Føreord
Kapringa av nordfarjekta (jekt, føringsbåt, handelsjekt frå Nord-Noreg) fann stad under Napoleonskrigane. Danmark/Noreg heldt seg lenge nøytralt, men kom i 1807 med i Napoleon-alliansen. Tvillingriket kom straks i krig med England og frå mars 1808 også med Sverige. Krigstilstandet med England ga seg utslag i sjøblokade og utrygge tilhøve på norskekysten. Det blei oppretta eit kystvern, og ofte ordna slik at norfarjektene gjekk i fylgje over opne havstykke. Handelsferder frå Nord-Noreg til Bergen hadde lang tradisjon. Jekter av ulik storleik førde turrfisk og andre fiskeprodukt til marknadar (stemne) i Bergen, i byte mot korn og andre varer.
Stemneferder i ufredsåra 1807-1814
Overskrift: «Stemneferder til Bjørgvin [Bergen] i ufredsåra [1807-1814]».
«Nordfarskipparane hev med sine råsegljægter halde uppe samhandelen millom Nord-Norig og Bjørgvin. Desse ferdene lagde dei ikkje ned trass i ufred og naud på mange måtar. Peder Andreas Jensen, Olderfjord i Skjervøy; var bestefar til los Johansen, Loppa, Han var med jægt til Bjørgvin i alle dei 12 år det var ufred 1800-1812 (sic.).
Utrygt på Stadhavet
Då låg «Engelsmannen» ofte på Stadhavet. I den tid laut dei jamnt fara den indre leid [innaskjers] so mykje som råd var. På ferd til Bjørgvin tok dei tidleg ut kvart år. I Finnmark hadde dei fisken [turrfisk] liggjande frå det eine året til det andre. Det var jamnast fyrst i mai at dei for mot sud. Då var ikkje «Engelsmannen» komen under den norske kyst. Dei kjende seg nokolunde trygge på det. Men når dei skulde nordetter att, laut dei vera mykje meir vare [varsame, på vakt].
Mange jekter venta ved Silda
På heimferd låg dei ofte lange tider på Silda i Stadhavet. Det var låk [ikkje god] hamn. På Silda hadde dei ofte stort bal med å bera saman so mykje stein at dei fekk litande feste for sine landtog. Havbåra kom tung mot land. Skipparane hadde ofte stor otte for å finna åburd [landfeste] når dei laut taka hamn i uvêr. Av mannskapet vart ein av dei sterkaste og djervaste karar uttekne til å ro i land lina. Det var andsvarsfull post. Det var menn som hadde slike postar i lange tider so dei vart vel kjende med landet på dei ymse stader.
På Silda låg nordfarjægterne so lenge til det vart retteleg uvêr. Då laut «Engelskmennerne» sigla frå land. Når so stormen hadde stade ei tid og veret tok til å spakna, siglde nordfarmennerne yver Stadhavet. Ingen stad på kysten samla nordfarjægterne seg so mykje som ved Silda. Der løyste dei ofte i store fylgje. Mang ein djerv nordlending hev strekt skauti [segla] sine gode på Stadhavet anten det var i kappsegling med kjenningar – eller det var til å koma seg unna engelske herskip.
Jekt frå Lyngen vart teken
Bestefar til Johansen var med Samuel Giæver frå Maursund. Han vart aldri teken av «Engelskmennerne.» Kiil i Djupvik i Lyngen hadde og jægt. Ho vart teki på Stadhavet. Sonen, Søren Kiil var med. Han livde sine siste dagar på Sandland [fiskevær i Loppa]. Og han hev ofte tala om dette til los Johansen. Dei kom frå Bjørgvin lasta med vara [varer] til folk i Lyngen. På Stadhavet vart dei praia av ein stor engelsk bark. Engelskmennerne sette båt ut. Dei kom roande til jægti.
Prisemannskap og ordre om å gå til England
Umbord i jægti var 12 mann med styrmannen [i røynda skipperen, jekteføraren]. Ein finn [same] hadde flinterifla. Han skaut 3 engelsmenn i båten fyrr dei kom til jægti. Med det same engelsmennerne kom umbord stakk dei sablar i bringa på finnen og drap honom. Liket kasta dei på havet.
Men dei var fredelege mot deim som ikkje hadde sett seg til motverge. Engelskmennerne sette ein kaptein, ein styrmann og to matrosar umbord i jægti og gav order til at dei skulde styra mot England. Av nordmennerne fekk berre styrmannen vera att på jægti. Dei andre vart tekne umbord i barkskipet.
Vendereis
Dei kryssa mot England i nokre dagar. Men det vart berre motvind. Styrmannen hadde liten hug til å sigla til England. Han var ein dugande sjømann frå Lyngen. Når engelskmennerne sov, gjekk han fram i halsen på jægti og slog nokre bord lause i stamnen so sjøen rann inn. Då det hadde ronne so lenge at det synte i jægti, gjekk han stad [og] vekte kapteinen og sagde at jægti var vorti lek.
