Kyrkja står på same staden som den gamle stavkyrkja. Kyrkjestaden er ein flat terrasse på vestsida av dalen.

The church stands on the same site as the old stave church. The church site is a terrace on the west side of the valley.

Datering
2002.
Fotograf
Fotgraf: Grunde Engan.
Eigar
Sognafoto.

Stedje kyrkje

Stedje kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på øvre Stedje i Sogndal kommune. Kyrkja, som har 600 sitjeplassar, vart vigsla 17. desember 1867 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Eilert Christian Brodtkorp Christie laga teikningane. Stedje kyrkje er soknekyrkje for Stedje sokn og hovudkyrkje i Sogndal prestegjeld.

Gammal kyrkjestad

Sjølvaste Heilag-Olav skal ha stått her og blinka ut staden der kyrkja skulle stå. Runesteinen på Stedje er berre eitt av vitnemåla om at Stedje er ein av dei eldste kyrkjestadene i Sogn. I mellomalderen var kyrkja den største i Sogndal, og ho hadde status som hovudkyrkje eller fylkeskyrkje. Fyrste gongen ein finn henne omtala er i Sverre-soga i samband med at Sverre straffa sogndølene i 1184. Kyrkja stod på same staden som Stedje kyrkje står i dag. Kyrkjestaden er ein flat terrasse på vestsida av dalen.

Dagens kyrkje på Stedje vart reist i den store byggjeperioden her i landet i andre halvdelen av 1800-talet. Ho er ei av dei mest monumentale kyrkjene her i fylket. Den treskipa kyrkja er tydeleg inspirert av stavkyrkjestilen. Når ein stig inn i kyrkjerommet er glasmosaikken i dei indre veggene øvst i koret det mest iaugefallande. Vindauga vart sette inn i 1943, i samband med ei større restaurering som gjekk føre seg fram mot 1950. Vindauga mot nord og sør viser dei fire evangelistane, medan vindauget i austveggen viser krossfestinga, Maria og Johannes. Både desse bileta og glasmosaikken i sakristia er signert atelier J. Rognaldsen, Bergen. Alle bileta er sette saman av tre felt i breidda og avslutta med kløverbladforma øvst.

Koret har vegger høgt oppe, det er bygt med eit midtrom slik som kyrkjeskipet. I koret er midtskipet bore oppe av åtte søyler, og med bratte skråvegger ut mot sidene til den låge veggrekkja. Dei høge indre veggene er markert med brystning under vindauga. I sjølve kyrkjerommet er midtskipet skilt frå sideskipa med seks søyler. Oppe langs veggene er der vindauge med småruta farga glas i blyinnfatning.

Prefabrikert Christie-kyrkje

Kommunestyret i Sogndal hadde bestemt at det skulle reisast ei kyrkje i åttekant-form på Stedje til erstatning for stavkyrkja. Oppdragsgjevaren sette ein frist, og då byggmeister og kyrkjeteiknar Johannes A. Øvsthus ikkje klarte å halde den, vart han fråteken oppgåva. Etter råd frå sokneprest Dahl i Lærdal vart det sendt førespurnad til arkitekt Christie i Christiania. Han tok på seg oppdraget.

No skulle den gamle, vesle stavkyrkja erstattast med ei som kunne romme mange. Arkitekten og kommunestyret kom fram til at den nye kyrkja skulle ha 700 sitjeplassar og ha same form som den planlagde Borgund kyrkje i Lærdal. Christie både teikna og ordna med at kyrkja vart prefabrikert i hovudstaden. Materialane vart lasta på skuter som kom til Sogn sommaren 1867. I alt kom fem skuter med materialar til både Sogndal, Borgund og Årdal. Etter berre nokre få månader stod den nye, store kyrkja på Stedje ferdig.

Om lag 3000 menneske deltok i den høgtidlege vigslinga den 17. desember 1867. No hadde dei fått ei mykje romslegare, lysare og høgreist kyrkje enn den førre. Men for mange var det ei hending med sterkt islett av sorg. Den gamle stavkyrkja vart i all hovudsak riven fordi soknet trong ny kyrkje, ikkje fordi ho stod til nedfalls. Særleg dei eldre i bygda meinte det ville vore meir på sin plass å utvide gamle-kyrkja.

Image
Stedje kyrkje, teikna av arkitekt Christie, er ei uvanleg staseleg kyrkje. Ho har fleire fellestrekk med dei gamle stavkyrkjene.

Stedje church, designed by architect Christie, is an unusually elegant church. It has many similar features with the old stave churches.

Datering
2003.
Fotograf
Sigrid Svaretfoss.
Eigar
Sigrid Svartefoss.

