Gamlestølen heiter ei slette eit stykke framme frå Fadnastølen. Her var det støl før Fadnastølen lenger heime, og enno syner spor etter steingjerde og hustufter.
Fotograf
Hermund Kleppa.

Fadnastølen

Fadnastølen ligg på austsida i Njøsadalen under Kvannskar ca. 500 - 550 meter over havet. Fram til siste halvdel av 1900-talet var den nytta som heimestøl for sju bruk i Njøsagrendi.

Gamlestølen

Frå gamalt låg sela på Fadnastølen om lag 300 m lenger framme enn i dag. På 1800-talet tok ei snøskred med seg sel og fjøsar, og stølsdrifta vart flytta lenger heim der den heldt fram til 1947. Ein finn enno murar etter den gamle stølen som hadde ein flat og fin selbø, medan terrenget er meir kupert der stølen ligg no.

Naturtilhøve og tilkomst

På Fadnastølen kjem sola seint på grunn av fjellet. Dogga vert liggjande i graset utover føremiddagen, og det var godt morgonbeite til kyrne. Morgonen var òg beste tida for å slå stølsgjerda, for ljåen beit godt når det var vått i graset. Dei vanlegaste grassortane på Fadnastølen er finnskjegg, harerug og sølvbunke. Desse turkar lett, og viss vêret var godt, vart det turka flatt.
Kløvjavegen gjekk frå Kvålen og fram i Njøsadalen til Vetlagjerdet, og vidare oppover Åsane. Vegen opp Kleivane under Seljeskredfjellet og over Fleken vart og brukt, men den var tyngre og brattare.
Vasstilhøva er ôg svært gode på Fadnastølen. Frå heimste Havravatnet renn det ei grov mellom sela til Per Opthun (gnr. 20-1) og Johs. O. Njøs (gnr. 24-7), og lenger heime kjem eit par grøver ned frå Kvannskar.

Image
Nedste delen av stølsområdet med gamalt sel, høyløe og hytte av ny dato. Området nærast i biletet inn til steingjerdet, er ein del av ein slåtteteig under gnr 24-7 som vart nytta til fyrst på 1960-talet.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stølsdrifta

På Fadnastølen vart det drive tradisjonell stølsdrift med ysting og kinning. Enkelte somrar kunne det henda at det vart buført i byrjinga av juni, andre somrar seinare. Ein pla som regel vera komen til heimestølen til jonsok. Alt av utstyr som skulle nyttast, vart kløvja fram. Mesteparten av arbeidet vart gjort med handemakt, og lite var tilrettelagt for dei som var på stølen. Dei som ikkje hadde sitt eige sel, sette opp ein fjøs og leigde ei budeie. Nokre av budeiene måtte difor sortere mjølka slik at kvar fekk sitt. Enkelte av sela var bygde oppå fjøsen. Då var det lett å merka viss beista var urolege. Søren Opthun sette opp ei uteløe på Fadnastølen. Han slo i Kvannskar og sende høyet ned på rennestreng. Denne løa står framleis i dag.

Image
Høyløe litt lenger ned på stølsområdet. Høyet frå denne løa vart drege med handemakt eit stykke sørover og derifrå sendt på løypestreng heilt ned på Moane.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Image
Løa er framleis i bra stand, men byggjevyrket er merka av år og alder.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brukarane.

Dei som nytta stølen var Per Opthun (gnr. 20-1) og Ola Hansson Njøs (gnr. 24-7). Ola Njøs støla til 1940 då sønene tok over gardsdrifta. Desse stølane låg lengst oppe. Olav O. Njøs, eldste sonen til Ola H. Njøs, (gnr. 22-6), hadde stølsrett på Skagasete, men støla i lag med bror sin Johs. O. Njøs.
Nils N. Gjerde (gnr. 22-3) hadde med kyrne til Anders Hagen (gnr. 24-3), og Lars N. Kvalen (gnr. 24-8) hadde med kyrne til Søren Opthun (gnr. 24-9 og Per Klingenberg Knutsen (gnr. 24-4).

Fadnastølen i moderne tid

I 1995 vart det bygd skogsveg heilt opp, og tilkomsten til teigane og utmarka har vorte god. I løpet av dei siste åra har Olav E. Henjesand bygd hytte, og Magne Opthun har reparert det gamle selet som tilhøyrde Per Opthun. Elles står sela til Johs. O. Njøs, Klingenberg Knutsen og Nils Gjerde att, og restane etter murane mellom stølsgjerda.

Image
Rydningsstein vart nytta i murane under sela og i stølsgjerda. Selet i bakgrunnen høyrer til gnr. 24-7. I framgrunnen syner mønet av ei løe for høyet dei slo på slåttemarka like ved, nedanfrå og oppover mot selet. Frå gamalt rekna dei på 36 vintrabørar fòr frå denne teigen. Dei køyrde det heim med hest og slede, og stølshøyet skulle helst vera heime før jul.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Munnleg informasjon frå: 
Magna Njøs Røysum, f. 1933, Leikanger. 
Odd Njøs, f. 1931, Leikanger.
Njøs, Aase: Utnyttinga av utmarksområdet i Njøsadalen. Oppgåve i lokalhistoriestudium. Høgskulen i Sogn og Fjordane.1997.