Kobbeskjul frå Ytre Selvika i Bjørnefjorden. Inni her var bra romsleg for skyttaren, og i bakkant løynd veg til andre utkiksplassar. Ly for vind og muskeregn kom og vel med i den lange ventetida.

Hiding place at Ytre Selvika in the Bjørnefjorden. In this hole, there was enough room for the hunter, and in the back a hidden path to other lookout places. The cover against wind and rain was welcome during the long wait.

Datering
2001.
Fotograf
Magne Hamre.
Eigar
Magne Hamre.

Kobbeskjul - gøymestader i strandkanten

Mange stader langs kysten har det føregått kobbefangst frå land. Ei lun vik med skjer og nakkar nær stranda var eit godt utgangspunkt for kobbeskyttaren. Men kobben er vár, og eit vern eller skjul som skyttaren kunne løyne seg bak, var nødvendig.

Stadnamn fortel om fangst

I Solund er mange slike minne etter kobbefangst, og berre på Steinsundgarden har tre av fangstplassane avsett stadnamn: Kobbesteinsvika, og ytre og indre Selvika.
Ein slik kobbegard er lødd opp av berestein i såpass høgd at ein vaksen med skytevåpen kunne liggje i løynd attom og følgje kobben til han kom på skothald.

Ved matfat til kobben

Ein skal helst ha auga med seg om ein ser etter kobbegardar eller kobbeskjul. For det første har det gått fleire generasjonar sidan dei var i bruk. For det andre er dei delvis nedtekne så ikkje husdyr skal gå seg faste der. Vintersdagen kunne dei verte ei lei snøfelle for utegangssauen.

Vikane det er tale om, var gode garn- og kasteplassar etter sommarsild og makrell, og sjøauren gjekk stadig innpå her. Det var såleis både matfat og sikkert også yngleplass for kobben. Fangstmannen kunne la robåten liggje i nærleiken klar til bruk om lukka slo til.

Kobbeskjul på Kobbesteinsvika, Storevika i Liasundet. Her hadde fangstmannen det trongt. Ikkje kunne han komme herfrå usedd heller. Betre då på andre sida av vika der han kunne spankulere bak svære steinblokker.

Hiding place at Kobbesteinsvika, Storevika in the Liasundet (Norwegian "vik" means bay). Here the hunter was cramped and he could not get out unseen. The other side of the bay was better since he could walk freely behind huge rocks there.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Valde vikar etter vinddraget

På fleire av vikane kunne skyttaren operere frå begge sider, alt etter ver og vinddrag. Han føretrekte nok å vakte bak storstein og flyttblokker, slik somme kobbevikar gav høve til. I dei tronge kobbeskjula derimot, var det så lite plass at det må ha vore ei påkjenning å halde ut. Skyttaren kunne knapt flytte børsepipa, enn seie strekkje på føtene.

Vikane låg avsides og var trygge område for kobben. Berre ein og annan som såg etter sild, eller sette garn, kunne skiple freden. Kom her så eit lite sildesteng, skapte det snarare interesse enn frykt hos kobben.

Eldre enn geværet?

At det i våre eldste lovverk er nedfelt reglar til vern for sel-veide, fortel om at fangstplassane var eit gode for eigedommen, eit ledd i naturalhushaldet. Jamvel om selfangst på vikane i Solund sikkert går langt attende, vart truleg kobbeskjula i første rekkje laga for fangstfolk som brukte gevær. Avstanden kan synast noko stor til å nytte den gamle fangstmetoden med harpun. Men det kunne la seg gjere der kobben låg på land. Ein særs gammal fangstmetode er bruk av kobbegarn frå båt, heller ikkje då trongst steinskjul på stranda. Derimot var dei nødvendige for ein jeger med børse.

Utsyn frå kobbeskjulet i Kobbesteinsvika, mot Storevika. Her var både spiskammers og fri tumleplass for kobben, og godt om flate steinar å ta seg ein strekk på. Vika var elles ein glimrande garnplass for sild, makrell og sjøaure.

View from the hiding place at Kobbesteinsvika, toward Storevika. This was a food chamber as well as a playground for the seal, and plenty of flat stones to rest on. This bay was also an excellent place for herring, mackerel, and sea trout nets.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Impregnering for hus og båtar

I kva grad kobbe har vore rekna som verdfullt næringstilskot, veit me lite om. Kjøtet vart brukt, men hadde neppe høg status. Tran og lyse frå selspekket derimot smurde dei både på husvegger og båtar. Lêr vart tett og mjukt og lunnane såpeglatte av ein omgang frå lysetønna. I årestover brann koler og tranlamper på lyse av selspekk. Selskinnet kunne nyttast på fleire vis, særleg til klede.

Nærast våre dagar var nok kobbefangsten meir ei spennande avveksling frå det tidvis monotone arbeidet på garden. Smaksendringa gjorde etterkvart at knapt nok skyttaren lovprisa kjøtet.

  • Vollan, Odd: Fangst og fiske. Ålesund 1985.
  • Steinsund, Hans. 1999.