Fiskebåten SF 310 SU er registrert med hjemhavn i Færøyvik, Solund kommune
Fotograf
Oscar Sophus Sund

Bernhard Færøyvik - nybrotsmann i båthistorie

Bernhard Færøyvik frå Solund var ein av våre fremste båthistorikarar. Han var både føregangsmann og rettleiar når det gjaldt å teikne ned og synleggjere den eldste båtkulturen og sjøbruket i kystbygdene.

Rik erfaringsbakgrunn

Bernhard Andreas Færøyvik (1886-1950) voks opp på garden Færøyvik i Nord-Solund. Barndomsheimen baud på allsidig aktivitet på land og i båtane for dei åtte borna. Endå garden var av dei største i Solund, var fisket hovudnæringa. Bernhard hadde jamvel delteke i storsildfisket då han tok artium på Hambro skole i Bergen 1909.

Faren tykte realfagstudiet vart for dyrt, og Bernhard gjekk over på eitt-årig lærarskule i Volda. Etterpå vart han lærar i den høgre allmennskulen, først i Volda, så i Bergen. Men han gjekk også krigsskulen lægre avdeling, stod nøytralitetsvakt under begge verdskrigane, sat ei tid krigsfange under andre verdskrigen og vart kommandant på Fjell festning under frigjeringsdagane 1945.

Bernhard Færøyvik kom til å bu i Bergen med familien sin det meste av livet, men sjølv var han mykje ute på granskingsferder. Alt han skreiv vitnar om at han var ein ihuga nynorskmann og ein sikker, ordhag stilist.

Bernhard Færøyvik came to live in Bergen with his family most of his life, but he was away a great deal on research travels. His writings give evidence of a keen advocate of "nynorsk" (new Norwegian based on dialects) and a confident, prolific author.

Datering
1932.
Fotograf
Øystein Færøyvik.
Eigar
I Vestlandsbåtar.

Fann si livsoppgåve

I Færøyvik si ungdomstid hadde motoralderen slege igjennom blant fiskarane, og båtar bygde for årar og segl vart borte. Han såg at det hasta med å teikne ned minna etter kystkulturen, og det å granske den norske båt- og sjøbrukskulturen vart ei livsoppgåve for han. Han talte sterkt for at musea måtte ta hand om bygdefarkostar og sjøbruksminne. Sjølv tok han i veg med oppmåling og konstruksjonsteikning av gamle båtar, jekter og reiskapar til båtbygging.

Mange vitskapsfolk vart fanga av ideane hans og støtta han på ulik vis. Frå 1925 fekk han årleg ymse stipend frå forskings- og vitskapsinstitusjonar, og seinare løyving frå Stortinget slik at han kunne ta seg meir fri frå skulen og drive granskingsarbeid.

Verdfulle museumstilskot

I 1947 vart Færøyvik konservator ved Norske Museers Landsforbund, avdeling sjøbruk. Ved sida av granskingsarbeidet var han òg rådgjevar for mange museum i spørsmål om innsamling av sjøbruksminne og hjelpte til med å skipe det som i dag heiter Hordamuseet. Han hadde også nært samarbeid med Norsk Folkemuseum på Bygdøy og dit sende han båtar av alle slag han kom over på ferdene sine. Dei vart seinare overtekne av Norsk Sjøfartsmuseum, der fleire står utstilte. Modellar etter oppteikningane kom etter kvart til å finnast i fleire museum kring i landet. Mellom anna har Bergen Sjøfartsmuseum ei fin samling modellar av båtar og jekter på kysten frå Bergen til Nordland.

Omfattande tilfang til båthistoria

Færøyvik studerte også båttypar i Sverige, Finland og på Vesterhavsøyane. I 1950 var han på ei granskingsferd til Shetland. Same året vart han brått riven bort frå arbeidet han stod midt oppe i. Han etterlet seg litt av eit tilfang om norsk fartysoge. Tre avhandlingar tenkte til eit større verk, låg uprenta. Ikkje mindre enn 56 notatbøker fulle av skisser og oppteikningar av båtar, 350 teikningar av store og små farty, over 1000 bilete berre for å nemne litt av materialet. Kona hans, Aletta, som òg var lærar, var ein trugen medarbeidar i granskingsarbeidet. Ho tok seg av den omfattande samlinga han etterlet seg, ordna og la til rette i "Bernhard Færøyviks samlingar".

Nordfjordfæringen var svært utbreidd og omtykt som bruksbåt i Solund. Færøyvik skriv at båtbyggjaren Rasmus O. Rauset frå Gloppen kring 1875 for med tre færingar til Steinsund i Solund. Båtane var samanbundne med stenger. Det var nære på at det hadde gått heilt gale sør for Alden då han fekk storvêret på seg.

The Nordfjord rowboat was very popular and well liked for daily use in Solund. Bernhard Færøyvik writes that the boat-builder Rasmus O. Rauset from Gloppen around 1875 took off with three rowboats for delivery in Steinsund in Solund. The boats were tied together with poles. The trip very nearly ended in disaster when he was surprised by stormy weather south of Alden.

Datering
1943.
Fotograf
Teiknar: Bernhard Færøyvik.
Eigar
I Vestlandsbåtar.

Formidla kunnskapen til andre

Fiskarar og sogeskrivarar på vestlandskysten har henta mykje kunnskap or den første "Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1939". Færøyvik redigerte denne boka og skreiv sjølv bolken om båtane dei brukte i fisket. I aviser og tidsskrift kunne folk gle seg over ein omfattande produksjon av utgreiingar og artiklar om ulike båtar langs heile kysten, inngåande fagarbeid som spenner frå norrøn tid og fram til motoralderen. Det er med grunnlag i dette materialet at sonen, Øystein Færøyvik - etter at Bernhard var borte - skreiv boka "Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring" som er femte bandet i bokverket Norske båtar.