Den restaurerte kverna i Furevika. Kverna er nemnd alt midt på 1700-talet. T.h. under kvernhuset skimtar me kvernkallen, t.v. inngangen til grua med turkehelle. Kverna var i bruk til noko etter krigen. Jamvel i krigsåra då tyskarane "plomberte" kverna med forbod om å male korn, var ho i bruk. Eigaren såg ikkje på det som noko stort lovbrot.

The restored mill at Furevika. This mill was referred to as early as around 1750. To the right there is a glimpse of the water wheel, to the left the entrance to the fireplace and the stone slab. The mill was in use until some time after the Second World War. Even during the war, when the Germans sealed the mill and banned the milling of grain, it was in use. The owner did not regard this as much of an offence.

Datering
2001.
Fotograf
Anne Grethe Furrevik.
Eigar
Anne Grethe Furrevik.

Gardskvernar i Solund

Få tenkjer på korndyrking når dei møter Solund-naturen. Men det skal ikkje store bekken til før her er synlege spor etter kverndrift. Skiftedokument fortel at langt over 20 gardskvernar må ha vore i sving.

Best å vere sjølvhjelpt

Ynsket om å vere sjølvhjelpt, saman med gleda over å sjå eige vasshjul i drift, kan ha lege bak når det vart oppsett så mange gardskverner her ute. Dessutan var dei fleste vatna så små at det knapt vart vassmengd meir enn til denne eine haustmalinga.
Så sant det let seg gjere å demme opp nok vatn til male "årsens grøde", kom fundament, kjær og slåk (vassrenne) på plass i elva. Eit lite kvernhus måtte til, men berre få gardar kunne hente vyrke til slikt frå eigen skog. Då var det snarare dei som hadde brukande rekved liggjande, og kanskje utskifta båtbord.

Små og talrike åkrar

Det har hittil ikkje vore undersøkt kvar kvernsteinane kan vere komne frå. Storleiken ymsa også mykje. Ved eit par tilfelle skal dei ha hente kvernstein i Gulen. Me veit det var kvernsteinbrot både i Hyllestad og på Losna. Men når dei først skulle setje segl og hente heim så tung ei bør, var ikkje alltid kortaste vegen avgjerande. Viktigare var leier med stødig seglvind.
På dei låge øyane vest for Straumsfjorden vart det ikkje dyrka korn. Lenger inne var djupare jord og betre livd. Åkrane var små og kunne vere mange i talet, alle med eigne namn. Ei tilflytta bremangerkone kalla åkrane her "forklebøter".

Havre mest brukt

I gards- og ættesoga ser me at det dei sådde, var poteter og havre. Havren voks villig og fylte særs viktige behov i hushaldet. Sakte prøvde dei med andre kornsortar også, år om anna, som bygg og kveite.
Ein bra kornplass skulle vere Oddekalv. Like attved ligg jordfattige Storøy. Endåtil her dyrka dei korn, og av tyngste kvalitet, vart det fortalt. Desse øyane ligg med ryggen i storhavet. Sørvende Kråkevåg var som venta godt kornland. Men kven skulle tru at dei på vesle Lending sådde 1 ¼ tynne og hausta 7! Det skulle vere med det høgste follet her ute.

Image
Tre vatn etter kvarandre i utmarka ovanfor Furevik-garden sytte for god vassføring, dei kunne male i dagevis utan at det skorta på vatnet. Kvernkallen på biletet dreiv i nyare tid ei gardssag.

Three lakes in succession in the outlying field above the Furevik farm, provided plenty of water, and it was possible to mill for days without risking a water shortage. The water wheel in the picture drove a farm sawmill later on.

Datering
2001.
Fotograf
Anne Grethe Furrevik.
Eigar
Anne Grethe Furrevik.

Verdiauke med kvern

På 17- og 18-hundretalet er kvernane nemnde i skifta. Reint pussig vert det når ei kvern på borgarsetet Buskøy er nemnd fleire gonger utan at ho visstnok kan ha eksistert! Seinare kan kvernane ha vore ute av drift og verdet knapt påreknande. Då korndyrkinga i Solund tok slutt i etter siste krigsåra, hadde dei fleste kvernsteinane lege i elva eit par generasjonar.
Det var kvernane i Furevika og på Lia som hadde best og jamnast vassføring, og dit kom folk roande med kornsekkene sine og mol når dei kunne. Furevik-kverna var størst og denne var i drift til etter krigen. På Losna stod minst to kvernar i same elva.

Image
Kring 1990 kom desse svære kvernsteinane i drift på Kvernhusvika i Stokkevåg, men her har truleg vore kvern før. Det vart fortalt at eigaren lånte båt i Steinsund når han var i Gulen og henta kvernsteinane, men det var ein mann frå Nesøy som stod for oppføringa av kverna. På denne kvernplassen vart utført mykje solid steinarbeid.

Around 1990, these big millstones were put into use at Kvernhusvika at Stokkevåg, but probably a mill had been there before. It has been said that the owner borrowed a boat at Steinsund when he was in Gulen and picked up the millstones there, but that it was a man from Nesøy who was in charge of the construction of the mill. At this mill site much good stonework was done.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Image
Ved Kvernhuselva i Bjørnefjorden ligg denne svære steinen. Her kan orda ha falle tungt sidan ein liten skalk er slått av under transporten til elva. Mykje oppdemming måtte til, men anten har her vore to kvernhus, eller så er kverna flytta for betre utnytting av vatnet.

At the Kvernhuselva (river)in the Bjørnefjorden, this big stone can be found. Swearwords could well have been uttered, since a slice was broken off during the transport to the river. A lot of water was required, but either there were two mills here, or the mill was moved for better utilization of the water.

Datering
2000.
Fotograf
Stig Steinsund.
Eigar
Stig Steinsund.

God turking gav fint mjøl

Å få kornet godt turka før malinga, var ikkje liketil alle stader. På somme gardar finst enno steinhella dei mura inn ved eldhusgrua, og slik laga seg turkehelle. Berre om kornet var godt turt, vart det fint mjøl. Om ikkje, la det seg på kvernsteinane og klumpa seg.
I Furevika hadde dei bygt eit todelt, romsleg kvernhus i rundtømmer frå eigen skog. I eine rommet var grue og stor turkehelle, dermed kunne både gardsfolk og tilreisande fare heim med godt resultat.
Med eitt unntak er det i dag berre steinmurar og stadnamn som fortel om at det ein gong lyddest kverndur i avgøymde vikar og sund.


Steinsøy, Alf: Solund. Gards- og ættesoge.Bind 1 og 2. Solund 1982.
Furrevik, Anne Grethe: Gardskverna i Furrevik. I avisa Ytre Sogn. 17.07.1993. Høyanger.