Ersholmen sett frå fastlandet med øya Selja i bakgrunnen til venstre. 

Ersholmen seen from the mainland with the island of Selja in the background to the left.

Datering
2008
Fotograf
Frokor
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
CC BY-SA

Skog og minnestein på Ersholmen

På Ersholmen mellom fastlandet og Selja vart første freistnaden på skogplanting i Selje gjort av sokneprest Johan Daniel Stub Landmark i 1876.

Presten som planta eit varig minne etter seg

Sokneprest Johan Daniel Stub Landmark (1820 - 1882).

Vicar Johan Daniel Stub Landmark (1820 - 1882).

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Os, Edvard: Selje og Vågsøy.

Johan Daniel Stub Landmark var fødd i Fjaler i 1820. Han vart sokneprest i Selje i 1875, og døydde der i 1882. Han var gift med Elisabeth Laurense Rein, dotter til diktarpresten og Eidsvoll-mannen Jonas Rein. Landmark ga ut fleire lærebøker i rekning og rettskriving. I Selje sette han eit varig minne etter seg då han i 1876 fekk planta skog på den skogfrie Ersholmen. Dette vart ei god prøve på skogplanting i eit barskt kystklima.

Ersholmen og skogplantinga

Ersholmen ligg vêrhardt til for mest alle slags vindretningar, og grovsjøen vaskar ofte langt innover den vesle holmen. Jorda var svært sur og våt, difor måtte det grøftast før plantinga kunne ta til. Deretter vart det planta 500 buskfurer, 500 vanlege furutre, 200 kvitgraner, 100 vanlege grantre, 400 lerketre, 24 asketre, 24 svartor og 12 eiketre. Det vart dessutan sådd frø av svartor, bjørk, lønn, rogn og asal. Skogen voks og trivdes, og ei tid vart det drive hogst på Ersholmen.

Nyttårsorkanen i 1991

Etter kvart som skogen voks seg høg og tett, gav han fastlandet innafor god livd for vinden. I meir enn 100 år stod mesteparten av trea der og trassa all slags vêr, men under nyttårsorkanen i 1991 gjekk det hardt ut over skogen. Ennå i dag ligg det svære vasar av store, rotvelta tre på heile området, og inne frå fastlandet kan ein tydeleg sjå at skogen er vorten meir glissen.

Minnstøtta på Ersholmen

Minnestøtta over sokneprest Landmark står i ein liten bjørkelund i sjøkanten på innsida av Ersholmen.

The memorial stone commemorating the vicar Landmark is located in a small copse of birches on the east side of Ersholmen.

Datering
2001.
Fotograf
Borgny Dam-Nielsen.
Eigar
Eigar:Borgny Dam-Nielsen.

Skogverget reiste ein minnestein på Ersholmen over sokneprest Landmark. Den om lag to meter høge steinen står på sørsida i ein bjørkelund heilt nede i sjøkanten.

Følgjande tekst er hogd inn i steinen:

Johan Daniel Stub Landmark
Sognepræst til Selø
1875 - 1882

Sin moders brøst han dække vil
Det er en kjærlig tanke
Henr. Wergeland

  • Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band 1. Oslo 1957. Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Oslo 1957.