Dei leitte lenge før dei fann skaden då han ingen ting ville segja. Men når dei fann det, var det snart vølt so mykje at jægti vart tett att. Dei laut fira seglet medan dei arbeidde med dette. Når dei so skulde hissa seglet, gjekk lauparskiva (lauparen) sund, so dei ikkje fekk seglet upp. Dei kunde berre lyfta det lite grand yver ripi på kvar sida so mykje dei kunde styra mot land. Kapteinen [engelskmannen som hadde kommandoen] gav kurs for Nidaros [Trondheim].
Nådde inn til Nidaros (Trondheim)
Dei møtte først ein skonnert som dei praia. Men han stogga ikkje endå dei hadde naudflagd uppe. Seinare møtte dei ein engelsk skonnert som tok kapteinen og den engelske styrmannen umbord. Dei 2 matrosarne fekk den norske styrmannen hava. Dei kom vel til Nidaros. Der sette dei jægti og riggen i stand.
« og kom vel heim til Lyngen»
Styrmannen tenkte fyrst at han vilde selt jægti og farmen [lasta] i Nidaros. Men so kom han ihug alle dei fatige fiskarane som kom til å lida naud um han ikkje kom heim med vara frå Bjørgvin. Han tok so ut på ferd att og kom vel heim til Lyngen. Dei to engelskmennerne var med honom. Når det vart fred, for til tilbake til England.
Nordmennerne som vart tekne på Stadhavet, var eit år som fangar i England. Dei fekk ganga frie um dagen. Men dei var under stadig uppsigt. Når ufreden enda, kom dei alle tilbake til Noreg.
Los Johansen, Loppa
Aug. 1922»
Ordforklaringar:
Bjørgvin – ei anna namneform for Bergen
nordfarskippar – eigar, av og til også førar/kaptein, av jekt som gjekk turar frå Nord-Noreg til Bergen med turrfisk og andre fiskeprodukt eine vegen, og korn og ymse anna andre vegen
råsgeljekt – seglfartøy rigga med råsegl, firkanta segl festa i tversgåande rå på masta
åburd – namn på landfeste, enten laga til med steinar og påle, eller naturleg lagleg feste, t.d fast stein
naudflagd – flagg som signaliserer at farkost/skip er i naud/treng assistanse
stemneferd – anna ord for handelsferd, frå Nord-Norge til Bergen, til fastsette tider vår/sommar og haust (vårstemne, hauststemne)
Etterord
Anders Skaasheim si historie om nordfarjekta frå Lyngen byggjer etter alt å døma på EI munnleg kjelde, «los Johansen» frå Loppa. Losen hadde historia frå bestefar sin. Skaasheim viser ikkje til andre kjelder
Nettstaden «Chr. IV Danmark/Norges Krige 1523-1814», kapittel «Krigs og nødårene optil 1814» har eit avsnitt om kapringa. Her går det fram at jekta «Magdalena» segla til Bergen 30. april 1811 med Søren Kiil frå Lyngen som skipper (jekteførar). Utpå sommaren tok «Magdalena» fatt på heimturen frå Bergen saman med ei anna nordfarjekt, «Inger Secilia», førd av Jeremias Figenschou frå Hessfjord (Karlsøy kommune). Begge blei kapra «ved Stad» og slept til havs. «Men», står det, "på sin egen måde" var jekten [«Magdalena»] alligevel kommet ind under kysten igen, og var siden blevet ført af Figenschou.» Og 28. august (1811) kom «Magdalena» inn til Tromsø. Nettstaden viser til «Tromsø toldbøger» som kjelde. På nettstaden står det:
«Når en jekt var kapret, blev som regel besætningen og det mest værdifulde af lasten taget ombord i det engelske skib. Men den tunge jekte var som regel alt for besværlig at slæbe med over Nordsøen, den blev derfor slæbt nogle kilometer til havs og siden sluppet. Enkelte jekter
blev således bjerget i land igen. (…)
På denne måde kan man også forklare følgende historie, som findes nævnt i Tromsø toldbøger: Den 28. august 1811 kom skipper Jeremias Figenschou af Hesfjord på nordtur til Tromsø med jekten "Magdalena" som 30. april var afsejlet til Bergen, ført af Søren M. Kiil fra Djupvik i Lyngen.
Jekten havde en last af forskellige varer som korn, mel, tobak og snøre, men disse varer kunne ikke specificeres, da passer sedlen fra Bergen med flere papirer var taget af englænderne, som
kaprede jekten og dens mandskab ved Stad. Men "på sin egen måde" var jekten alligevel kommet ind under kysten igen, og var siden blevet ført af Figenschou.Han havde på nordgående fra Bergen ført sin egen jekte "Inger Secelia" på 13 læster, men den blev sammen med Kiils kapret af englænderne, som siden sejlede ud i havet med den, og senere havde man ikke set det ringeste til den. Hvordan Figenschou selv var kommet fri, ved vi ikke. Søren Kiil og hans mandskab blev ført til England.»