Ly(d)hammaren ved Bergsetstøylen
Datering
2014
Fotograf
Arne Myklebust

Rope, hue, kanne, kalle, lokke, gaule, jodle og lyde

Kommunikasjon i eldre tid – før mobiltelefonen kom.

«Å hue» er «å rope». Om Hujarsteinen på Vanberg fortel dei at dei herifrå kunne huje heim og gje beskjed om kvar dyra var når dei var på beite. Frå Huaren på Avlein i Olden ropte dei på kyrne, det same gjorde dei på Huehogen på Brynestad i same bygda. På Huarhogen i Bremanger står det at dei «kauka» på kyrne. Der finn vi og Huarheia. Det finst mange huar-namn i Fjordane, om Huarsteinen på Eid er det fortalt at seterjentene samlast og hua og song for å varsle bygdefolket om at buskapen kom frå setra. Frå Huarhaugen i Balestrand ropte dei ned til Tussvikgarden dersom det var noko gale på stølen. På Hujahella, ei steinhelle langt oppe i fjellet i Vik, stod dei og ropte heim.

Når Johanne frå nabogarden min på Roset i Stryn lokka på kyrne, stod ho ofte på Lydehammaren. Ho hadde fin songstemme, og lokkinga hennar lydde lang veg. Lydehogen finn vi både på Sindre i Markane og i Hornindal, der dei lydde eller lytta etter kyrne.

Namnet finst mange stader. I Jølster klatra dei opp i Lydefura og ropte på kyrne.. I Vik heitte det Lydarhaug, og i Aurland og i Lærdal kort og godt Lydet. Ly(d)hammaren ovanfor Bergsetstøylen hadde kanskje same funksjon, men fleire meiner at namnet vart til fordi der var godt ekko. Folk ropte ofte når dei gjekk forbi, og fekk «svar». Til Lyhammaren i Luster har dei ei anna forklaring, dei meiner namnet kjem av at krøttera fann ly her.

Image
Deltaker i lur- og kollestevne i Alvdal i Hedmark. Publisert i Billedbladet NÅ. 
Datering
1952
Fotograf
Arne F. Køpke
Eigar
Riksarkivet
Lisens
CC BY-SA

Namn på Ljø- og Ljom-

På Gjørven i Stryn finst og eit namn på ein hammar som truleg har med lyd å gjere: Ljøhammaren. Eit liknande namn, Ljødalshola, finn vi på Øvre Flo, også i Stryn. Ivar Aasen skriv at «å ljøa» = å ljoda, lyda. Eit liknande verb, som framleis er mykje brukt, er «å ljome». Det finn vi brukt i Leikanger: Ljomhammaren, også skrive Jomhammaren (etter uttalen). Jf. Fjell-Ljom, lokalavisa på Røros og spelemannslaget Fjelljom i Stryn.

Image
Kartutsnitt Ljomhammar ved Stokksete på Leikanger

Kadlingflaten og Jodlesteinen

Mange av oss har nok høyrt at budeia kalla på kyrne. Dette skjedde både på Kallarhammaren på Avlein og Kallhammaren på Sølvberg, begge i Stryn. På Lote finn vi Kallasvadet. «Kall-» kan også vere «kårkall, gammal mann», slik som i namnet Kallebryggja i Askvoll (samlingsplass for eldre mannfolk i godt ver!) I Kallsteigrustane i Årdal kalla dei på geitene, og på Kallestad i Balestrand kalla dei dyra inn i kveer, så ikkje bjørnen skulle ta dei. Dei brukte faklar for å skremme bjørnen, og ropte: «Elden, felden og kulao i bådl». I Luster finn vi og Kadlingflaten (Kalling-). Frå denne flata kunne dei sjå dyra og kalle på dei. I same kommunen gjorde dei visst endå meir ut av det – dei jodla! I Jodlane låg Jodlesteinen, der dei sat og lokka på kyrne.

Lokkemyra, Gaularberget og Glorhogen

Å «lokke på kyrne» var eit mykje brukt uttrykk. Truleg er det dette uttrykket som er bakgrunnen for namnet Lokkemyra i Randabygda, men det har eg ikkje fått bekrefta. Eit stykke vest for Heggdalsstøylen i Innvik ligg Gaularberget, der dei tydelegvis «gaula» på kyrne. Gaulåsskaret ligg og i nærleiken. Men dei måtte ikkje berre lyde for å vite kvar krøttera var, det var nesten viktigare å finne eit godt utsiktspunkt. Namnet Glorhogen finst fleire stader, bl.a. på Avlein. Same namnet finst i Angedalen i Førde – god utsiktsplass for å sjå etter dyra.

Ropeholten og Ropinga

I Ytre Sunnfjord finn vi fleire namn med «å rope», der dei ropte etter båtskyss. Dei ropte tvers over vatnet etter båt frå Roparhammaren i Hyllestad, det same gjorde de ifrå Roparhogen i Fjaler. Frå Ropeholten i Naustdal hua og ropte dei om båtskyss over Vonavatnet. Frå Ropinga i Fjaler om båtskyss til Sande. Dei ropte til støylen frå Ropet i Flora. I Årholen heiter ein fjellknaus Ropen, men utan nærare forklaring.

Image
Kannesteinen i Oppedal, Vågsøy
Datering
2006
Fotograf
Arne Myklebust

Kannesteinen og Kanningane

Kannesteinen i Oppedal ved Måløy er blitt turistmål, og har fått sin eigen konjakk. Bygdefolk kallar den også for Kannestolen (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Forma er eineståande, men ikkje namnet. Han har nok ikkje fått namnet fordi han liknar på ei kanne. På norrønt språk hadde verbet «kanna» tydinga «læra å kjenna, ransaka, sjå etter.» Kannesteinen finst både i Gloppen, Jølster og Hornindal. I Askvoll heiter den Kannarsteinen og i Aurland Kannasteinen. Felles for alle er forklaringa på namnet, folk (gjetarane?) steig opp på denne høge steinen for kjenne att eller telje kyr eller smale. Både i Aurland og i fleire bygder var nok verbet «kanna» i bruk fram til nyare tid, dei sa: «å kanna beisti». Ved Kanningane i Lærdal «måtte alle kyr gå forbi og bli talde». Det same ved Kannehella i Jølster. Til det svarar substantivet «kann n» = undersøking, opptelling, som framleis blir brukt på Shetland.

Ordet «kanne» kan sjølvsagt bety noko anna, slik som det er brukt i namnet Kanneteigen i Sogndal, der slåttekaren fekk ei kanne brennevin for arbeidet.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag (Digital utgave)
Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget
Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug (Digital utgave)
Wikipedia: Lokk (Digital utgave)