Minnesteinen på grava til Georg Distad på kyrkjegarden i Fjærland.

The memorial stone on Georg Distad's grave on the churchyard in Fjærland.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnestein over Georg Distad

På ein ovalforma naturstein på ei grav ved Fjærland kyrkje står denne innskrifta: GEORG DISTAD * F. 18-6-1915 * FALT I KAMPANE I * VALDRES 28-4-1940 * FOR FEDRELANDET * TAKK. Distad vart gravlagd i Valdres og familien sette opp gravstein. I 1942 vart den gravlagde flytta heim til Fjærland.

Georg Distad fall i Valdres

Georg Endreson Distad var fødd 18. juni 1915 i Balestrand. Saman med omlag 1000 frå Fjordane Regiment (IR 10) var han med i kampane mot dei tyske invasjonsstyrkane i Valdres. Han gjorde teneste som kusk i ei mitraljøsetropp då han fall 28. april i Bagn-området. Han vart truffen av ein granatsplint, og døydde straks etter. Kameratane måtte ta han med seg heilt opp til Vestre Slidre der han og fleire andre vart gravlagde på kyrkjegarden ved Aurdal kyrkje.

Image
Georg Distad, fødd 18.6.1915, fall i Valdres 28.4.1940.

Georg Distad, born 18 June,1915, killed in action in Valdres 28 April,1940.
Dating: Unknown.
Owner: In the book <i>Våre Falne</i>. Oslo 1948.
Photographer: Unknown.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I bokverket Våre Falne. Oslo 1948.

Image
Grava til Georg Distad på kyrkjegarden ved Aurdal kyrkje. Georg Distad vart gravlagd her i 1940 og det vart straks opp ein kross med namnet hans på grava. Seinare sette familien opp gravstein. I 1942 vart den døde og steinen på grava hans flytta heim til kyrkjegarden i Fjærland. Kring 1960 gravsteinen erstatta med den noverande.

Georg Distad's grave on the churchyard at Aurdal church. Georg Distad was buried there in 1940, and a cross with his name was at once put on his grave. Later on his family raised a gravestone. In 1942, the coffin and the gravestone were moved back home to the churchyard in Fjærland. In 1960, the old gravestone was replaced with the present stone.

Datering
1940.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Georg Distad.

Minneord i kommunestyret

Den 9. august 1940 var det kommunestyremøte i Balestrand. Ordførar Anders L. Gjerde opna dette møtet med ei sak utanom den oppsette saklista. Han ynskte å heidra to balestrendingar som hadde ofra livet for fedrelandet. I møteboka står skrive:

"Før møtet tok til med å handsama saklista tok ordføraren ordet, og i varme og indarlege ord heidra han minnet åt dei tvo mennene frå heradet, nemleg styrmann Ingvald Olsson Vangsnes og matros Georg Endreson Distad, som fall i krigen i Norge våren 1940. Ordføraren bar fram ei djupfølt takk til dei både for at dei sette inn og gav det kjæraste eit menneskje eig, livet. Møtelyden høyrde på minnetalen ståande.

Etter framlegg frå løytnant Hans J. Bale gjorde heradstyret samrøystes vedtak um at bilæte av dei 2 fallne vert å gjeva plass i heradstyret sin møtesal."
 

Det kom truleg ikkje opp bilete av dei to falne i kommunestyresalen. Knapt to månader seinare innførde rikskommissær Josef Terboven si eiga heilt udemokratiske og nazi-kontrollerte kommunestyring. Etter dette kom det sjølvsagt ikkje på tale å hengja opp bilete i kommunestyresalar av nordmenn som ofra livet i kampane mot dei tyske okkupantane.

17. mai 1945

«Dette var ein av Norig sine største dagar. Etter 5 års krig med tvang og terror atter [å få] feira fridomsdagen..» I Fjærland gjekk folk i tog frå Mundal og Sjurgarden til kyrkja. «Det var det største tog som hev vore i bygdi og kyrkja var fylt til siste plass,» skreiv signaturen A.S. i referatboka til Fjærland kristelege ungdomslag. Vi får og høyra om markering ved grava til Georg Distad:

«Etterpå samlast alle på kyrkjegarden ved grava åt Georg Distad. (..) Ordførar A.J. Bøyum heldt der ein tale for dei faldne og sa m.a. at minni um dei faldne skulde mana oss og ofra alt i framtida.»

Grava flytta heim til Fjærland

Familien hadde sut for grava til Georg på kyrkjegarden i Valdres. Dei sette nokså snart opp eit gravminne, ein sementstein med innfelt namneplate, men hadde samstundes eit sterkt ynskje om å få flytta grava heim til Fjærland. I februar 1942 reiste tre nære slektningar, brørne Einar og Hans, og syskinbarnet Ivar Bøyum, av stad for å få ordna med flytting. Det tok litt tid, men etter nokre dagar fekk dei med seg kista og gravsteinen på ein lastebil til Lærdal. Derifrå fylgde dei Fylkesbaatane til Fjærland. Fylkesbaatane synte på sitt vis ære og respekt for fylgjet. Dei kravde ikkje frakt denne gongen.

Image
I 1995 vart det reist ei minnestøtte i Aurdal til minne om falne i og frå Aurdal. Det er Hans Distad, bror til Georg som står ved minnestøtta. Utanom Georg Distad står namna på fire andre frå Sogn og Fjordane: Per G. Faleide, Innvik, Olav N. Hjelle, Nordfjordeid, Aksel Midtkandal, Gloppen og Halvdan O. F. Sæla, Naustdal.

In 1995, a memorial stone was raised in Aurdal to commemorate those who were killed in action there. It is Hans Distad, Georg's brother, who is standing by the memorial. In addition to the name of Georg Distad, we see the names of four others from the county of Sogn og Fjordane: Per G. Faleide, Innvik, Olav N. Hjelle, Nordfjordeid, Aksel Midtkandal, Gloppen and Halvdan O. F. Sæla, Naustdal.

Datering
1995.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Georg Distad.

Gravsteinen skifta ut

Gravsteinen frå grava i Valdres stod til kring 1960. Då vart han erstatta med ein ny fordi vyrket var i ferd med å smuldra opp. Det var Erik Distad, brorson til Georg, då busett i Bergen, og Gunhild, systera til Georg og mannen hennar, busett på Hordnes i Fana, som valde ut ein stein i fjøra ved Korssund i nærleiken av Haakonsvern.

Markering ved grava 17. mai

Sidan 1990 har det kvar 17. mai vore markering ved grava til Georg Distad, den einaste krigsgrava i Fjærland. Det blir lagt ned blomar og sagt minneord.


Våre falne. Oslo 1948.
Aas, Sverre: "Sogningane rykkjer fram". I Årbok for Sogn. Nr. 32, Sogndal 1986.

Balestrand kommune, formannskapsarkivet:
Møtebok 1940 - 1948
Informasjon frå:
Erik Distad, Sogndal kommune.
Privatarkiv: Fjærland kr. ungdomslag, referatbok 1944-1971