Fru Christiani skreiv i slutten av juni 1911 brev til Olaus Dahle, Mundal Hotell, der ho spør om arbeidet med steinen er kome så langt at han er på plass til ho kjem i slutten av juli. Både konvolutten og brevpapiret har syrgjerand.

In late June, 1911, Frau Christiani wrote a letter to Olaus Dahle, Mundal Hotel, asking him if the work with the gravestone was going according to schedule, so it would be ready when she comes in late July. Both the envelope and the stationery have black borders.

Eigar
Fylkesarkivet/Hotell Mundal, privatarkiv SFF-87001.

Gravstein over tysk marineoffiser i Fjærland

Den 29. juli 1910 omkom ein tysk marineoffiser i Fjærland då han fall utfor fjellet på sørsida av Bøyadalen. Foreldra, herr og fru Christiani frå Berlin, kom til Fjærland i gravferda, og ordna seinare med at det kom opp ein minnestein på grava.

Innskrifta

Minnesteinen står på sørsida av kyrkja på den austre delen av kyrkjegarden. Emnet til steinen er truleg funne ein stad i Fjærland. Målaren Ivar Rusti, busett i Bergen, laga form til innskrifta.

På framsida står i tre vertikale liner under eit solkors-symbol:
WALTHER CHRISTIANI LEUTNANT ZUR SEE
WAS FREI UND GROSS AUF ERDEN HAT DIESES
HERZ GEKANNT

(På norsk: Namnet hans - marineløytnant. Det som er fritt og stort på jorda, kjende dette hjartet til.)

Under kranssymbol på baksida står: 
GEB 14 JAN 1886 GEST 29 JULI 1910
(På norsk: Fødselsdato og år, dødsdag og år.)

Image
Gravsteinen over marineløytnant Walther Christiani står på grava hans ved Fjærland kyrkje.

The gravestone commemorating the naval lieutenant Walther Christiani stands on his grave at the Fjærland church.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ulukka

I ei årrekkje var den tyske keisar Wilhelm II i Sogn med skipet sitt "Hoenzolleren" og mange krigsskip i fylgje. Dei var og inne i Fjærland. På ulukkesdagen 29. juli 1910 var nokre av mannskapet på land og gjekk på tur opp mot Flatbreen. Walther Christiani var saman med nokre andre oppe i ein botn på høgdedraget vest for Flatbreen mot Bøyadalen. Det var her han datt utfor og fall fleire hundre meter nedover.

Leitemannskapa tok seg opp frå Bøyadalen og fann den omkomne ille medfaren. Ulukka gjorde sterkt inntrykk i bygda. Det vart sagt seinare at aldri hadde det vore så mange med i noka gravferd.

Image
Utsikt frå Bøyadalen opp mot ulukkestaden. Fjelltoppen til høgre er Fremste Skeisnipa (1440 m o.h.), toppen til venstre er Tyskarnipa (1375 m o.h.). Walther Christiani datt utfor frå botnen mellom desse fjelltoppane og ramla fleire hundre meter nedover den stupbratte fjellsida.

View from the valley of Bøyadalen up towards the place of the accident. The mountain top to the right is 'Fremste Skeisnipa' (1440 m asl.), the top to the left is 'Tyskarnipa' (1375 m asl.). Walther Christiani fell down from the cirque between these two peaks, tumbling several hundred metres down the almost vertical mountainside.

Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stadnamn

Særskilde hendingar nedfeller seg stundom i nye stadnamn. Det skjedde også etter den fælslege ulukka i Fjærland. Staden han fall frå kallast Tyskarbotn og eit fjell austanfor heiter Tyskarnipa.

Far til den omkomne - kjend lækjar i Berlin

Far til den omkomne seiest å vera ein kjend lækjar i Berlin. Det har jamvel vore nemnt at han var borgarmeister i den tyske hovudstaden. Ikkje noko av dette er stadfesta. Derimot veit me at foreldra kom til Fjærland i gravferda, og at dei sytte for å få ordna med gravminne. På heimvegen var dei innom målaren Ivar Rusti i Bergen og ba han om å laga form til innskrifta, og i Fjærland hadde dei hotelleigar Olaus Dahle som hjelpesmann. Steinen kom på plass sommaren 1911 og fru Christiani planta dei fyrste blomane ved gravminnet i slutten av juli.


Sogningen. 05.08.1910.
Privatarkiv SFFf-87001 Mundal Hotel.
Opplysningar frå:
Anders J. Bøyum, Fjærland, Sogndal.