Sommar og slåttonn i Rånøy kring 1935. Frå høgre ser me løa og fjøsen, med ei tilbygd sval for lam og sauer. Eldhuset med gråsteinsgrue og det velinnreidde stabburet var nødvendige for den daglege drifta. Det store bustadhuset vart påbygt og fekk denne vakre forma i 1874. I naustet stod notbåtar og færingar som ikkje var i dagleg bruk. Sjøbua, der ein salta og tok vare på fisk og sild, vender gavlen mot hamna. På skjåen (påbygd seinare) låg nøtene og her vølte dei notbruk og teiner. Skøyta, og notbåtane med nøter i bunken, ligg parat til bruk på kortaste varsel.

Summer and haymaking at Rånøy around 1935. From the right the barn and the cowshed can be seen, with a shed for lambs and sheep. The "eldhus" (used for baking and washing) with a granite fireplace and the well furnished "stabbur" (used for storage of food), were essential in their daily life. The big residential house was extended and was given this beautiful architecture in 1874. In the boathouse were seine boats and rowboats which were not used every day. The sea warehouse, where herring and other fish were salted and stored, has the gable wall facing the harbour. In the warehouse (later extended), the seines and the pots were kept and repaired. The vessel, and the seine boats with seines on board, are ready for action at a moment's notice.

Datering
Ca. 1935.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Kombinasjonsdrift, nødvendig i Solund-samfunnet

Å hauste både frå sjø og land var heilt nødvendig for å leve opp i øysamfunnet lengst vest. Kronene kom nok raskare med fisket, men det var også det som oftast slo feil.

Gardsbruket hefte minst i vest

Så oppdelt som Solund er, var det berre naturleg å hente livsgrunnlaget både frå sjø og land. Frå aralds tid har sildevågar og fiskegrunnar vore vakta og utnytta, samtidig var det heilt nødvendig å ha det vesle småbruket i ryggen. På dei vesle, flate øyane lengst ute låg det an til nokså små jordlappar, men med overraskande mange dyr på båsen. På dei større øyane innover var vidare beiteområde, meir samanhengande slåtteteigar, og betre tilhøve for åkerbruk. Der folk hadde slått seg ned, var bra hamnetilhøve og livd for mindre farty. Fisk var det over alt, men både utval, storleik og mengd auka vestover.

Garden batt folk opp

Kombinasjonsdrifta førekom i ulik grad, avhengig av t.d. økonomisk evne, geografisk orientering, kva naturen i nærleiken kunne by på. Medan folk lengst ute hadde kort veg til gode fiskeplassar og henta det meste av levemåten med segl og årer, spela småbruket ei større rolle lenger inne. Men samtidig vart gardsfolka meir oppbunde med jordene, kom mindre på sjøen og laut vere fleire for å nå over alt.
Gjennomsnittstalet på kyr kunne vel vere mykje likt frå vest til aust. Gjennom vinteren og våren var kvinnene stadig på farten med lyngsigden. I vest kunne dei lettare nå i og supplere med næringsrik vårtare.

Breitt arbeidsspekter

Svært mange av eigedommane i Solund hadde årvisse innsig av sild og makrell, og å røkte kastevågane hadde prioritet høgt over onnearbeidet. Jamvel turrhøy og kornband fekk vente.

I sommarhalvåret låg notbåtar ved sjøhuset klar for å kaste sild eller makrell på kortaste varsel. Trena augo følgde den minste åte og tolka kvart teikn frå måse og terne.

Viktig var det òg å passe laksenøtene. Dei gjekk på omgang mellom grannane. Ungar og bestefedrar dorga eller drog garn så det ikkje vanta kokefisk. Ein linestump måtte ut straks det var tilgang på agn. Kring matbordet sat nemleg langt fleire enn i vår tid.

Image
Både hummar- og krabbefisket kunne gje eit kjærkomme tilskot til inntekta. Agn til krabbeteinene var pale som dei fiska med dorg og påtetroer (bambustroer) ute på fluene. Her er det Karl og Jakob Storøy som dreg krabbeteiner. 20 krabbar på teina var godt fiske.

The lobster and crab fishing could both give a welcome income supplement. Bait for the crab pots was young coalfish which they caught by troll and bamboo rods. Here Karl and Jakob Storøy are hauling crab pots. 20 crabs in a pot was considered a good catch.

Datering
Kring 1950.
Fotograf
Arnold Storøy.
Eigar
Astrid Storøy / Fylkesarkivet, SFFf-88161.0045

Kvinnene tok kommandoen vinterstid

Nærmare jul måtte storsildnøtene vere ferdig bøtte og omsedde. Rogavlen måtte på sjøen så han trutna. Det var gudbetre meir enn jobb nok å halde han lens for væta ovanfrå! Losjementet, dvs. skøyta som bas og nothund budde i under vintersildfisket, var lett brukt elles i året. No måtte dekket, iallfall over køyene, vere tett. Maskina måtte fungere også når det røynte på. Mange hadde kosta seg motorgavl, somme jamvel dekka. I lugaren kunne vere plass til 4-5 av notlaget. Frå romjula av måtte dei helst vere på plass der dei venta at silda skulle ta land. Kvinnene overtok kommandoen heime.

Meir arbeid, men tryggare

Med slik breidde i aktiviteten laut dei vere godt hjelpa. Somme såg seg råd å halde ein dreng eller to, og tenestjente i periodar. På andre gardar var kanskje større familiar og arbeidskraft nok. Den lange markavegen på sjø og land for kvinner med mjølkeholken, røynte på. Kvinnene fekk også ta sin rikelege del av slåtten, særleg der mannfolka var ute med sommarnøtene. Tidleg på hausten var dei i gang med vadvottar og vinterklede til mann og fiskarsøner.

Om denne allsidige driftsmåten var arbeidskrevjande, var føremonene innlysande: slo det feil på eitt felt, sleit dei seg igjennom det likevel, utan å måtte gå frå gard og grunn.


Steinsøy, Alf:Solund. Gards- og ættesoge,bind 1 og 2, Solund 1982.