Fyrlykta på Nornes 2012. Det første fyret vart sett opp i 1855. Det var ein godt fundamentert stolpe der fyrvaktaren klatra opp og kveikte ei oljelampe i eit lyktehus.
Datering
2012
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fyrlykta på Nornes i Sogndalsfjorden

«Fyret på Nornes» er den folkelege nemninga på Kystverket sitt «Lyktehus på underbygning» som står på ytste pynten på Norneset i Sogndalsfjorden. Det første fyrlyset på Nornes vart sett opp i 1855 for ruteskipet DS «Patriot». I åra 1890-1892 var Nils Nordnæs fyrvaktar for Sogn Dampskibsselskab sitt ruteskip DS «Jotunheim», og i 1891 gjekk amtsbåten DS «Kommandøren» på land i fjøra like utom neset, visstnok fordi fyrvaktaren ikkje nådde fram med fyrlykta i tide. Han måtte på do.

DS «Patriot» kravde fyrlykt

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe byrja regelmessig rutefart Bergen - Sogn og Fjordane i 1858. Men då hadde Sogn i mange år hatt sporadiske dampskipsruter Bergen- Sogn. Det privateigde DS «Patriot», registrert i Bergen, prøvde seg i åra 1854 – 1857. Hausten 1854 søkte styret for ”Patriot” Indredepartementet om å få frakta post på ei rute Bergen-Sogn (Lærdal). Sogndal var ikkje med i det vedlagde ruteframlegget, derimot Lunden ved innløpet til Sogndalsfjorden og Ambla (Kaupanger). Året etter sende det same styret brev til Sogndal kommune om at anløp i Sogndal berre kunne skje dersom det vart sett opp fyrlykt på Nornestangen.

Dampskipet "Patriot" av Bergen, innkjøpt for privat kapital, trafikerte Bergen-Sogn og Bergen – Hardanger i åra 1854-1857.  
Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Bård Kolltveit/Mike Bent

Kommunestyret handsama saka 24. oktober 1855 og vedtok å skaffa fri grunn til lykta, kosta oppsetjing og drift, og å halda fyrvaktar. Den same saka vart handsama i møte 20.desember. Då hadde ”Patriot” alt hatt sitt fyrste anløp i Sogndal. Det var kome fyrlykt på Nornes og det var tilsett tilsynsmann. Litt på etterskot refererte ordføraren skriv, datert 29. november, frå ”Chefen paa Dampskibet ”Patriot” om at ”Patriot” kom til å ha sitt første anløp i Sogndalsfjøra 4. desember, og at ordføraren hadde ordna med kontrakt med Knut Olsen Nornæs som tilsynsmann.

Fyrvaktar

Det viktigaste punktet i kontrakten mellom Knut Olsen Nordnæs og Sogndal kommune var at han skulle kveikja fyrlykta på Nornes kvar gong DS «Patriot» passerte i mørke. Oppgåva var å gå til fyret, klatra opp i lyktestolpen, og kveikja oljelampa i lyktehuset. Det er rimeleg å tru at det blei gjort på same måten då Fylkesbaatane kom i 1858, bortsett frå at Fylkesbaatane sjølv ordna med fyrvaktar.

Konkurranse

I 1890 fekk Fylkesbaatane konkurranse på begge Bergens-rutene. Aksjeselskapet Sogns Dampskibsselskab sett inn det splitter nye og moderne skipet DS «Jotunheim». Fleire aksjeeigarar budde i Sogn. Fylkesbaatane svara med å byggja DS «Sogn» lenger og å setja inn eit nytt skip, DS «Kommandøren». Konkurransen enda med at Sogn Dampskibsselskab gav seg etter to år, medan konkurrenten i Nordfjord-ruta måtte slutta etter eitt år.

DS «Kommandøren», bygd 1891 for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane).
Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fyrhistorie i rekneskapsbok

Kontonr. 79 i Nils Nordnæs si rekneskapsbok/økonomibok: «Sogns Dampskibsselskab»
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

År 1900 budde Nils Nordnæs (1854-0000) i «hovedbygningen» på garden Nornes. Han var gardbrukar og laksefiskar. Dessutan dreiv han handel, og førde rekneskapsbok. Kontonummer 79 har namnet «Sogn Dampskibsselskab». Det går fram at Nils Nordnæs var Sogn Dampskibsselskab sin mann på Nornes. Sommaren 1889 kjøpte han to aksjar i føretaket, og han var fyrvaktar for Sogn Dampskibsselskab. Innførslene på kontonr. 79 viser at han fekk 50 øre i godtgjersle for kvar gong han «tendte» fyret. Han «begyndte at tende fyren på Nordnes» 10. april 1890, og heldt fram til årsskiftet 1891/1892, 52 gonger i 1890 og 38 gonger i 1891. Dessutan fekk han sommaren 1890 utbetalt 75 øre for «istandsættelse av fyrstolpen». (Konto nummer 79 i rekneskapsboka til Nils Nordnæs er også ei interessant kjelde til soga om DS «Jotunheim»).