Image
Her er i alt tre kyrkjeklokker. Den største er frå før 1400, og er ei av dei største i landet, på heile 1100 kg, 76 cm høg og diameter 94 cm. Klokka er pryda med bilete av Maria med Jesusbarnet, og har innskrift på latin. Den minste klokka er frå 1584, utan innskrift. Den mellomstore klokka frå 1832, har innskrift som fortel kven som har kosta henne og kvar ho er støypt. Det er den sistnemnde som er på biletet.

There are three church bells in all. The biggest bell dates from before 1400, and it is one of the biggest in the country, weighing as much as 1100 kilos, measuring 76 centimetres in height and with a diameter of 94 centimetres. The bell is decorated with a picture of Mary and the Infant, and has an inscription in Latin. The smallest bell dates from 1584, without any inscription. The picture shows the medium-sized bell dates from 1832, and this has an inscription which tells us who has paid for the bell and where it as cast.
Dating: 1999.
Owner: Sogndal kyrkjekontor.
Photographer: Unknown.

Datering
1999.
Fotograf
Fotgraf: Ukjend.
Eigar
Sogndal kyrkjekontor.

Orgel i 1911

Stedje kyrkje kosta 6634 spd., ei overskriding på nesten 2000 spd. For å klare dei faste avdraga, vart kvar gard pålagd ein ekstra kyrkjeskatt, medan husmenn og strandsitjarar fekk ein litt mindre del. Glaserte takheller frå Nederland var ein av budsjettpostane som medførte ekstrautgifter.

I 1899 fekk kyrkja vedomnar, og eit tiår seinare vart galleriet bygt ut for å gi plass til det nye orgelet som bygdefolket hadde samla inn pengar til. Det vart teke i bruk i 1911. Etter ei tid vart det sett inn dører på sidene, og der kom ei skikkeleg trapp opp til galleriet. I 1929 fekk kyrkja elektrisk lys og ny lysekrone i koret. På same tida vart bygget kledd innvendig og måla, og det vart sett inn doble vindauge av farga småruter. Alt dette førte til at kyrkja vart lunare og trivelegare.

I samband med jubileumsåret i 1967 vart det igjen utført eit stort oppussingsarbeid innvendig. Då vart også den gamle døypefonten i kleberstein teken i bruk att.

Kunst og inventar

På alteret står to høge lysestakar med tre kuleføter i messing frå 1619. Dei har innskrift som fortel at sokneprest Peder Pedersen Skütte og kona, Anna Nielsdatter, gav desse til Stedje kyrkje. Skütte var sokneprest i Sogndal 1610-1637. I tillegg kjem to låge lysestakar i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk i sølv frå 1680, med innskrift; ein disk i sølv, truleg frå før 1700; og ei brødøskje og ei vinmugge i svart keramikk.

Image
Kyrkja hadde frå 1867 ein Kristus-figur, laga av bilethoggaren Brynjulv Bergslien frå Voss, men alt i 1890 vart det gjort vedtak om å skaffe altertavle. Krusifikset heng no på den nordlege søyla i kyrkjekoret. Altertavla frå 1891, er ein kopi av Carl Bloch (1834-90) sitt måleri "Christus Conselator". Innskrifta viser til det med sitat frå Matt. 11,28: "Kommer hid til mig alle som arbeider og ere besværede." Ein trur at det anten er Cecilie Dahl (1858- 1943) eller Christen Brun som har laga denne kopien. Ramma har to store søyler. Når ein samanliknar tavlene i Sogndal, Eid og Naustdal, som er kopiar av same bilete, gir dei tre ulike rammene ulikt inntrykk av biletet.

From 1867 the church had a Christ figure, made by the sculptor Brynjulv Bergslien from Voss, but as early as 1890, a decision was made to get an altarpiece. The crucifix now hangs on the northern column in the chancel. The altarpiece from 1891 is a copy of the painting 'Christus Conselator' by Carl Bloch (1834-90). The inscription refers to this with the quote from Matthew 11,28: 'Come unto me, all ye that labour and are heavy laden, and I will give you rest'. It is believed that it is either Cecilie Dahl (1858- 1943) or Christen Brun who has made the copy. The frame has two columns. When you compare the three altarpieces of Sogndal, Eid and Naustdal, which are all copies of the same painting, the different frames make for a different impression of the picture.

Datering
1999.
Fotograf
Fotgraf: Ukjend.
Eigar
Sogndal kyrkjekontor.

Den firkanta døypefonten frå mellomalderen er i kleberstein. Dåpsfatet og dåpsmugga er i messing. Måleriet "Jesus og borna" frå 1979, er laga av H. Brusdal, og heng på nordveggen i koret. Lysekrona i messing er frå 1672. Orgelet frå 1967 har 30 stemmer, og er bygt av Vestlandske Orgelfabrikk.

 


Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.