Oppgangssagene som kom i bruk i fjordbygdene på 1500-talet revolusjo nerte tømmerproduksjonen, og dette førte til rovhogst på fin furuskog. Gjennom 1600-talet vart skogen i Hardangerområdet på det næraste uthoggen. Kartet viser oppgangssager på 1500-talet og lasteplassane for tømmer i 1597.
Dei grøne prikkane viser dei oppgangssagene som kom til i åra 1603-1650. Hundre år seinare, i 1753, var denne Klondyke-perioden over. Då vart tollstasjonen i Eldøyvågen på Stord nedlagd.