Los Bendiksen

I 1962 gav avisa «Sogn og Fjordane» ut boka «Minner frå sjømannslivet». Forfattaren var Martin Bendiksen (1889-1971), Bergen. Han hadde lang fartstid i Fylkesbaatane, dei fleste åra som los. Eit kapitel har overskrifta «Da «Kommandøren» støtte på Nordnes». Hendinga skjedde før Bendiksen si tid. Han hadde høyrt historia av «gamlekarene» og fekk fleire gonger stadfest at det var rett. Forteljinga inneheld også fyrhistorie:

«greitt svingemerke»

«I «gamle dager» [1890-1892] var det en båt, «Jotunheim», som gikk i konkurranse med Fylkesbaatane. Nordnes ved innløpet til Sogndalsfjorden var svært vanskelig å passere i mørke og landskygge, og derfor hadde Fylkesbaatane plassert en rød lykt på Nordnes for å gi oss et greitt svingemerke. Denne lyktene hadde vi i mange år etter jeg begynte å seile som los [kring 1920], og den ble senere avløst av en fyrlampe som vi etter mange henvendelser til fyrvesenet fikk oppsatt. Nå var ikke denne røde lykten bestemt for konkurrenten, og han var som oftest litt før «Kommandøren» innover Sogndalsfjorden, så lykten ble først satt på plass når «Kommandøren» var ventende.»

«Jotunheim» køyrde på land

«Men så en natt hadde «Jotunheim» forregnet seg på seilsen forbi Nordnes og kommet i skade for å svinge litt fortidlig i mørkret, og med det resulatat at den kjørte seg på land oppe i en vik straks utenfor pynten av Nordnes, og der stod den da «Kommandøren» senere kom peisende forbi. Den signaliserte til «Kommandøren» om hjelp til å bli trukket av, men denne enset ikke «Jotunheim» og hadde ingen barmhjertighet med den i dens fortvilede stilling, men bare fortsatte videre til Sogndal. Imdlertid var det voksende vann, noe som er alle havaristers store håp, og på flo sjø kom «Jotunheim» seg av grunnen og kunne fortsette. Det viste seg at sandfjøra oppe i viken hadde tatt bløtt og godt imot baugen til «Jotunheim», så denne var helt tett og fortsatte i sin rute.»

«Kommandøren» sin tur

«Men nå var det skjebnen som var ute etter «Kommandøren» idet denne ca. 14 dager etter var på vei inn Sogndalsfjorden. Mannen som hadde i oppdrag å passe den røde lykten, hadde denne gangen hatt lykten med seg hjem for pussing, og hadde hadde vært oppmerksom på at «Jotunheim» hadde passert og var innenfor i Sogndal. Da han så lysene til «Kommandøren» ute i fjorden, tendte han lykten og gav seg i vei til lyktestativet på Nordnespynten for å feste lykten på dette.»

«Nå ville ulykken at mannen var sterkt plaget av magesyke, og da han hadde ca. et par hundre meter igjen til der han skulle henge opp lykten, måtte han la naturen få sin sterkt krevende rett og satte seg med lykten sterkt lysende rødt framfor seg. Hadde han nå enda plassert lykten bak seg, så hadde alt vært i orden, men da «Kommandøren» var tvers av lykten svingte den til, utan å ane at lykten var på feil plass. Dermed bar det rett i fjøra med ham, og noenlunde på same plass som «Jotunheim» stod tidligere.»

«Jotunheim» kom til med hjelp

«Da «Jotunheim» senere kom på utgående fra Sogndal, var ikke de der om bord snauere på det enn at de bakket opp under akterenden på «Kommandøren» og fikk sleper om bord og trakk ham av. Det viste seg at han hadde vært like heldig som «Jotunheim» og truffet bløt og fin fjøre, så der var ingen skade skjedd der heller, og reisen kunne fortsette.»

«»konne no ikkje la det gao i broki»

«Så fikk lensmannen i oppdrag å etterforske denne fatale lykteplasseringen og kalte «lyktemannen» inn til forhør. Denne forklarte seg helt overensstemmende med sannheten om hvordan det hele hadde foregått. Da lensmannen bedreidet ham at han tross alt ikke hadde fortsatt helt fram til der lykten skulle stå, skulle mannen etter sigende ha svart ganske kjapt: «Du kan no vel skjyna da, mann, at eg konne no ikkje la det gao i broki helde lell.»

Merknad:

«Kommandøren» blei sett i rute sommaren 1891, og «Jotunheim» slutta ved årsskiftet 1891/1892. Dei to uhella må såleis ha hendt hausten 1891.

Fjøra like utom Nornespynten, staden der både «Jotunheim» og «Kommandøren» grunnstøytte hausten 1891.
Datering
2012
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Sogndal kommune. Formannskapet. Møtebok 1848-1861
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Sogndal kommune. Formannskapet. Korrespondanse og saksdokument 1854-1855
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-92014 Nordnes, Nils, N.
Kleppa, Hermund: D/S ”Patriot” Bergen-Sogn i 1854. I Kjelda nummer 3 1994. (Digital utgave)
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958 (Digital utgave)