrar) eller eit uttrykk for uttalen blant folk. Då blir grunnforma (nominativ) Jolmstr. Dokumentet er heller ikkje eintydig på o-lyden. Men berre o med kvist (kort å-lyd) gir oss eit spor. Jolm kan då vere eit substantiv av å jalma, som tyder gjalle, brake, ljome. Vi kjenner det frå engelsk jam session. Verbet peikar mot elva, som har mange strie stryk og den lange Stakaldefossen; støtande foss, som Vågslid har tolka den. Jølstra kan då ha hatt namnet Jalma, ho som brakar. Kanskje galdt namnet også Jølstravatnet. Nokre forskarar skal ha nemnd linn susing som ei sidetyding av å jalma. Det passar på vatnet.

Joluister i 1367

Vi har endå ei gammal form, Joluister, frå 1337. Den finst i ei avskriving frå 1500-talet. Forskarane har meint at her ligg ein feil. Forma skal vere Jolmster. Men ein skrivar frå 1367 har og god kunnskap om gammalnorsk, og kan ha skrive noko reelt om opphavet til ordet. Vågslid ser her ei mogleg forklaring på endinga -str, som er eit hovudproblem i Jolmstr-namnet. Endinga finst i nokre stadnamn, som til dømes Luster og Isteren, men er gåtefull.

Jolmuvistr ?

Joluister set Vågslid på ordet vistr, som tyder buplass med mat, seinare føderåd. Viste er gardsnamn i Randaberg (med Vistehola) og på Voss, begge med gammal busetting. Det bør eigne seg som bygdenamn. Jølster-namnet kan då vere ei samansetting av Jolmu, eigeform av Jalma og vistr, altså buplass med mat ved Jalma. At det var råd å bu så langt frå sjøen, må ha vore eit springande punkt då folk busette seg i innlandet. Namnet blir då både rettleiande om lokaliseringa og ein slags reklame. Her var mat nok.

Forklaring

Formene Jolmstr og Joluister ligg nær kvarandre i tid, men er tilsynelatande svært ulike. Ei forklaring kan vere at begge skrivarane visste noko om opphavet til namnet, som var under radikal forenkling. I folkeleg uttale var uttalen alt blitt Jollster. Første skrivar la inn att m til Jolmstar, siste skrivar eit fyldigare andreledd -uister til Jolluister. Når vi støyter på namnet sidan, er forma stabilt Jøllster, der o har opna seg til ø.

Nytt elvenamn

Jolmuvistr var brote ned til Jollstr, kunne folk ikkje lenger høre at elvenamnet Jalma låg inni bygdenamnet. Men det var viktig å ha eit elvenamn som knytte seg til bygdenamnet. Bygdenamnet var no eit betre særmerke for elva enn at ho jalma. Dermed kom forma Jølstraelva, som sidan blei forenkla til Jølstra. Ein parallell til dette er Nausta i Naustdal. Ei elv kan ikkje nauste, og opphavet må vere Naustdalselva som så har fått ei kortform.

Innsjøen

Jalma kan ha vore namnet også på det store vatnet frå starten av. Men meir sannsynleg er forma Jolmu sær (sjø). For ordet sær har vore aktivt i området. Vi veit at Holsavatnet var ein sær, og vi finn garden Seim (av Særheimr) ved Breimsvatnet. Ved Jølstravatnet er namnet Sægrov ein mogleg rest av at ein omtalte vatnet som sær. Men også dette namnet blei det betre å knyte direkte til bygdenamnet, som Jølstravatnet.

Image
Det tre mil lange Jølstravatnet ligg med bygda rundt seg. Det er svært truleg at nettopp elva, og vatnet, er opphavet til bygdenamnet. Kanskje heitte vatnet før "Jolmu sær".
Datering
2009
Fotograf
Arne Aasland
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Jølster og jølst

Etter vanleg språkutvikling, skulle forma Jollstr ha mista -r etter gammalnorsk tid. Det skjedde ikkje. Forklaringa kan vere at ein oppfatta ordet som eit særnamn og heller skaut inn ein e for å lette uttalen. Joluister 1367 er eit vitnemål om det. Kanskje hadde ein ei kjensle av at r høyrde med fordi den var innarbeidd i jølstring og eigeforma jølstra-. Også dativ levde vidare i jølstramålet. Dativforma, etter preposisjonen , skulle teoretisk bli Jollste ut frå viste. Men sidan forma var tydeleg nok utan e, fall ein truleg ned på Jollst ganske raskt, kanskje alt før samantrekkinga av namnet. Varianten Jølst, som mange jølstringar likar å bruke, bør ein då reservere til uttrykket på Jølst, slik praksis stort sett er.

Konklusjon

Med eit visst atterhald for at det er verbet jalma som ligg i Jolmstar, og eit større atterhald for å lese vistr ut av forma Joluister, har vi då ei forklaring på korleis Jølsternamnet og sekundærnamna er blitt til. Opphavet ligg i den brakande elva og i at området kring elv og vatn gav grunnlag for fast busetting. Jolmuvistr var buplassen med mat ved elva Jalma.
 


Rygh, Oluf: Joleik, Albert: Vågslid, Eivind: